HVO-ekspert henta til finsk prestisjeprosjekt

Pedagogikkprofessor Siv M. Gamlem har mange jern i elden internasjonalt. No er HVO-profilen invitert inn som ekspert i eit stort finsk forskingsprosjekt som nett har «treft jackpoten» med finansiering.

Siv M. Gamlem, professor ved HVO.

Tekst: Steinarr Sommerset

- Oppdatert

Del på:

Pedagogikkprofessor Siv M. Gamlem har mange jern i elden internasjonalt. No er HVO-profilen invitert inn som ekspert i eit stort finsk forskingsprosjekt som nett har «treft jackpoten» med finansiering.

Det finske forskingsrådet valde nyleg ut fire forskingsprosjekt som «finske flaggskip». Denne prestisjefylte statusen inneber titals millionar euro i statleg finansiering over to fireårsperiodar – reine jackpoten i eit tid det er vanskeleg å få tak i forskingsmidlar.

Eit av forskingsprosjekta som kom gjennom nålauget, er Education for the Future (EDUCA) – «utdanning for framtida» på norsk. Gjennom prosjektet skal toppforskarar frå fleire land gå djupt og breitt inn i dei mange utfordringane utdanningssystemet står framfor. Spisskompetansen som trengst, hentar forskingsprosjektet mellom anna frå Volda.

Stort fagleg utbyte for HVO og norske klasserom

– Eg er veldig glad for å ha blitt invitert til å delta i dette forskingsprosjektet, for dei har samla ei særs god ekspertisegruppe, seier Siv M. Gamlem, professor i pedagogikk ved Høgskulen i Volda (HVO).

Gamlem var ønskt inn i EDUCA-prosjektet som ekspert på vurdering, tilbakemelding for læring, vurdering som læringsprosess og bruk av kunstig intelligens i vurderingsarbeid i skulen. Når HVO gjennom dette bidreg til forsking i denne skalaen, meiner ho det kan få viktige ringverknader.

– Det er vinn-vinn! Vi får byggje nettverk, kan få til fleire fellesprosjekt internasjonalt, skaper nye rom for utveksling og utviklar viktig kunnskap gjennom samarbeid. Forskinga i dette prosjektet er også nyttig og relevant for norske forhold.

Den finske skulen: høg status, men utfordringar

Skulesystemet i Finland har lenge vore det nordiske praktdømet med forskingsbasert undervisning og høg status for læraryrket. Men også i den finske skulen er noko i endring.

– I Finland ser ein no eit skifte i korleis lærarane trivst og fungerer i yrket. Stressnivået aukar, noko vi veit er med og svekkjer kvaliteten på undervisninga. Denne trenden og andre utfordringar vi skal undersøkje i forskingsprosjektet, er både aktuelle tema for den norske skulen og internasjonalt overførbare, fortel Gamlem.

Forskarane ser også utviklingstrekk ved korleis barn opplever skulen, som gjer dei betenkte.

– Elevane har andre og fleire utfordringar no enn før. Når vi har førsteklassingar med skulevegring, er det bekymringsverdig, og det same gjeld fråfallet i skulen og konfliktnivået på fleire plan: Noko er ut av gjenge. Barna er framtida vår, og det er viktig å ta på alvor det som skjer. Forskingsprosjektet skal sjå på kva vi står i, og kva vi går til med tanke på kunstig intelligens og mykje anna, og så må vi hugse på menneska oppi alt dette her, understrekar Gamlem.

Nytt kapittel i godt samarbeid

EDUCA-prosjektet er leia av professor Marja-Kristiina Lerkkanen (Universitetet i Jyväskylä), som Gamlem har samarbeidd med i sju år: mellom anna starta dei saman med UiS-professor Sigrun Ertesvåg nettverket Systematic observation in educational research.

– Vi har lenge hatt ei felles interesse for å observere kvaliteten og styrkje kvaliteten i utdanning for at både lærarar og elevar skal kunne fungere best mogeleg, seier Gamlem.

Den finske flaggskip-statusen EDUCA-prosjektet har fått, svarer til den norske ordninga Senter for framifrå forsking. Når forskingsprosjektet startar i januar 2024, skal det vare i fire pluss fire år, altså vil prosjektperioden og finansieringa kunne forlengjast.

EDUCA-forskarane skal både studere tilhøva for lærarar, elevar og skuleleiarar og drive utviklingsarbeid. I botnen ligg ei omfattande, tverrfagleg tilnærming som kombinerer både utdanning, psykologi, læringsanalyse, sosiologi og økonomi. Gamlem ønskjer også å knyte band mellom det nye prosjektet og HVOs forskingsmiljø for læringsprosessar og vurderingshandlingar, då dette er viktige fagfelt å få meir kompetanse på i Noreg.

– HVO er ein liten institusjon som like fullt sit med stor kompetanse, og vi kan utvikle kunnskap som er viktig for både norsk lærarutdanning, norske elevar og Noreg som samfunn, avsluttar Gamlem.

Del på: