Mastergrad

Helse- og sosialfag – meistring og myndiggjering

Deltid, Samlingar

Masterstudiet er retta mot deg som har yrkesutdanning innanfor helse- og sosialfag og som ønskjer auka kompetanse i relasjonsarbeid sett i høve til einskildpersonar, familiar og grupper. I studieprogrammet vert det fokusert på meistring og myndiggjering av menneske i alle delar av livsløpet når det gjeld å handtere utfordringar i ulike situasjonar.

Søk studieplass!

Søknadskode : 4371

Info og frister

Varigheit 8 semester (4 år)

Studiepoeng 120

Start Haust

Søknadsfrist 01.03.2018

Studieinnhald

Studiet har som mål å gi deg kunnskapar, ferdigheiter, haldningar og etisk medvit, til å fremje læring, meistring og myndiggjering i eige arbeid med pasientar og klientar. Du skal i tillegg få kompetanse i å undervise, rettleie og initiere FOU-prosjekt med vekt på slike målsetjingar. Masterstudiet rettar seg mot både helse- og sosialsektoren. Dette legg grunnlaget for eit viktig tverrfagleg studiemiljø.

Opptakskrav

Det generelle kravet for å bli teken opp er minimum treårig grunnutdanning i helsefagleg, pedagogisk eller sosialfagleg utdanning.

  • Bachelorgrad i helse- eller sosialfag
  • Lærar- eller kulturfagleg utdanning med relevante fagval
  • Cand. mag. med relevant fagsamansetjing
  • Anna relevant grad eller utdanningsløp av minimum 3 års omfang etter særskild vurdering

For dei tre siste punkta er det krav om fordjuping i fag, emne eller emnegruppe av minimum 80 studiepoengs omfang innanfor helse- eller sosialfag.

Internasjonalisering

Som student ved master i Helse- og sosialfag – meistring og myndiggjering kan du etter søknad få godkjent relevante emne gjennomført ved universitet eller høgskular i utlandet.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er samlingsbasert for både deltids- og fulltidsstudentar, og gjer det mogleg å kombinere utdanning med arbeid på heiltid eller deltid. Mellom samlingane vil samarbeidet mellom lærar og student foregå nettbasert med hjelp av e-læringsverktøy (Fronter). Emna vil bli arrangert slik at fulltidsstudentar til vanleg kan følgje to emne på 15 studiepoeng i kvart semester.

På dei obligatoriske emna Meistring og myndiggjering – samhandlingsperspektivet, Meistring og myndiggjering – strukturperspektivet og Forskingsmetode og vitskapsteori, vil det vere krav om obligatorisk deltaking på fyrste samling. I tillegg kan studenten velje relevante valfrie emne. Studiet vert avslutta med skriving av masteroppgåve. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Masterprogrammet legg vekt på å gi studentane eit godt grunnlag for klinisk arbeid, undervisning og førebyggjande arbeid. Særleg er slik kompetanse etterspurt i helseføretaka. Studiet vil også gi deg grunnlag for å leie og utvikle helse- og sosialtenester med slik profil. Fullført mastergrad gir grunnlag for å arbeide med forsking og utgreiingsarbeid (FoU), og kan kvalifisere for opptak til doktorgradsstudium.

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål:
Kåre Heggen og Gunnvor Bakke

Praktisk informasjon

Emnet MEI 301: Meistring og myndiggjering, samhandlingsperspektivet

har oppstart tysdag 29. august kl 09.15 på Strøm 242.
Dei tre studiesamlingane er lagt til veke 35, 41 og 46.
Det vert undervising tysdag til fredag frå klokka 09.15 til ca 15.30, medan måndagane er sett av til sjølvstendig arbeid. Det er obligatorisk frammøte på heile fyrste samling.

 

Emnet MEI 302: Meistring og myndiggjering, strukturperspektivet

har oppstart tysdag 9. januar 09.15 på Strøm 242. Dei tre studiesamlingane er lagt til veke 2, 7 og 14.
Det vert undervising tysdag til fredag frå klokka 09.15 til ca 15.30, medan måndagane er sett av til sjølvstendig arbeid. Det er obligatorisk frammøte på heile fyrste samling.

 

Emnet RUS 301: Rus som kulturelt og sosialt fenomen

har oppstart måndag 21. august kl 09.15 på Strøm 243. Dei tre studiesamlingane er lagt til veke 34, 40 og 45.
Det vert undervising måndag til torsdag frå klokka 09.15 til 14.30 eller 15.30, medan fredagane er sett av til sjølvstendig arbeid. Det er krav om 75% frammøte på samlingane.

 

Emnet RUS 302: Tiltak mot rusproblem

har oppstart måndag 22. januar kl 09.15 på Strøm 243. Dei tre studiesamlingane er lagt til veke 4, 11 og 17 (2018).
Det vert undervising måndag til torsdag frå klokka 09.15 til 14.30 eller 15.30, medan fredagane er sett av til sjølvstendig arbeid. Det er krav om 75% frammøte på samlingane.

 

Emnet POL 301: Politikk, helse og livsløp - overordna perspektiv

har oppstart tysdag 5. september kl 09:15 - Stad: BK 157
Samlingar H2017: veke 36, 43 og 48.

 

Emnet POL302: Politikk, helse og livsløp – samhandling

har oppstart tysdag 30. januar kl 09:15 – Stad: BK 157
Samlingar V2018: veke 5, 10 og 16.

 

Emna MEI303 Forskingsmetode og vitskapsteori og MEI304/MEI305 Masteroppgåve

har oppstart måndag 4. september kl. 09:15 - Strøm 243. Samlingar H2017: veke 36, 43 og 49. Samlingar V2018: veke 4 og veke 8.
Organisert undervising frå klokka 09.15 til kl 16:00. Haustsamlingane blir måndag-fredag, medan vårsamlingane blir måndag-torsdag.

Undervisningsstad

Høgskulen i Volda

Annan informasjon

Før kvar samling blir det lagt ein timeplan for samlinga i Canvas-rommet, med lesetips til samlinga.

Pålogging Canvas (klikk her).

Studieplan

Helse- og sosialfag – meistring og myndiggjering (deltid)

Studieprogram: 
Mastergradsstudium i helse- og sosialfag - meistring og myndiggjering - deltid
Studienivå: 
Master
Studiepoeng: 
120
Studielengd: 
8 semester
Kull: 
2018
Studieplassar: 
20
Studietype: 
Mastergradsstudium
Organisering: 
Deltid
Opptakskrav: 

1. Opptaksgrunnlaget til mastergraden i helse- og sosialfag er fullført minimum treårig helsefagleg, pedagogisk eller sosialfagleg grunnutdanning:

- Bachelorgrad i helse- eller sosialfag.

- Lærar- eller kulturfagleg utdanning med relevante fagval.

- Cand.mag.-grad med relevant fagsamansetjing.

- Annan relevant grad eller utdanningsløp av minimum tre års omfang.

For dei tre siste strekpunkta er det krav om at studiet har 80 relevante studiepoeng, derav 20 studiepoeng fordjupning (200-nivå) etter særskild vurdering.

2. Søkjarane konkurrerer i ein av to kvotar: ein kvote for dei som har helsefagleg grunnutdanning, og ein kvote for dei som har sosialfagleg eller pedagogisk grunnutdanning. Søkjarane vert rangerte etter poengsum innanfor kvar av kvotane. Kvar av kvotane skal som hovudregel utgjere minimum 30 prosent av studieplassane.

3. Alle studentar på mastergradsstudiet må søkje undervisningsopptak til dei avsluttande emna «Forskingsmetode og vitskapsteori» og «Masteroppgåve». Alle obligatoriske emne må vere fullførte med karakteren C eller betre for å fåopptak til dei avsluttande emna. Ved rangering tek ein utgangspunkt i karakterane på dei obligatoriske emna. Deretter blir søkjarane rangerte på grunnlag av gjennomsnittskarakterar på alle emna søkjarane har gjennomført i mastergradsstudiet sitt. Ved lik rangering vert opptak avgjort ved loddtrekking.

Om studiet: 

Denne mastergradsutdanninga skal mellom anna gi deg kompetanse i og kunnskap om korleis du som sosial- og helsearbeidarar kan medverke til at pasientar/klientar meistrar oppgåver og ansvar i ulike tilstandar og ulike livsfasar. Gjennom studiet utviklar du kompetanse i brukarretta kommunikasjon og informasjonsarbeid, tverrprofesjonelt samarbeid og relasjonsorientert klinisk arbeid som kan leggje grunnlag for læring, meistring og myndiggjering (empowerment). Studiet vil også gi deg grunnlag for å leie og utvikle helse- og sosialtenester med slik profil.

Studiet er på 120 studiepoeng, der minimum 75 er obligatoriske og inntil 45 valfrie. Du kan velje blant godkjende emne ved Høgskulen i Volda og andre høgskular.

Masterstudiet rettar seg mot både helse- og sosialsektoren. Dette legg grunnlaget for eit tverrfagleg studiemiljø, som kan gi studentane ein annan lærings- og danningsprosess enn reine sosial- og helseutdanningar. Møte med ulike faglege perspektiv er ei viktig målsetting med studiet. Masterstudiet kan gjennomførast som heiltidsstudium over to studieår, eller som deltidsstudium, fortrinnsvis over fire studieår. Det er høve til å starte studiet både haust og vår, men dersom ein vil gjennomføre studiet som fulltidsstudent over to år, må ein starte i haustsemesteret. Alle emne med 15 studiepoeng vil gå over eit semester, medan emne med 30 studiepoeng vil gå over to semester. Når det gjeld emna Forskingsmetode og vitskapsteori (15 stp) og Masteroppgåve (30 evt. 45 stp) er undervisninga i emna integrert i fem vekesamlingar over to semester, slik at emna går parallelt siste studieår. Fulltidsstudentar som ønskjer valfritt emne på 30 stp, må dermed gjennomføre dette i første studieår. For å kunne tilpassast deltidsstudentar, vil kvart emne bli organisert med 3 vekesamlingar per semester, med fire undervisningsdagar og ein studiedag per samling. Samlingane er lagt til Høgskulen i Volda. Organiseringa av undervisninga i samlingar har vist seg å fungere godt både for deltids- og fulltidsstudentar, og spesielt for å kombinere utdanning med arbeid på heiltid eller deltid. Mellom samlingane vil samarbeidet mellom lærar og student foregå nettbasert med hjelp av e-læringsverktøy (Fronter). Emna vil bli arrangert slik at fulltidsstudentar til vanleg kan følgje to emne på 15 studiepoeng i kvart semester. På dei obligatoriske emna Meistring og myndiggjering – samhandlingsperspektivet og Meistring og myndiggjering – strukturperspektivet vil det vere krav om 80% deltaking på samlingane.

Studiet er totalt på 120 poeng. Av dette er 75 poeng obligatoriske og 45 poeng valfrie. Emna MEI301 Meistring og myndiggjering - samhandlingsperspektivet (15 poeng), MEI302 Meistring og myndiggjering - strukturperspektivet (15 poeng), MEI303 Forskingsmetode og vitskapsteori (15 skrive masteroppgåve på 45 poeng (MEI305 Masteroppgåve (45 poeng)). Den valfrie delen av studiet vert då 30 poeng.

Studenten kan velje blant godkjente emne ved HVO og ved andre utdanningsinstitusjonar etter søknad og individuell vurdering. Alle valfrie emne som skal inngå i mastergraden skal ligge på masternivå, eller alt vere godkjende som masteremne i andre mastergradsstudium. Om det førekjem ei viss pensumoverlapping mellom dei valfrie og dei obligatoriske emna, må studentane byte ut dei delane av pensum som er like. Med tanke på internasjonalisering vil ein arbeide for å få etablert samarbeid med utdanningsinstitusjonar i andre land og at studentar skal kunne få godkjent relevante emne gjennomført ved universitet eller høgskular i andre land.

Fagansvarlege for masterstudiet er:

  • Professor Tor Johan Ekeland, HVO
  • Professor Kåre Heggen, HVO
  • Professor Rune Kvalsund, HVO
  • Professor Jan Inge Sørbø, HVO
  • Professor Finn Ove Båtevik, HVO
  • Førsteamanuensis Bente Hasle, HVO
Læringsutbytte: 

Læringsutbytte må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

Kunnskapar: 

Studenten skal ha

  • kunnskap om kva pasientar/klientar kan meistre av oppgåver og ansvar i ulike tilstandar og ulike livsfasar, og korleis meistring kan oppnåast
  • innsikt i korleis ulike kunnskapssyn har relevans for relasjonen mellom helse- og sosialarbeidar og pasient/klient og korleis desse kan legge grunnlaget for god omsorg, rettleiing og nødvendig hjelp
  • kunnskap om korleis det etiske grunnlaget for relasjonen mellom helse-/sosialarbeidar og pasient/klient må utviklast
  • kunnskap om korleis språk, informasjon og kommunikasjon kan påverke identitetar, posisjonar og relasjonar
  • innsikt i det politiske og forvaltningsmessige grunnlaget for medverknad i helse- og sosialsektoren
Ferdigheiter: 

Studenten skal kunne

  • utnytte kunnskap om viktige samanhengar mellom sosiokulturelle forhold, livsstil og helse-/sosialproblem i førebyggjande arbeid
  • initiere FoU-arbeid som kan fremje god praksis på dei nemnde områda
Generell kompetanse: 

Studenten skal

  • ha kunnskap, ferdigheiter, haldningar og etisk medvit til å fremje læring, meistringog myndiggjering i eige arbeid med pasientar og klientar
  • vere i stand til å undervise, rettleie og initiere FOU-prosjekt med vekt på slike mål
Organisering og arbeidsmåtar: 

Bakgrunn

Forholdet mellom profesjonsutøvarar og klientar/pasientar er i endring. Profesjonsutøvarar i helse- og sosialsektoren må kommunisere med brukarane av ulike tenester. Det er eit aukande medvit om kor viktig samhandlinga og tillitsforholdet mellom den profesjonelle og mottakaren av ei teneste (pasient, klient eller pårørande) er. Relasjonen er viktig med tanke på å utnytte det potensialet pasient, klient eller pårørande ofte vil ha i forhold til å løyse, lindre eller førebygge det problemet som ligg til grunn for kontakten med hjelpeapparatet. Både i helse- og sosialsektoren kan møtet mellom systemet og enkeltpersonar vere avgjerande for begge partar si deltaking og engasjement i arbeidet med å finne løysingar på det underliggjande problemet.Medvitet om kor viktig denne relasjonen er, med tanke på å ansvarleggjere begge partane i eit samarbeid, har særleg vakse fram dei siste tiåra. Går ein attende i helse- og sosialprofesjonane si historie, var dei tidlegare meir prega av forholdet mellom ein suveren ekspert og ein passiv pasient eller klient. Det eksisterte ein sterk tillit blant folk flest til at profesjonane i velferdsstaten kunne løyse folks helse- og sosialproblem. Auka opplysning og høgre allment kunnskapsnivå har medverka til svekking av ekspertane sin autoritet og ei oppfatning om at fleire må delta i avgjerdene for å finne gode løysingar.Slike endringar har kome til uttrykk i diskusjonar i både helse- og sosialsektoren. Dette er konkret uttrykt i helselovgjevinga, der t.d. dei nye helseføretaka har fått ei ny oppgåve. Dei skal ikkje berre drive god medisinsk behandling, undervisning og forsking, men også pasient- og pårørandeopplæring. I følgje det nye lovverket har mange pasientar rett på ein individuell plan og rett til å påverke sin eigen behandlingsprosess på bestemte vilkår. Også i sosialsektoren har ein sett liknande diskusjonar, med auka vekt på relasjonskompetanse og myndiggjering (empowerment), som inneber større vekt på å skape relasjonar som sikrar klientane sine vilkår for å engasjere seg med utgangspunkt i eigne interesser.

