Med sans for bortebane
Han byrja som kjemikar, fann matopplevinga og blei tverrfagleg professor. Å framføre lukt-kunst i Latvia er ein dag på jobben for Erik Fooladi. Med nyfikne som kompass vil sanseforskaren bade i ulike fagfelt for å forstå samanhengane djupare.

HVO-professor Erik Fooladi (t.h.) får utfordra sanseapparatet på lukt-kunstfestival i Riga. Her i luktkomposisjonen til den norske komponisten Ola Ur Sæbø. Foto: Niklavs Kadikis.
Når vi snakkar med professoren i tverrfagleg didaktikk (undervisning) og formidling, er han nett heimkomen frå ein internasjonal lukt-kunstfestival i den latviske hovudstaden Riga.
Erik Fooladi underviser og forskar til dagleg ved Institutt for realfag på Høgskulen i Volda (HVO), så dette må vi prøve å nøste opp i.
Kva gjorde du i Latvia?
– Det var ein tverrfagleg festival med kunstnarar og forskarar frå ei rekkje land – Argentina og mykje av Europa. Eg og den musikalske makkeren min Andreas Barth presenterte to installasjonar og var i tillegg med på fleire framføringar.
Når vi skal til kvifor, må vi først ta nokre omvegar.

Fekk smaken på å dissekere opplevingar
Fooladi er opphavleg kjemikar, og han har fordjupa seg i smak og matopplevingar, noko han både underviser i på HVO-studiet Matkultur og forskar på. Ved sida av er han musikar.
Med eit tverrfagleg professorat og opent sinn har det balla på seg. Når Fooladi søkjer ny kunnskap, tenkjer han ikkje i båsar.
– Det byrja med smak, men eg har blitt stadig meir nyfiken på breiare sanseerfaringar og -opplevingar. Ta til dømes det å putte noko i munnen: Det er omtrent det einaste som aktiverer dei fem sansane våre samtidig, fortel han.
Gjennom fagleg utforsking har Fooladi dei siste åra blitt sterkt interessert i grenselandet mellom naturvitskap, mat, didaktikk, formidling og kunstfag. Han har publisert i tidsskrift innan både matvitskap, fagdidaktikk, kjemi og musikk.
– Skal ein forstå tverrfaglegheit i djupna, held det ikkje å stå utanfor og kike på: Eg treng å praktisere på bortebane og bade i eit fag for å bli kjend med det frå innsida. Då kan ein sjå eigenarten til faget og kjenne korleis ein tenkjer og handlar i det. Slik kan vi finne interessante koplingar mellom til dømes kjemi, mat og musikk som erfaringar.

Intravenøs og heimebrent kunst
Men vent, vi skulle jo til lukt-kunst i Baltikum, kva var det for noko?
– På festivalen stilte eg og Andreas Barth ut to fleirsanselege kunstverk baserte på vatn som dryp og slik lagar polyrytmikk, forklarer Fooladi.
Den eine installasjonen var drypande vatn på gjenstandar som heimebrentsapparat, mandolin og vaskevassfat, alle med forskjellig rytmar, klangar og tilhøyrande lukter – frå whisky til urinalblokk. I det andre verket forplanta saltvassdropar seg frå ein intravenøspose til ein kamferduftande dirigentpinne til ein korroderande cymbal. Det som held liv i eit menneske, kan øydeleggje eit instrument. Og: Endrar du lukta, endrar du meininga. Kva om dirigentpinnen lukta mugg, rose eller brend gummi i staden for kamfer?
– Kvart element av installasjonen får ulike lag av meining etter kva du ser, høyrer, luktar og tek med deg inn av livserfaringar, og dette var opplevingar som fall i smak hos eit fascinert publikum i Riga, fortel han.

