Mastergrad

Samfunnsplanlegging og leiing

Studiet gir deg kunnskap om og forståing av samfunnsplanlegging og offentleg leiing som politisk styrte prosessar med sikte på heilskapleg og berekraftig utvikling. 

Start:
Haust
Omfang:
Deltid Heiltid Samlingar
Studiepoeng:
120,0
Varigheit:
8 semester (4 år)
Studietype:
Mastergrad
Søknadsperiode:
01.02.2025

Eit samfunn i kontinuerleg omstilling stiller store krav til leiarar, både i offentleg og privat sektor. Masterstudiet gir høg yrkesretta kompetanse i planlegging, utviklingsarbeid og leiing i samfunn og organisasjonar. I studiet vert det lagt vekt på å knyte teori og praksis saman, og til å stimulere studentane til å reflektere over det å vere planleggar og leiar.

Masterstudiet som deltidsstudium går vanlegvis over fire studieår. Ved særskild ønske vert det tilrettelagt for at studiet kan gjennomførast som heiltidsstudium. Kontakt i så fall studieadministrasjon etter opptak.

Studieinnhald

Det vert tatt utgangspunkt i at leiarar i offentleg sektor har eit stor samfunnsansvar og at planlegging er eit reiskap for utøving av slik leiarskap. Behova i samfunnet blir meir og meir samansette, og offentleg sektor må difor framstå som meir samordna. Saman med privat og frivillig sektor må offentleg sektor bidra til meir samhandling, og saman med brukarar/borgarar bidra til meir samskapte og tilpassa tenester. Gjennom studiet  opparbeider du evne til å knyte saman kunnskap og handling i analysar og refleksjon. Du får eit djupare teoretisk fundament og ei meir kritisk forståing av metodar for leiing og planlegging i samfunn og organisasjonar.

Opptakskrav

1. Bachelorgrad i planlegging og administrasjon eller tilsvarande. Døme på tilsvarande utdanningar er bachelorprogram innanfor samfunnsplanlegging, arealplanlegging, administrasjon og leiing, statsvitskap, økonomi og administrasjon.

  • For opptak etter punkt 1 er det krav om fordjuping i fag, emne eller emnegrupper av minimum 80 studiepoengs omfang, derav 20 studiepoeng på fordjupingsnivå eller
  • Integrert yrkesretta utdanning av minimum 120 studiepoengs omfang innanfor fagområdet for mastergraden. Døme på slike utdanningar er barnevernspedagog, sosionom og barnehagelærar.

2. Minst tre år anna høgare utdanning og minst to år relevant praksis frå samfunnsplanlegging og leiing.

Det er krav om karaktersnitt C eller betre i opptaksgrunnlaget (bachelor el. tilsvarande).

Praksis og utveksling i utlandet

Høgskulen i Volda har avtalar med utdanningsinstitusjonar i utlandet, og du kan få hjelp til å finne aktuelle studium.

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Høgskulen i Volda tilbyr masterstudiet som deltidsstudium, og studiet går vanlegvis over fire studieår. Ved særskild ønske vert det tilrettelagt for at studiet kan gjennomførast som heiltidsstudium. Ta kontakt om meir informasjon med studiekoordinatoren eller med Studentsørvis.

Undervisninga er ein kombinasjon av førelesingar, gruppearbeid, presentasjon og drøfting i plenum. Praktiske øvingar med utgangspunkt i studentane sine eigne utfordringar er ein viktig del av studiet. Undervisninga er tilrettelagt både for heiltids- og deltidsstudentar. Emne på 15 studiepoeng går over eitt semester med tre vekesamlingar på fire til fem undervisningsdagar. Mellom samlingane er det sjølvstudium og høve til rettleiing gjennom Canvas. 

Aktuelle yrke og vidare studium

Høgskulen i Volda tilbyr masterstudiet som deltidsstudium, og studiet går vanlegvis over fire studieår. Ved særskild ønske vert det tilrettelagt for at studiet kan gjennomførast som heiltidsstudium. Ta kontakt om meir informasjon med studiekoordinatoren eller med Studentsørvis.

Undervisninga er ein kombinasjon av førelesingar, gruppearbeid, presentasjon og drøfting i plenum. Praktiske øvingar med utgangspunkt i studentane sine eigne utfordringar er ein viktig del av studiet. Undervisninga er tilrettelagt både for heiltids- og deltidsstudentar. Emne på 15 studiepoeng går over eitt semester med tre vekesamlingar på fire til fem undervisningsdagar. Mellom samlingane er det sjølvstudium og høve til rettleiing gjennom Canvas. 