Hovudinnhaldet i studiet handlar om relasjonen mellom hjelpar og hjelpetrengande/pårørande, kva læring, brukarmedverknad og meistring handlar om på ulike felt, korleis ein handterer informasjonsbehov og kommunikasjon, kva slags etiske spørsmål denne relasjonen reiser, og korleis behova for innsikt, deltaking og meistring kan variere i ulike livsfasar (eit livsløpsperspektiv) og på ulike område. Førebyggande perspektiv har ein sentral plass i studiet. Det dreiar seg om meistring blant personar og grupper som er akutt eller kronisk sjuke eller som har omfattande sosiale vanskar, men også om å bruke denne kunnskapen i eit målretta førebyggande arbeid, dvs til å få innsikt i samanhengar mellom t.d. sosial ulikskap og helse-/sosialproblem, i samanhengar mellom livsstil og helse-/sosialproblem og i strategiar for førebygging av problemutvikling. Funksjonshemming er eit anna viktig stikkord. Studiet vil rette merksemd mot førebygging og meistring av problemtilstandar blant folk med ulike former for funksjonshemmingar.

Masterstudiet sin intensjon er å rekruttere studentar med grunnutdanning og gjerne også praktisk erfaring frå anten sosial-eller helsesektoren. Ei studentgruppe med ulik utdanningsmessig- eller yrkesmessig erfaring vil utgjere eit spennande dynamisk element i studiet. 

Sentrale kunnskapsområde

Utdjupinga av sentrale omgrep og kunnskapsområde er framstilt samla i denne innleiande delen av studieplanen. Framstillinga kan samtidig sjåast som innleiing til dei obligatoriske masteremna – kortare utforma i strekpunkt i emneomtalane.Meistring og myndiggjering er kjerneomgrep i studiet.Meistring er viktig i forhold til personar i alle delar av livsløpet (barn, ungdom, eldre, funksjonshemma) når det gjeld å handtere typiske utfordringar i den livssituasjonen dei er i. Det handlar både om korleis ein faktisk meistrar utfordringane i kvardagen, men også om korleis ein opplever å meistre tilværet. Omgrepet er særleg utvikla innan psykologi, og særleg knytt til personar sine reaksjonar på stress og trugande situasjonar. Det er viktig å setje seg inn i denne tradisjonen, men også i nyare sosiologiske perspektiv som i større grad vektlegg omgrep som makt, kontroll, kontekst og sosial kapitalsett i forhold til meistring. Myndiggjering (empowerment) er nærare knytt til makt, politikk og overføring av makt, dvs at folk kan ta ansvar sjølve og at dei som individ eller gruppe får auka kontroll med sitt eige liv. Sett frå hjelpeapparatet handlar det m.a. om å starte prosessar, framskaffe virkemiddel og stole på at individ eller grupper sjølve kan medverke til å betre eigen situasjon i dei tilfella der dette er realistisk.

Kommunikasjon er eit overordna og gjennomgåande perspektiv som vil bli tatt opp i undervisninga på ulike nivå. På makronivået vil dette gjelde tilhøva mellom sosial strukturar, system og kommunikative prosessar; t.d. når det gjeld kulturelle endringar (verdiar, haldningar, livsstil etc.), men også endringar i organisasjonane innan helse- og sosialsektoren. Spesifikt vil ein ta opp medium/massekommunikasjon og befolkningsretta informasjonstiltak når det gjeld helse- og sosiale problem. På mikronivået, i møtet mellom pasientar/brukarar og profesjonelle hjelparar, er kunnskap om kommunikasjon avgjerande for å realisere målsettingar om samarbeid og medverknad. Det blir her lagt vekt på korleis ein utviklar nødvendige føresetnader for at profesjonelle tenester og brukarane sine eigne meistringsressursar kan spele saman på ein problemløysande og helsefremjande måte. Munnleg og skriftleg språk er ein av dei viktigaste reiskapane i kommunikative prosessar. Studentane skal lære å analysere ulike tekstar og diskursar med utgangspunkt i eksplisitt formulerte teoriar om kommunikasjon, meining og kontekst.

