Tiltak mot rusproblem
Vidareutdanning (masternivå)
Høgskulen i Volda tilbyr to vidareutdanningsemne på masternivå som samla gir oppdatert kunnskap om rusmiddelbruk, lovgjeving på og organisering av rusfeltet, samt behandling. Rus som kulturelt og sosialt fenomen (Rus301) går i haustsemesteret, medan Tiltak mot rusproblem (Rus302) går i vårsemesteret.
I masteremna vert det fokusert på på korleis ein arbeider med rus- og avhengigheitsproblematikk. Røynde førelesarar frå feltet reiser ulike faglege perspektiv for å skape brei forståing og handleevne til å handtere rusfaglege problemstillingar på tiltaksnivå.
- Deltid, Samlingar
- Varigheit 1 semester
- 15 studiepoeng
- Start vårSøknadsperiode 01.11.2023 -
- Opptakskrav
Fullført 3-årig høgare utdanning i sosial eller helsefag.
Studieinnhald
Tiltak mot rusproblem (Rus 302) har tre hovudtema:
Tema 1) Grunnlagsspørsmål
- forståingsmodellar
- etikk og brukarperspektiv
- juridiske rettar
- organisasjonsstrukturen på rusfeltet
Tema 2) Tilnærmingsmåtar
- behandlingsmodellar
- lågterskeltiltak
Tema 3) Særskilde tiltak
- tverrfagleg spesialisert behandling (TSB)
- legemiddelassistert rehabilitering (LAR)
- motiverande samtale (MI)
- rus og psykisk liding (ROP)
Les meir i emneplan her
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Det vert nytta varierte undervisnings- og læringsformer, og det vert forventa at studentane driv sjølvstudium mellom samlingane. Deltakarane får tilgang til eit elektronisk klasserom der dei mellom samlingane kan laste ned program for samlingar og førelesingar. Der kan studentane også kommunisere med faglærar og medstudentar.
Undervisninga er konsentrert til tre vekesamlingar, med fire undervisningsdagar på kvar samling. Den femte dagen er studiedag.
Aktuelle yrke og vidare studium
Emnet er ein del av Master i Helse- og sosialfag - meistring og myndiggjering. Studentar som ønskjer å fullføre mastergraden, vil få emnet godskrive.
Les meir her
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
Undervisinga er konsentrert til tre vekesamlingar, med fire underviningsdagar på kvar samling. Undervisning vil i hovudsak foregå på campus. Det er krav om deltaking på 2 av 3 samlingar (eller 65% av tida på samlingane). Emnet er organisert som halvtidsstudium over eitt semester. Studiesamlingane er lagt slik:
Samling 1: Veke 3, 2023
Samling 2: Veke 10, 2023
Samling 3: Veke 16, 2023
1. undervisningsdag - måndag 16 januar kl. 09:15.
Det vert nytta varierte undervisnings- og læringsformer, og det vert forventa at studentane driv sjølvstudium mellom samlingane. Deltakarane får tilgang til eit elektronisk klasserom der dei mellom samlingane kan laste ned program for samlingar og førelesingar. Der kan studentane også kommunisere med faglærar og medstudentar.
Studentar som tek RUS301 først vil få eit særleg godt grunnlag for RUS302.
- Deltid, Samlingar
- Varigheit 1 semester
- 15 studiepoeng
- Start vårSøknadsperiode 01.11.2023 -
- Opptakskrav
Fullført 3-årig høgare utdanning i sosial eller helsefag.
Søknadskode : 4397