Barnehagebarn leika seg til læring saman med BLU-studentane

24 barn besøkte barnehagelærarstudentane for å øve på bokstavlyd, lese litteratur, skrive bokstavar og brev. Studentane fekk prøve ut teorien dei har undervisning om i praksis, og øvde seg på å bli meir bevisste på kvifor aktivitetar som bokstavleikar kan verke stimulerande på barna si tidlege lese- og skriveutvikling.

Barnehagelærarstudentane hadde bokstavleikar med barn frå Mosmarka barnehage

Tekst: Lene Mo Flataker

- Oppdatert

Del på:

I løpet av det andre året i barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda får studentane undervising om den første lese- og skriveopplæringa. Fredag 10. mars testa studentane ferdigheitene i ei praksisnær øving med barn som startar på skulen til hausten.

– Målet med denne dagen er at studentane skal få eit innblikk i kva som er viktig å tenkje på i overgangen mellom barnehage og skule i denne delen av studiet, seier Monica Gjelsten. Ho er høgskulelektor i norsk og har undervist om lese- og skriveutviklinga i barnehagelærarutdanninga ved Høgskulen i Volda (HVO) i fleire år.

– Vi som barnehagelærarutdannarar kan byggje bruer som kan hjelpe studentane med å sjå samanhengen mellom det som skjer på høgskulen og det som dei opplever i praksisfeltet, held Gjelsten fram.

Barnehagelærarstudentane har bokstavleikar med barnehagebarn
Å ha øvingar som bokstavleikar gjer at ein kan møte barna der dei er i leiken og hjelpe dei med å sjå at det er kjekt å skrive og lese, seier Gjelsten. Foto: Lene Mo Flataker / HVO.

Les meir: Fagtilsette ved HVO fekk fersk bransjeerfaring gjennom ny hospiteringsordning: – Har stor verdi for undervisinga vår.

Øving i metaspråkleg bevisstheit

Studentane fekk besøk av over 20 barn frå Mosmarka barnehage, som er ein av LU-barnehagane HVO har samarbeid med. På førehand hadde studentane i grupper førebudd «bokstavstasjonar» med aktivitetar der barna skulle øve på bokstavlyd, skrive bokstavar, brev og lese litteratur.

– I undervisinga om lesing og skriving har vi eit fokus på leikprega læring, og det er ein fin måte at studentane får arbeide saman i grupper for å få ei erfaring med korleis barna kan leike seg til læring, seier Gjelsten.

Barnehagelærarstudentane har bokstavleikar med barnehagebarn
Høgskulelektor Monica Gjelsten. Foto: Lene Mo Flataker / HVO.

Bokstavleikane er meint å gi øving i metaspråkleg bevisstheit og oppdage at bokstavar har lydar, tenkje over ulike ord og ordsekvensar.

Ifølgje høgskulelektoren er det også viktig at barna for møte bokstavar og skrift på fleire ulike måtar i denne tidlege begynnande fasen i lese- og skriveutvikling.

– For eksempel kan mange barn sin eigen bokstav før dei byrjar på skulen og mange er nysgjerrige på bokstavane. Slik kan barnehagelærarane møte barna der dei er i leiken og hjelpe barna med å sjå at det å skrive og lese er kjekt. Då leikar barna seg til læring, seier Gjelsten.

Barnehagelærarstudentane har bokstavleikar med barnehagebarn
Bokstavleiken «Lyttering» var særleg gøy for barnehagebarna. Foto: Lene Mo Flataker / HVO.

Les meir: Vidareutdanning: – Barnehagelærarar skal bli trygge på digitale verktøy

– Under leik vert det også brukt språk

Kristoffer Eide Olsen frå Trondheim er barnehagelærarstudent, og seier at han vil bli barnehagelærar fordi han passar til å jobbe med barn.

– Eg har aldri jobba i barnehage før, så eg berre hoppa i det. Eg fekk veldig gode tilbakemeldingar frå første praksisbarnehagen min, og då følte eg at dette er den riktige vegen å gå. Sidan har eg berre hatt positiv progresjon.

Barnehagelærarstudentane har bokstavleikar med barnehagebarn
Barnehagelærarstudent Kristoffer Eide Olsen. Foto: Lene Mo Flataker / HVO.

Eide Olsen meiner det er veldig nyttig å ha øvingar på høgskulen, som bokstavleikane, mellom anna fordi ein slepp å vente til praksisperiodene for å ha slike øvingar.

– I tillegg kan vi reflektere over det teoretiske rett etterpå om korleis det gjekk, kva vi kan gjere annleis, kva lærte barna og kva hadde barna av kjennskap før dei kom.

Studenten føler han får brukt teorien han har undervising om, denne gongen om språk, i praksis. Han meiner også at det er viktig for barn å få kjennskap til språk tidleg.

– Vi skal ikkje drive som skulane og har leik som eitt av våre viktigaste hovudområde, men under leik vert det også brukt språk og dei får lære seg ulike uttrykk og ord.

Barnehagelærarstudentane har bokstavleikar med barnehagebarn
Kva er det som rimar på vaske? «Flaske!» svarte barna. Foto: Lene Mo Flataker / HVO.

Les meir: Lærarstudentane i Volda tok over ein barneskule: – Det næraste ein kjem «the real deal»

Kan tryggje barna i overgangen frå barnehage til skule

Høgskulelektor Monica Gjelsten fortel at bokstavleikane var fordelt på ulike stasjonar, og at stasjonsarbeid er ein arbeidsmåte som også blir nytta i klasseromet.

– Så her får barna ein smakebit på korleis det kan vere å byrje på skulen. Det er fint om ein kan starte med liknande arbeidsmåtar og aktivitetar allereie på slutten av barnehagen, slik at barna kan bli kjent med dei litt tidlegare. Slik kan bokstavleikar vere med på å trygge barna i overgangen frå barnehage til skule.

Barnehagelærarstudentane har bokstavleikar med barnehagebarn
Barna lagar brev som dei skal sende i posten på neste stasjon. Foto: Lene Mo Flataker / HVO.

Ifølgje Gjelsten er det første gong bokstavleikane vert arrangert i lesing og skriving i barnehagelærarutdanninga, og at fleire faglærarar ved HVO har gått saman om å planlegge arrangementet. Tidlegare i mars hadde høgskulelærar Håvard Festø mellom anna undervising om dei tidlege lese- og skrivestadia, slik at studentane skal bli meir bevisste på kvifor desse aktivitetane verkar stimulerande på barna si tidlege lese- og skriveutvikling. Gjelsten håper å kunne gjenta øvingar som bokstavleikane framover.

– Både studentane og barna koste seg, og det ligg veldig god læring i dette samarbeidet. Så eg vil gjerne få dette til å bli ei fast ordning.

Barnehagelærarstudentane har bokstavleikar med barnehagebarn
Kva er det som skal stå på konvolutten, skal tru? Foto: Lene Mo Flataker / HVO.

Del på: