Lærarutdanninga

  • HVO-forskar på stor konferanse

    Publisert

    Førstelektor Ragnhild Fauske ved Institutt for religion, livssyn og kyrkjefag er nettopp komen tilbake frå American Academy of Religion si årlege samling i San Diego, USA. – Dette er ein stor konferanse for teologar, skulefolk og forskarar. Om lag 9000 fagfolk deltok. Eg presenterte funn frå doktorgradsarbeidet mitt der eg arbeider med samtalar om eksistensielle spørsmål i barnehagen, seier Fauske

  • Årets matblogg

    Publisert

    – Dette er verkeleg stas! Liz Torine Enerhaug frå Leikong på Sunnmøre går på studiet Mat, kultur og konservering. Medstudentane på studiet har nettopp kåra bloggen hennar som den beste matbloggen på årets kull. – Eg vonar at bloggen min kan vere til inspirasjon og auka matglede, seier ho.

  • Thumbnail

    Gamlem representerte Noreg internasjonalt

    Publisert

    Professor Siv M. Gamlem har samarbeidd internasjonalt om «Student voice in Education», og presenterte førre veke arbeidet i Slovenia.

  • Forskingssamarbeid med Universitetet i Heidelberg

    Publisert

    Professor emeritus Rune Kvalsund har samarbeidd internasjonalt om komparativ forsking på bygdeskular i fleire tiår. Nyleg publiserte han eit kapittel i boka Geographies of Schooling i serien Knowledge and Space som er redigert av framståande fagfolk ved Universitetet i Heidelberg, Tyskland.

  • Thumbnail

    Samarbeider tett med vidaregåande skular om framtida

    Publisert

    150 leiarar i dei vidaregåande skulane i Møre og Romsdal og tilsette frå Høgskulen i Volda samla seg for å diskutere læreplanarbeid med eit fokus på den nye læreplanen; Fagfornyinga.

  • Thumbnail

    Nordisk nettverksmøte i København

    Publisert

    Dosent Bente Vatne frå Høgskulen i Volda møtte svenske og danske forskarar i København for å arbeide med tidleg literasitet i barnehage og barnehagelærarutdanning.

  • Thumbnail

    – Må utnytte det lokale handlingsrommet

    Publisert

    Høgskulen har nyleg delteke på ei nasjonal samling for tilsette på universitet og høgskular samt representantar frå skuleeigar og fylkesmenn. Samlinga var retta mot samarbeid og erfaringsutveksling om desentralisert kompetanseutvikling i skulen (DeKomp).

  • Thumbnail

    Religiøse hus i London som klasserom

    Publisert

    Studentar frå lærarutdanningane fekk nye forståingar av kulturelt og religiøst mangfald etter at dei fekk oppleve samfunn med ulike religionar i London.

  • Thumbnail

    – Vurdering skal vere rettferdig

    Publisert

    Professor Siv Måseidvåg Gamlem skal delta på den nasjonale fagkonferansen som Nynorsksenteret arrangerer 19.–20. november på Hamar.