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

IPA301 Regional planlegging og utvikling 

Emnet er samlingsbasert med tre samlingar. Samlingane er på fire dagar (tysdag til fredag), med ein kombinasjon av fysisk oppmøte og digital undervisning. Tysdagar er det digital undervisning, dei andre dagene er det fysisk oppmøte. 

Fyrste samling startar tysdag 27.august 2024 på zoom, som nettleksjon. Fyrste undervisningsdag med fysisk oppmøte blir då onsdag 28. august 2024, kl 09:15 på på HS220 Granskinga (Hans Strøm huset).

  • Samling 1, veke 35 : tysdag 27. august - fredag 30. august 2024
  • Samling 2, veke 38 : tysdag 17. september - fredag 20. september 2024
  • Samling 3, veke 43 : tysdag 22. oktober - fredag 25. oktober 2024

Undervisninga er ein kombinasjon av forelesingar, nettleksjonar og studentaktivitetar. Undervisninga er i stor grad dialogbasert og det er lagt opp til at studentane møter opp og deltek aktivt.

 

IPA304 Leiing og personalutvikling

Emnet er samlingsbasert i 3 samlingar med undervisning over 4 dagar, frå tysdag til fredag. 

Fyrste undervisningsdag er tysdag 03/09 - 2024, oppmøte kl 09:15 på HS220 Granskinga (Hans Strøm huset).

  • Samling 1, veke 36: tysdag 03/09 - fredag 06/9 - 2024
  • Samling 2, veke 40: tysdag 01/10 - fredag 04/10 - 2024
  • Samling 3, veke 46: tysdag 12/11 - fredag 15/11 - 2024

 

IPA307 Forskingsmetode og vitskapsteori

Undervisninga går føre seg på 3 samlingar på 4 dagar:

Fyrste undervisningsdag er tysdag 13/08 - 2024, oppmøte kl 09:15 på HS220 Granskinga (Hans Strøm huset).

  • Samling 1, veke 33: tysdag 13/08 - fredag 16/08 - 2024
  • Samling 2, veke 42: måndag 14/10 - torsdag 17/10 - 2024
  • Samling 3, veke 47: måndag 18/11 - torsdag 21/11 - 2024

 

IPA308/IPA309/IPA318/IPA319 Masteroppgåve (30 eller 45 studiepoeng)

Undervisninga i samband med masteroppgåva går føre seg på 2 samlingar på 2 dagar våren 2025.

  • Samling 1, veke 5: måndag 27/01 - tysdag 28/01 - 2025
  • Samling 2, veke 10: måndag 03/03 - tysdag 04/03 - 2025 

 

LIH301 Leiing i helse og sosialtenesta

Undervisninga er organisert i samlingar ved Høgskulen i Volda. Kvar samling går over to dagar.

Tidspunkt:      

Torsdagar kl.10:15 til kl.16:00

Fredagar kl.09:15 til kl.15:00

 

Fysisk/digitalt:

Februarsamlinga 2025 er heldigital

Dei øvrige samlingane er fysiske ved HVO, men med hybrid digitalt opplegg (zoom)

Fyrste oppmøte er torsdag 15/8 kl 10:15 på BK161 Store auditorium (Berte Kanutte huset).

 

Samlingsveker:

Haustsemesteret 2024:

  • Samling 1, veke 33: torsdag 15/8 - fredag 16/8 - 2024
  • Samling 2, veke 37: torsdag 12/9 - fredag 13/9 - 2024
  • Samling 3, veke 42: torsdag 17/10 - fredag 18/10 - 2024
  • Samling 4, veke 47: torsdag 21/11 - fredag 22/11 - 2024

Vårsemesteret 2025: 

  • Samling 1, veke 2: torsdag 09/01 - fredag 10/01 - 2025
  • Samling 2, veke 6: torsdag 06/02 - fredag 07/02 - 2025 (merk heildigital!)
  • Samling 3, veke 10:torsdag 06/03 - fredag 07/03 - 2025 
  • Samling 4, veke 19: torsdag 08/05 - fredag 09/05 - 2025

 

MEI301 Meistring og myndiggjering - samhandlingsperspektivet

Undervisninga er lagt til tre vekesamlingar, med fire undervisningsdagar og ein studiedag på kvar samling:

Fyrste undervisningsdag er måndag 19.08.2024, oppmøte kl 09:15 på HS220 Granskinga (Hans Strøm huset).

