Fekk kjenne på forskarpulsen

Tekst: Steinarr Sommerset

- Oppdatert

På fem minutt skal du forklare eit forskingsprosjekt. Korleis går du fram? Intensiteten var høg då lærarstudentane tok utfordringa.

– Ok, no byrjar showet!

Førsteamanuensis Ingeborg Lid Berget startar klokka på tre digre skjermar. Det lyse, romslege lokalet er velfylt av lærarstudentar med ein annleis dag framfor seg. Tolv av dei står no ved kvar sin forskingsposter, trekkjer pusten og skjerpar blikket.

Gjennom vinteren har dei jobba med sitt eige teoretiske forskingsprosjekt. No skal dei formidle det på fem små minutt til medstudentar, som stiller med kritisk blikk og evalueringsskjema. Morgonen forvandlar seg snart til eit mylder av samtidige presentasjonar.

– Gå eitt hakk til høgre, de som lytta, og så gjer vi oss klare for andre runde, kjem det raskt over høgtalaren idet dei første presentatørane kan puste ut litt.

Før dei skal i elden med nytt publikum, blir det utveksla både smil, tommel opp og lettare-sjokk-grimase.

Simulerer ein forskarkonferanse

– Opplegget måtte bli ganske intenst, for det er seksti studentar som skal presentere i dag, fortel førsteamanuensis Randi Neteland, som er med og arrangerer seminaret for grunnskulelærarstudentane.

Med stram regi vekslar studentane effektivt mellom å presentere og lytte ein heil dag. Dei viser fram prosjektet sitt seks gonger på éin time, ispedd spørsmål og innspel, og så er det kjapt sceneskifte: nye studentar inn med nye posterar å fortelje om.

Over hundre studentar deltek frå første til tredje klasse på masterstudiet i grunnskulelærarutdanning ved Høgskulen i Volda (HVO). Det er tredjeklassingane som presenterer oppgåva si i forsking og utvikling (FoU), og dei må velje eit tema innan enten norsk eller matematikk.

– Vi har prøvd å rigge dette som ein ekte forskarkonferanse med fruktpausar og tid til uformell prat. Det er fint å kunne gjere det til også ei sosial hending, fortel Lid Berget.

Prisutdeling skal det til og med bli. Men før den tid er det mange som skal få kjenne på korleis det er å forklare noko fagleg på ein god måte, gong etter gong.

Skal bli obs på «forsking viser at»

– Korleis landa du på dette temaet?
– Det var ganske vanskeleg å velje og finne ein god fagleg inngang.
– Eg syntest du presenterte godt!

Praten går entusiastisk mellom studentane. Nokre diskuterer val av forskingsmetode, andre blir betre kjende med studiekvardagen til dei som har kome litt lenger i den femårige masterutdanninga.

– Forskingsseminaret blir dermed også eit fint møtepunkt for lærarstudentane på tvers av årstrinna, seier Lid Berget.

Kvifor er det viktig at lærarstudentane får prøve seg på forsking?

– Arbeidet med denne FoU-oppgåva kan gjere dei meir bevisste på vurderingane ein gjer i forsking, og at ein må vere forsiktig med å generalisere og seie «forsking viser at», dersom ein ikkje veit kva som ligg til grunn for konklusjonane. Dette er nyttig både i livet generelt, i lærarlivet og for arbeidet med masteroppgåva dei skal gjere på femteåret av masteren, utdjupar Lid Berget.

Snakketøyet får køyrt seg

Ein ny sesjon er over, og ein litt letta gjeng pirkar vekk «lærartyggis», tek ned posterar og gjer plass til neste gruppe.

Vi må jo finne ut korleis dette kjennest på kroppen. Jenny Halsen og Malin Helland er nett i mål kvar sine seks presentasjonar på rappen innan temaet «norskdidaktikk i fleirspråklege klasserom».

FoU-seminar for lærarstudentar.
Jenny Halsen (t.v.) og Malin Helland ser fram til ein karriere i klasserommet. Foto: HVO / Steinarr Sommerset.

– Det gjekk eigentleg greitt. Litt intenst, men godt å bli ferdig. Vi har jo snakka om det same seks gonger no, så ein blir litt tørr i munnen, ler dei, og legg til at det skal bli lærerikt å få gå rundt og høyredei andre presentere i staden.

Freistar det å drive meir med forsking seinare?

– Det er i klasserommet vi vil jobbe, sjølv om dette var ei god oppleving. Men det å bli kjent med forsking gir oss fleire innblikk i korleis læraryrket kan vere. Vi blir kanskje også meir opne for at det ikkje alltid finst ein fasit. Og når vi må forklare det vi driv med, på ein forståeleg måte, skjønar vi også litt betre kvifor vi gjer det vi gjer på studiet, seier Halsen og Helland.

Fem fingrar for forskingsformidling

Arrangør Randi Neteland innrømmer glatt at «ekte forskarar» også får puls på konferanse.

– Når du presenterer sjølv? Ja ja ja, ler ho.

Kva råd gir de studentane som skal «simulere» ein forskingskonferanse her?

– Eit godt tips frå retorikken er den gylne handa. Det er ein måte å byggje opp til dømes ein tale på, forklarer Neteland, og held pedagogisk opp fem fingrar å hekte hugsen på, frå tommel til veslefinger:

–  Du skal ha ei innleiing, så tre hovudpoeng, så ei avslutning.

Randi Neteland.
Førsteamanuensis Randi Neteland har fem tips for handa. Foto: HVO / Steinarr Sommerset.

Korleis har studentane tatt utfordringa i dag med å formidle forsking på kort tid?

– Dei klarer seg veldig godt og er flinke til å presentere, men opplevinga er ulik: Nokre snakkar seg fortare tomme for kvar runde, medan andre får meir og meir å seie på bakgrunn av spørsmål og idear undervegs.

Neteland trur erfaringa frå arbeid med forsking har mykje praktisk overføringsverdi til lærarkvardagen.

– Når dei skal få elevane til å finne ut av ting, hjelper det å ha eit repertoar av ulike metodar for utforsking. Då veit lærarane betre kva slags spørsmål dei kan stille for å få elevane inn på gode tenkjemåtar i staden for at dei berre leitar etter fasitsvar.

Pirrar interessa for utdanningsforsking

Vi flyttar oss til området der dei som har lytta, sit og vurderer presentasjonane saman. Stemninga her er litt rolegare.

– Eg skulle jo gjerne også ha lese oppgåva deira. Det er avgrensa kva dei får presentert på fem minutt, seier førsteårsstudenten Sebastian Lien.

FoU-seminar for lærarstudentar.
Førsteårsstudent Sebastian Lien er interessert i utdanningsforsking. Foto: HVO / Steinarr Sommerset.

Intrykket så langt har gitt meirsmak.

– Eg trur dette blir veldig interessant å prøve sjølv på tredjeåret: å få velje eit tema ein skal forske litt meir på, og finne ut korleis ein kan jobbe med det. Det er noko eg ser fram til.

Sebastian kan trygt tilrå lærarutdanninga i Volda til andre.

– Eg trivst veldig godt, og eg opplever lærarstudiet her som veldig informativt, spennande og givande. Eg stortreivst i praksis og kjem godt overeins med klassen.

Han synest forsking er både gøy og ein interessant veg å utforske i framtida.

Har du allereie eit draumeprosjekt å forske på?

– Det er eit vanskeleg spørsmål, men eg kunne tenkje meg å undersøkje korleis ein kan tilpasse undervisninga til elevar med autisme og ADHD – finne undervisningsformer som hjelper dei å lære på ein måte som passar dei betre, til dømes i matematikk.

Erfaring med forsking gir viktig innsikt for læraryrket

Konferansar kan bli lange, og den realistiske simuleringa likeså. Utpå ettermiddagen spreier det seg ein sitje-trend blant tilhøyrarane, men merksemda og nerven ser ut til å halde seg oppe. Ein god soldat kviler når han kan.

I tillegg til medstudentar er det rettleiarar innom for å sjå korleis det går med studentane dei har vore sparringpartnar for. Høgskulelektor Sondre Johan Chesney Kvamme observerer, noterer og nikkar – og ser nøgd ut.

– Det er tydeleg at dei har lagt ned innsatsen sjølve, har reflektert over kva dei vil gjere, og til og med kan svare på kvifor dei har valt ein bestemt metode. Dette er veldig bra. Det at forskingsarbeidet gir dei kunnskap om og innsikt i kva som faktisk påverkar kva val dei tek som lærarar, og korleis desse vala påverkar elevane, er kjempeviktig for lærarrolla dei skal inn i.

De er ikkje redde for at mange blir forskarar i staden for å jobbe i klasserommet, då?

– Dei fleste av desse ønskjer å jobbe med elevar, så det er berre bra å oppmode dei som har interesse for å forske. Når vi ser studentar som gjer det sterkt teoretisk med ambisiøse prosjekt, hintar vi kanskje litt – «dette kunne vore ein god doktorgrad» – og ser kva reaksjon vi får. Men med ein generell lærarmangel er sjølvsagt det viktigaste at vi får uteksaminert lærarar.

Og prisen går til …

Den innhaldsrike dagen blir krona med prisutdeling for beste poster. Ein kompetent jury på høgskulen har vurdert rubbel og bit, og rektor Odd Helge Mjellem Tonheim får æra av å overrekkje prisen:

– Vinnar-posteren har passeleg mykje tekst og er ryddig og oversiktleg utforma. Kjerneomgrepet sokratisk seminar blir fint forklart. Prosjektet er også så konkret at det kan forskast på, heiter det mellom anna i grunngivinga.

Overraskinga er godt synleg på prisvinnaren, Martine A. Herstad.

FoU-seminar for lærarstudentar.
Martine A. Herstad blei overraska over å vinne prisen for beste forskingsposter. «Korleis kan det sokratiske seminaret hjelpe med tekstforståing?» var problemstillinga hennar. Foto: HVO / Steinarr Sommerset.

– Eg hadde ikkje heilt forventa dette, for andre hadde mykje større prosjekt, så eg tenkte eg kanskje hadde feila litt, men tydelegvis ikkje, smiler ho.

Temaet for posteren fatta ho tidleg interesse for på lærarstudiet.

– Sokratisk seminar er ein diskusjonssirkel som eg synest er fin å få kunnskap ut av. Her i dag har det også vore lærerikt å sjå kva andre har presentert – det har gitt meg lyst til å lære meir om mange av prosjekta til dei andre.

Er du ein som kan finne på å bli forskar i staden for lærar?

– Kanskje etter nokre år som lærar, men eg synest det er interessant å jobbe i klasserommet. Det er kjempegøy å vere ute i praksis. Men temaet for posteren min fekk eg meir ut av enn eg tenkte i starten, så eg har litt lyst til å kople dette til engelskfaget når eg skal skrive masteroppgåve, avsluttar prisvinnaren.

Del på