Rus som kulturelt og sosialt fenomen

Vidareutdanning (masternivå)

Folk sine haldningar til bruk av alkohol og andre rusmiddel er i endring i samfunnet vårt. Dette inneber også behov for ny kunnskap om korleis rusmiddelbruk kan regulerast, førebyggast og behandlast.

 

Vidareutdanninga er relevant for deg som ønskjer oppdatert kunnskap om rusmiddel og rusmiddelbruk i ulike grupper og om førebyggingsstrategiar. Mange av dei som tek emnet er sosialarbeidarar, vernepleiarar eller sjukepleiarar som møter rusproblematikk i jobbane sine i kommunar og helseføretak. Andre grupper er politi, lærarar, rådgivarar og frivillige som treng oppdatert kunnskap om rusmiddelbruk.

  • Deltid, Samlingar
  • Varigheit 1 semester
  • 15 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsperiode 01.02.2023 -
  • Opptakskrav

    Bachelor i helse-, sosial- eller pedagogiske fag.

    Søkjarar med annan utdanningsbakgrunn kan få særskilt vurdering

Studieinnhald

Høgskulen i Volda tilbyr to vidareutdanningsemne på masternivå som samla gir oppdatert kunnskap om rusmiddelbruk, lovgjeving på og organisering av rusfeltet, samt behandling. Rus som kulturelt og sosialt fenomen går i haustsemesteret, medan Tiltak mot rusproblem går i vårsemesteret. 

I Rus som kulturelt og sosialt fenomen studerer vi rusmiddelbruk og rusproblematikk ut i frå forskingsbasert kunnskap frå fleire fagområde, med vekt på sosiologiske og psykologiske tilnærmingar. Vi er opptekne av spørsmål som; kva er avhengigheit, kva for sosiale funksjonar har rusmiddelbruk, kva betyr rusmiddelbruk i samfunnet vårt og korleis kan ein førebyggje rusproblem.
Les emneplan 

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Emnet er organisert som halvtidsstudium over eitt semester. Undervisinga er konsentrert til tre vekesamlingar, med inntil fire undervisningsdagar på kvar samling. 

Samling 1: Veke 35

Samling 2: Veke 40 

Samling 3: Veke 45

Det vert nytta varierte undervisnings- og læringsformer, der vi legg stor vekt på dialog og studentdeltaking. Det er forventa at studentane møter og bidreg aktivt på samlingane. På andre samling må studentane møte fysisk for å kunne gjennomføre arbeidskravet artikkelseminar. 

Vi nyttar læringsverktyet Canvas til informasjon og deling av læringsressursar. Der kan studentane også kommunisere med faglærarar og medstudentar.

Aktuelle yrke og vidare studium

Masteremna Rus som kulturelt og sosialt fenomen (Rus301) og Tiltak mot rusproblem (Rus302) vert godskrivne som valfrie emne i Master i helse- og sosialfag- meistring og myndiggjering ved Høgskulen i Volda.

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

  • Samling 1: Veke 35: Tysdag 30/08 - Fredag 02/09

Tysdag kl 09:15 - 15:30

Onsdag kl 09:15 - 15:30

Torsdag kl 09:15 - 15:30

Fredag kl 09:15 - 15:30

  • Samling 2: Veke 40: Tysdag 04/10 - Fredag 07/10
  • Samling 3: Veke 45: Tusdag 08/11 - Fredag 11/11

Emnet er organisert som halvtidsstudium over eitt semester. Undervisinga er konsentrert til tre vekesamlingar, med inntil fire undervisningsdagar på kvar samling.

Nærare informasjon finn du her.

Pensum

Pensumlista finn du her.

  • Deltid, Samlingar
  • Varigheit 1 semester
  • 15 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsperiode 01.02.2023 -
  • Opptakskrav

    Bachelor i helse-, sosial- eller pedagogiske fag.

    Søkjarar med annan utdanningsbakgrunn kan få særskilt vurdering

Søk studieplass!

Søknadskode : 4396

Spørsmål? Kontakt oss

For spørsmål om opptak
Send e-post


Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt