Såkornmidlar

Høgskulen i Volda har sidan 2016 delt ut såkornmidlar. Målet med såkornmidlane er at dei skal bidra til auka forskingsaktivitet ved å stimulere og hjelpe til å sette i gang forskings- og utviklingsprosjekt. Dette kan ta form av støtte til å utarbeide konkrete prosjektsøknader retta mot regionale, nasjonale og internasjonale finansieringskjelder, eller støtte til å starte og/eller delta i nasjonale og internasjonale forskingsgrupper og -nettverk, som førebuing til å delta i og søke om finansiering til forskingsprosjekt. Det er også høve til å søkje om støtte til å forbetre tidlegare innsendte søknader om ekstern finansiering. 

Søknader om støtte til å drive fram og utvikle søknader til regionale, nasjonale eller internasjonale (EU) forskingsfond og andre finansieringskjelder vert prioriterte.

Det vil vere ein fordel om søkjarane deltek i ei av høgskulens forskingsgrupper og/eller er aktive i eit forskingsmiljø. Forskingsgrupper og forskingsmiljø blir oppmoda til å søkje om såkornmidlar som gruppe. Når det gjeld frikjøp til individuell forskingstid, så viser vi til ordninga med FoU-stipend. Det er ønskeleg at søknadene er av ein viss storleik, helst på summar over kr 75 000,-. Forskingsutvalet oppmodar søkjarar til tverrfagleg samarbeid, samarbeid med andre forskingsinstitusjonar og til samforfattarskap med forskarar utanfor HVO.

Krav til søknadene:

  • Prosjektet skal ta sikte mot konkrete resultat i form av ein prosjektsøknad til ekstern finansieringskjelde eller etablering av eit konkret forskingssamarbeid. For sistnemnte må målet vere å utarbeide søknad om ekstern finansiering på sikt og helst gi resultat i form av sampublisering.

  • Søknaden skal spesifisere mål og tiltak, og den må innehalde budsjett for aktivitetane det vert søkt om støtte til. 

  • Ein einskild person skal vere prosjektansvarleg.

  • Det må argumenterast for korleis fagfeltet til prosjektet eller forskingsgruppa passar med dei strategiske måla til avdelinga og HVO. 

  • Det skal sendast inn ein kortfatta rapport om bruken av midlane og oppnådde resultat til Forskingssjef. Rapporten vil verte lagt fram i Forskingsmeldinga og i Forskingsutvalet. 

  • Søknadene kan vere på inntil 4 sider og må i tillegg innehalde CV til prosjektansvarleg.

Søknadsfrist: 30. august 2019.

Midlane vert delt ut av Forskingsutvalet i møtet 3. oktober 2019.