Ny ph.d. i Volda startar opp i 2025

Tekst: Steinarr Sommerset

- Oppdatert

Det nye ph.d.-tilbodet «Utdanning, språk og kultur» startar opp ved Høgskulen i Volda (HVO) i 2025. Det vedtok eit einstemmig høgskulestyre 7. mai.

HVOs første eigne doktorgradsstudium, Utdanning, språk og kultur, blir starta opp frå 1. januar 2025. Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning får lyse ut fem stipendiatstillingar våren 2024 for oppstart så tidleg som råd i 2025.

Frå HVO-styremøtet 7. mai 2024
Frå HVO-styremøtet 7. mai 2024. Foto: Hilde Kristin Strand, Khrono.

Dette blei samrøystes vedteke av høgskulestyret ved HVO i styremøtet 7 mai.

– Det er svært gledeleg at styret har teke ei så strategisk viktig avgjerd for høgskulen, seier styreleiar og rektor Odd Helge Mjellem Tonheim.

Trygg på at avgjerda er rett for HVO

Trass i økonomisk utfordrande tider i sektoren meiner Tonheim at HVO-styret ikkje har teke eit risikabelt val ved å starte opp det nye tilbodet over nyttår.

– Det er klart at dette vil koste ein del, men strategisk er det heilt avgjerande for høgskulen si framtid, så her var det ikkje noko spørsmål – og dei økonomiske utsiktene skal vi klare å bere, det er eg trygg på.

HVO-rektor Odd Helge Mjellem Tonheim
HVO-rektor Odd Helge Mjellem Tonheim. Foto: HVO / Vilde Moltudal Igland.

Det omfattande førearbeidet til den nye forskarutdanninga ved HVO starta så smått i 2019, og arbeidsgruppa bak ph.d.-en har lagt ned ein betydeleg innsats fram mot milepålen med NOKUT-godkjenning i vinter.

– Det er utruleg kjekt at vi med styrevedtaket no kan avslutte dei innleiande fasane, men det er no arbeidet verkeleg byrjar med å få i gang ei ny og fantastisk god doktorgradsutdanning her på Høgskulen i Volda, avsluttar ein glad rektor Tonheim.

Del på