I tillegg figurerte Fooladi mellom anna som aroma jockey: I samspel med DJ-en DJ Dani sende han tematiske lukter gjennom ei vifte utover dansegolvet, som dermed kunne røre seg til musikken gjennom eit forsterka sanselandskap.
– Eg sende også ut lukt under ein performance, der aromaene underbygde forteljinga til ein performancekunstnar vi har eit samarbeid med, dansaren og koreografen María Zegna frå Argentina.
Å vere kunstutøvar er altså ein av metodane når Fooladi vil utforske korleis ulike fag kan styrkje kvarandre.
– Til dømes kan estetiske praksisar gi naturvitskapen verktøy denne manglar, når det får skje på eit djupare nivå enn berre som eit enkelt verkemiddel i undervisning.
At kvart fagområde ber med seg sitt eige verdsbilde, meiner Fooladi det ligg mykje uforløyst læring i.
– Å forstå kvarandre sine fag i større djupne kan hjelpe oss inn i tankesetta vi treng for å utvikle berekraftige samfunn – dette blir gjerne omtalt som transformativ læring. Og så har vi eit stort potensial i mange utdanningar når det gjeld det å engasjere fleire sansar.

Stø kurs mot dei blanke flekkane på kartet
Skal professoren ha ein merkelapp i dag, går han for didaktisk sanseforskar. Men det byrja altså med smak.
– Eg «oppdaga» etter kvart korleis mat er så mykje meir enn kjemi: kultur, identitet, estetisk oppleving, historie … Og med matopplevinga blei det interessant korleis sansane speler inn, og då kom eg i kontakt med folk som forskar på dette frå eit kulturperspektiv.
Etter kvart har smakssansen fått sin rettmessige plass innanfor forsking og utdanning, fortel Fooladi.
– Då synest eg det er spennande å søkje vidare, ler han, og held fram:
– Når eg ser at lukt er ein relativt blank flekk på kunnskapskartet vårt, særleg i undervisning og formidling – då blir det moro. Slikt gir utrulege moglegheiter for ganske open utforsking, bruk av kreativitet og samarbeid med folk som gjer spennande ting.
Kvifor er ikkje lukt ferdig utforska?
– Spesielt i Vesten har vi eit svakt utvikla språk rundt lukt. Språket vårt om lukt skjer helst gjennom assosiasjonar. Historisk har vi også hatt eit meir eller mindre bevisst hierarki av sansar, der syn og høyrsel har hatt høg status og har vore knytt til raffinert kunnskap og det maskuline. Mange meiner det er god grunn til å utfordre denne førestillinga.

Samanhengane under oss
Fooladi meiner vi godt kan vere opne for å akseptere meir lukt enn kva vi gjer i Vesten.
– I det moderne samfunnet har vi vore opptekne av å fjerne eller erstatte lukt, samtidig som vi alle bruker lukt svært mykje, bevisst og ubevisst for å forstå og navigere i omverda. Kanskje er vi litt for redde for dei naturlege luktene? Samtidig er aksept av lukt ein komponent av det å forstå og anerkjenne andre – og seg sjølv.
Som tverrfagleg forskar har ikkje Fooladi eitt bestemt spørsmål om lukt han vil finne ut av. Han søkjer først og fremst å forstå betre samanhengane og paradoksa mellom ulike fagretningar.
– Min inngang til veldig mykje har vore å ta eit steg, sjå meg rundt og finne ut korleis det ser ut, eller luktar, her eg no står. Ofte finst det samanhengar under overflata, liksom tre og sopp er knytte saman av nettverk som vi ikkje ser før vi grev litt. No er det lukt, om eit par år er det kanskje noko anna – eller kanskje eg forskar på lukt resten av livet. Kven veit?
Med det han sjølv omtaler som «ein svulstig professortittel», håpar like fullt Fooladi å kunne bidra – på sin tverrfaglege måte – til ei betre verd.
– Det handlar om gjensidig forståing på tvers av skilja mellom oss menneska, utan at vi dermed skal prøve å gjere alle like.






