Milliongåve til nybrotsforsking på folkehelse
Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre gir drygt 1,3 mill. kr i gåvemidlar til Høgskulen i Volda. Størstedelen går til eit forskingsprosjekt om førebyggjande folkehelse, medan 200 000 kr er støtte til eit Hans Strøm-jubileum i 2026.

Illustrasjonsfoto: Shutterstock. Med lisens.
– Støtta frå Sparebankstiftinga betyr svært mykje for oss. Arbeidet som desse midlane skal gå til, håpar og trur vi vil stimulere til betre folkehelse i regionen, seier ein glad Øyvind Arne Høydal om millionstøtta.
Høydal er førsteamanuensis ved Institutt for realfag på Høgskulen i Volda (HVO) og startar med dette opp eit nytt forskingsprosjekt om førebyggjande folkehelse. No har Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre innvilga heile 1 156 000 kr i gåvemidlar til HVO-prosjektet.
– Det er ikkje ofte vi får eksterne forskingsmidlar av denne storleiken, så dette er vi glade og takknemlege for, smiler forskingssjef Henriette Hafsaas.
Forskinga vil vekkje internasjonal merksemd
Bakgrunnen for Høydals forskingsprosjektet er ein aukande førekomst av depressive lidingar og demens i befolkninga. Fysisk aktivitet kan førebyggje og behandle desse hjernesjukdomane, men for uføre, eldre og umotiverte kan det vere vanskeleg å starte med trening.
Førsteamanuensis Høydal fortel at arbeidet som no har fått støtte, er del av eit større prosjekt med mål om å førebyggje og behandle mentale og nevrodegenerative lidingar som depresjon og alzheimer, og forstå dei fysiologiske mekanismane som fører til slike sjukdomar.
– Støtta frå Sparebankstiftinga gjer at vi no kjem i gang med dette prosjektet og vil hjelpe oss i konkurransen om forskingsmidlar frå til dømes Forskingsrådet. Draumen er å byggje eit levande forskingsmiljø for dette i regionen saman med helseføretaka, inkludert Volda sjukehus, utdjupar Høydal.
Prosjektet er eit samarbeid mellom HVO, Volda sjukehus og DPS Ålesund. Forskingssjef Hafsaas fortel at prosjektet er viktig for HVO både fordi det kan bidra til å styrkje folkehelsa i regionen, og fordi det kan få større ringverknader.
– Forskarane vil nytte fysiologiske data og kunstig intelligens på måtar som ikkje berre vil fremje forskingsfronten, men også vekkje internasjonal merksemd. I tillegg vil det regionale samarbeidet bak prosjektet styrkje HVOs posisjon som ein viktig aktør innan forsking og folkehelse, seier Hafsaas.

Ville støtte spennande regionalt samarbeid
– Høgskulen i Volda er viktig for regionen vår, slår Arne Lothe fast.
Han er dagleg leiar Sparebankstiftinga Søre Sunnmøre. Styret i stiftinga handsama søknaden frå HVO og innvilga gåvemidlane i eit møte 12. mai.
– Vi ønskjer å støtte dette viktige prosjektet innan folkehelse. Det er spennande at vi har slike fagmiljø her, og at prosjektet er eit samarbeid mellom HVO, Volda sjukehus og DPS Ålesund, som er tre viktige hjørnesteinsforetak i regionen vår, seier Lothe.


Hans Strøm-jubileum får også midlar
Sparebankstifta har også innvilga 200 000 kr til neste års markering av 300-årsjubileet for fødselen til folkeopplysaren Hans Strøm, som har gitt namn til det nyoppussa bygget der Avdeling for samfunnsfag og historie held til ved HVO.
Pengane skal gå til å heidre og formidle arven etter Hans Strøm gjennom føredrag, utstillingar og undervisningsmateriell for skulane. Jubileet blir eit samarbeid mellom fleire kunnskaps- og kulturinstitusjonar i fylket: Aasentunet, Sunnmøre museum (Viti), Runde miljøsenter og Nordmørsmusea. Førebuingane starta allereie med eit grubleseminar på høgskulen før jul.
– Å markere jubileet for Hans Strøm løftar fram opplysingstida og dei lange tradisjonane for kunnskapsutvikling i regionen vår, og dette vil inspirere nye generasjonar i ei tid der kunnskapsbasert informasjon er under press, fortel forskingssjef Hafsaas.
Forskingssjefen skal no førebu jubileet vidare saman med mellom andre førstelektor Marit Brekke, førsteamanuensis Ola Teige og professor Per Halse ved HVO.