Gamlem blir æresforskar ved toppuniversitet
Universitetet i Melbourne er eit av dei tjue beste universiteta i verda. No er Siv M. Gamlem utnemnd til æresforskar ved eit forskingssenter der. – Dette er skikkeleg stort, og det viser at Høgskulen i Volda blir lagd merke til internasjonalt, jublar pedagogikkprofessoren.

HVO-professor Siv M. Gamlem er utnemnd til æresforskar ved eit forskingssenter på toppuniversitetet i Melbourne i Australia.
Det er langt frå millionbyen Melbourne i Australia til sunnmørsbygda Volda, men akademisk har Høgskulen i Volda (HVO) vunne respekt down under. Denne veka blei nemleg HVO-professor Siv M. Gamlem utnemnd til den gjæve posisjonen Honorary Fellow (æresforskar) ved forskingssenteret for vurdering og evaluering (AERC) på Universitetet i Melbourne.
Den australske institusjonen er slett ingen kvensomhelst: Universitetet i Melbourne er rangert som eit av dei tjue beste i verda i ei fersk rangering (QS World University Rankings) – betre enn prestisjetunge namn som Yale i USA og EPFL i Sveits.
– Det var både gledeleg og litt overveldande å få vite at eg var tildelt denne æra. Eg er audmjuk og takksam – og svært glad for samarbeidet med dyktige forskarar ved AERC, seier Gamlem.
Ved senteret er ho ein av fleire æresforskarar, mellom andre newzealandske John Hattie.
Ei prestisjefull anerkjenning av betydelege bidrag
Professor Gamlem, som til dagleg forskar og underviser ved Institutt for pedagogikk og leier forskingsgruppa Læringsprosessar og vurderingshandlingar på HVO, har blitt ein merittert kapasitet internasjonalt. Ho forskar spesielt på tilbakemelding som fremjar læring, og korleis vurdering kan både støtte og hemje læring i skulen. Dei siste åra har ho arbeidd med å kople dette til digitalisering – no også til kunstig intelligens (KI).
Gamlem har mange jern i elden: I fjor var ho ein av dei nasjonale ekspertane bak rapporten til Skjermbrukutvalet, og framover er ho mellom HVO-forskarane som deltek i den nye KI-milliardsatsinga til regjeringa.
Universitetet i Melbourne er tydelege på at æresforskar er ei prestisjetung anerkjenning. I omtalen av utnemninga skriv dei at tittelen går til forskarar som har bidrege betydeleg til forskingssenteret AERC, og at arbeidet til Gamlem er med på å forme ei ansvarleg og effektiv integrering av KI innan skule og utdanning.
– Eg set stor pris på å samarbeide med forskarane ved forskingssenteret AERC i Melbourne, der det er mykje kompetanse og eit godt fagmiljø, understrekar HVO-professoren.
Det norsk-australske forskingssamarbeidet ber mange frukter: Nyleg har forskarane fått akseptert ein vitskapleg artikkel som kjem ut i det prestisjefylte tidsskriftet Educational Psychology, med tittelen «Exploring Pre-Service Teachers’ Attitudes and Experiences with Generative AI: A Mixed Methods Study in Norwegian Teacher Education». Førsteforfattar Gamlem har leia prosjektet og utført den komande studien saman med HVO-førsteamanuensis Synnøve Moltudal, tre AERC-forskarar og UiO-professor Christian Brandmo.

Viser at forskinga i Volda blir lagd merke til
Men kva betyr det for Høgskulen i Volda å ha ein æresforskar på andre sida av kloden?
Pedagogikkprofessor Gamlem meiner utnemninga gir ein fin peikepinn på at forskinga ved Høgskulen i Volda blir lagd merke til internasjonalt.
– Ved høgskulen har vi mål om å vere leiande på forskingsfronten, og dette er eit døme på at vi er på rett veg. Det gir inspirasjon til å halde fram med å byggje bru mellom læring, vurdering og kunstig intelligens, både lokalt, nasjonalt og internasjonalt, avsluttar ein glad HVO-professor – no også Honorary Fellow ved eit av verdas beste universitet.