Studiet legg vekt på Læring og pedagogikk ved at studentane lærer å analysere og forstå læring både gjennom innføring i ulike læringstradisjonar og ved å bruke omgrep frå sentrale læringsteoriar. Eit samfunn som er karakterisert ved omfattande institusjonalisering og som i aukande grad blir fleirkulturelt, gir nye analytiske utfordringar når ein skal forstå læringsprosessar. Pedagogikken gir oss omgrep og kunnskapar til å analysere både individuelle og kollektive  læringsprosessar i ulike former for praksisfellesskap i barnevern, sosialt arbeid, utdanning og helsearbeid. For å kunne skilje mellom ulike læringsprosessar må vi forstå dei historisk: Resultat blir rekonstruert ved at vi identifiserer kva vilkår som låg til grunn, kvar i livsløpet deltakarane var og kva prosessar desse vilkåra verka gjennom. Samhandling, rettleiing og læring krev også analysar av både det som er og det som bør vere – dei faktiske, men og dei normative og etiske sidene ved samhandling. Myndiggjeringav den enkelte som mål for læringsprosessane,  krev sjølvrespekt, tillit, inkludering og gjensidig anerkjenning mellom aktørane som samhandlar

Livsstil og levekår varierer også mellom ulike befolkningskategoriar. Det gjeld for eksempel kosthald, fysisk aktivitet og forhold til rusmiddel. Denne kunnskapen må studentane tileigne seg for at dei seinare kan formidle nøktern informasjon på ein slik måte at ansvaret for levekår og helse ikkje berre blir plassert hos individ, men også hos politiske styresmakter på ulike nivå. Helsetilstand og eksponering for sjukdom eller sosiale vanskar endrar seg stadig. Det gjeld heilt frå fosterliv – via barndom, ungdomstid og vaksenliv – til alderdom. Helseforholda og risikobiletet skiftar også frå epoke til epoke. Dermed er livsløpsperspektivet nyttig for å gi kunnskap om korleis dette endrar seg historisk og mellom generasjonar. Dette er kunnskap som i lag med innsikt i relasjonar, kontekstar og strukturar er viktig for å medverke til å meistre sjukdom og sosiale problem.

Ved å legge vekt på Vitskapsteori og kunnskapssyn skal studiet medverke til at studentane skal kunne reflektere kritisk både over korleis kunnskap vert skapt og teken i bruk, og vise atvitskapsteori er eit relevant grunnlag for både forsking og yrkesutøving. Det vil særleg bli lagt vekt på kunnskapsteoretiske problemstillingar som gjeld tilhøvet mellom ulike kunnskapssyn og kunnskapstradisjonar i helse- og sosialsektoren, og praksisutøving som høvesvis har instrumentelle eller kommunikative føremål. Vitskapsteori og kunnskapssyn vil såleis vere tema i alle dei tre obligatoriske fagemna: Meistring og myndiggjering – samhandlingsperspektivet, Meistring og myndiggjering – strukturperspektivet og Forskingsmetode og vitskapsteori.

Nært knytt til ulike kunnskapssyn er også etiske utfordringar. Studiet skal gi kunnskap om, og utvikle forståing for, etiske utfordringar og dilemma som knyter seg til relasjonen mellom hjelpar og hjelpetrengande i helse- og sosialsektoren. Det handlar om rammevilkår knytt til systemforhold, men også etiske utfordringar i meir avgrensa sosiale relasjonar. Eit særleg fokus skal rettast mot utfordringar som arbeidet med informasjon og opplæring overfor pasientar/klientar og pårørande medfører. Tematikken skal drøftast i lys av både klassiske etiske teoriar, ulike utgåver av menneskesyn og aktuelle profesjonsetiske perspektiv. 

Strukturen i studiet

Studiet er totalt på 120 poeng. Av dette er 75 poeng obligatoriske og 45 poeng valfrie. Emna Meistring og myndiggjering - samhandlingsperspektivet (MEI301), 15 stp, Meistring og myndiggjering - strukturperspektivet (MEI302), 15 stp,  Forskingsmetode og vitskapsteori (MEI303),15 stp og Masteroppgåve (MEI304), 30 stp er obligatoriske. Det er høve til å skrive Masteroppgåve (MEI305) på 45 stp. Den valfrie delen av studiet vert då 30 poeng.

Studenten kan velje blant godkjente emne ved HVO og ved andre utdanningsinstitusjonar etter søknad og individuell vurdering. Alle valfrie emne som skal inngå i mastergraden skal ligge på masternivå, eller alt vere godkjende som masteremne i andre mastergradsstudium. Om det førekjem ei viss pensumoverlapping mellom dei valfrie og dei obligatoriske emna, må studentane byte ut dei delane av pensum som er like. Med tanke på internasjonalisering vil ein arbeide for å få etablert samarbeid med utdanningsinstitusjonar i andre land og at studentar skal kunne få godkjent relevante emne gjennomført ved universitet eller høgskular i andre land.

