Grubleseminar: Hans Strøm 300 år
For å førebu eit større forskingsprosjekt om Hans Strøm der vi vil søkje NFR om finansiering, inviterer vi til eit seminar der vi ønsker å diskutere aktuelle forskingsspørsmål og legge planar for markering av 300-årsjubileet.
I 2026 ønsker vi å markere 300-årsjubileet for fødselen til Hans Strøm (1726-1797). Hans Strøm var mellom dei mest betydningsfulle naturforskarane og opplysningsmennene i Noreg på 1700-talet. Han var ein pioner innan botanikk, zoologi, og topografi, og arbeida hans har hatt innverknad på vitskapen og samfunnet. Strøm var prest i Volda, og kombinerte sitt religiøse kall med vitskaplege studiar. Han var dessutan opplysningsmann og bidrog til å spreie vitskapleg kunnskap og kritisk tenking.
Vi håpar du vil vere med på å fremje ny kunnskap om livet og arbeidet til Hans Strøm, og relevansen i dagens samfunn.
Nokre aktuelle forskingsområde:
- Biografisk kartlegging
- Vitskapleg betydning
- Historisk kontekst
- Naturkartlegging og samanlikning
- Berekraft og miljø
- Tverrfaglegheit
- Medborgarskap og opplysning
- Utdanning
Dette er ikkje ei uttømmande liste, og vi oppmodar deltakarane til å kome med eigne forslag og perspektiv.
Seminaret er ope for alle interesserte. Dersom du ikkje har høve til å delta heile dagen er det mogleg å stikke innom BK220 i kortare periodar.
Det vert lunsj i kantina kl. 12. Om du ønsker å delta på denne, send oss ei tilbakemelding.
Velkomen!
Beste helsing Henriette Hafsaas og Marit Brekke