Det valfrie emnet LIH301 Ledelse i helse - og sosialtjenesten blir gitt i samarbeid mellom utdanningsintitusjonane i Molde, Volda og Ålesund. I studieåret 18/19 er tilbodet lagt til NTNU Ålesund, og i studieåret 19/20 er tilbodet lagt til Høgskolen i Molde. Emnet er førehandsgodkjent for innpassing i mastergraden.

Organisering og studieform

Masterstudiet rettar seg mot både helse- og sosialsektoren. Dette legg grunnlaget for eit tverrfagleg studiemiljø, som kan gi studentane ein annan lærings- og danningsprosess enn reine sosial- og helseutdanningar. Møte med ulike faglege perspektiv er ei viktig målsetting med studiet. Masterstudiet kan gjennomførast som heiltidsstudium over to studieår, eller som deltidsstudium, fortrinnsvis over fire studieår. Det er høve til å starte studiet både haust og vår, men dersom ein vil gjennomføre studiet som fulltidsstudent over to år, må ein starte i haustsemesteret. Alle emne med 15 studiepoeng vil gå over eit semester, medan emne med 30 studiepoeng vil gå over to semester. Når det gjeld emna Forskingsmetode og vitskapsteori (15 stp) og Masteroppgåve (30 evt. 45 stp) er undervisninga i emna integrert i fem vekesamlingar over to semester, slik at emna går parallelt siste studieår. Fulltidsstudentar som ønskjer valfritt emne på 30 stp, må dermed gjennomføre dette i første studieår. For å kunne tilpassast deltidsstudentar, vil kvart emne bli organisert med 3 vekesamlingar per semester, med fire undervisningsdagar og ein studiedag per samling. Samlingane er lagt til Høgskulen i Volda. Organiseringa av undervisninga i samlingar har vist seg å fungere godt både for deltids- og fulltidsstudentar, og spesielt for å kombinere utdanning med arbeid på heiltid eller deltid. Mellom samlingane vil samarbeidet mellom lærar og student foregå nettbasert med hjelp av e-læringsverktøy (Canvas). Emna vil bli arrangert slik at fulltidsstudentar til vanleg kan følgje to emne på 15 studiepoeng i kvart semester. På dei obligatoriske emna Meistring og myndiggjering – samhandlingsperspektivet og Meistring og myndiggjering – strukturperspektivet vil det vere krav om obligatorisk frammøte i den første samlingsveka.

Navn: 
Master i helse og sosialfag – meistring og myndiggjering, deltid
Emne2018 H2019 V2019 H2020 V2020 H2021 S2021 H2022 V
1. STUDIEÅR
15
15
2. STUDIEÅR - Min. 30 stp. valemne:
1515
 
1515
 
1515
 
LIH301 Ledelse i helse- og sosialtjenesten - Emnet vil bli godskrive med 30 stp som del av utdanninga. Emnet går i Molde studieåret 2019/2020, og studentar som ynskjer dette emnet må søkje opptak på emnet ved Høgskolen i Molde
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
 
1515
Valemne frå andre mastergrader ved HVO kan søkjast på i periodar for undervisningsopptak. På grunn av andre krav til opptak, må det søkjast særskilt til Studentsørvis på e-post: Studentsorvis@hivolda.no. Dette gjeld emnet:
 
15
3. OG 4. STUDIEÅR
15151515
60 studiepoeng (inkluderet MEI301 og MEI302 med minimum karakter C), må vere fullført og stått før ein kan starte på emna MEI303 og MEI304/MEI305.
 
7.57.5
Vel anten MEI304 eller MEI305:
 
7.57.57.57.5
 
7.57.51515
Val av MEI304 krev 15 stp. tillegg av valemne og som bør takast parallelt med metode og oppgåveemnet i tredje studieår.
Evaluering og kvalitetssikring : 

Studieprogrammet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Ansvarleg: 
Kåre Heggen, tlf. 70 07 52 16, kare.heggen@hivolda.no