  • Samling 1, veke 34: måndag 19. august - torsdag 22. august 2024 (fysisk samling)
  • Samling 2, veke 38: måndag 16. september - torsdag 19. september 2024 (denne samlinga er heildigital, med opplegg i Canvas og på zoom).
  • Samling 3, veke 43: måndag 21. oktober - torsdag 24. oktober 2024 (fysisk samling)

Undervisninga er ein kombinasjon av fysiske og digitale forelesingar, gruppearbeid, seminar, presentasjon av arbeid med heimeoppgåve og drøfting i plenum m.m.

 

RUS301 Rus som kulturelt og sosialt fenomen 

Emnet er organisert som halvtidsstudium over eitt semester. Undervisninga er konsentrert til tre vekesamlingar, med inntil fire undervisningsdagar på kvar samling. 

Første undervisningsdag er tysdag 27. august 2024, oppmøte kl 09:15 på HS101 Selskapet (Hans Strøm huset).

Samling 1, veke 35: tysdag 27/08 - fredag 30/08 - 2024
Samling 2, veke 39: tysdag 24/09 - fredag 27/09 - 2024
Samling 3, veke 45: tysdag 05/11 - fredag 08/11 - 2024

 

KUM301 Nasjon, kultur og religion

Undervisningen er samlingsbasert over en uke, samt 2 digitale undervisningsdager. Samlingen går på Høgskulen i Volda. Oppmøte første dag, mandag 2. september kl 09:15 på HS101 Selskapet (Hans Strøm huset).

  • Samling 1: uke 36: mandag 2/9-fredag 6/9 - 2024 fysisk oppmøte på campus

    samt mandag 9/9 og onsdag 11/9-2024 på zoom

 

KUM305 Brennpunkt Midtøsten

Undervisningen foregår digitalt over 3 uker med 4 dager i undervisning per uke. 

Det vil bli et oppstartsmøte på zoom 19. august 2024. Samlingene blir også gjennomført på zoom. Mer informasjon om dette i Canvas.

Tirsdager og torsdager er det 4 timers undervisningbolker fra kl. 1200-1600, mens det onsdager og fredager er 2 timers undervisningsbolker fra kl. 1400-1600

  • Samling 1: uke 38: mandag 16/09 - fredag 20/09 - 2024
  • Samling 2: uke 40: tirsdag 01/10 - fredag 04/10 - 2024

 

KUM311 Mangfald, integrasjon og eksklusjon

Undervisninga er samlingsbasert over to veker. Måndag til onsdag i veke 37 og måndag og tysdag i veke 41.

Oppstartsmøte på zoom 19. august 2024, informasjon om dette i Canvas.

  • Samling 1, veke 37: måndag 09/09 - onsdag 11/09 - 2024  
  • Samling 2, veke 41: onsdag 09/10 - torsdag 10/10 - 2024
Studieplan

Samfunnsplanlegging og leiing - master (deltid)

Studieprogram: 
Samfunnsplanlegging og leiing - master (deltid)
Studienivå: 
Master
Studiepoeng: 
120
Studielengd: 
8 semester
Kull: 
2024
Studieplassar: 
40
Studietype: 
Mastergradsstudium
Organisering
Deltid
Opptakskrav

1. Bachelorgrad i planlegging og administrasjon eller tilsvarande. Døme på tilsvarande utdanningar er bachelorprogram innanfor samfunnsplanlegging, arealplanlegging, administrasjon og leiing, statsvitskap, økonomi og administrasjon.

  • For opptak etter punkt 1 er det krav om fordjuping i fag, emne eller emnegrupper av minimum 80 studiepoengs omfang, derav 20 studiepoeng på fordjupingsnivå eller
  • Integrert yrkesretta utdanning av minimum 120 studiepoengs omfang innanfor fagområdet for mastergraden. Døme på slike utdanningar er barnevernspedagog, sosionom og barnehagelærar.

2. Minst tre år anna høgare utdanning og minst to år relevant praksis frå samfunnsplanlegging og leiing.

Det er krav om karaktersnitt C eller betre i opptaksgrunnlaget (bachelor el. tilsvarande).

 

Avsluttande oppgåveemne:

60 studiepoeng, inkludert dei obligatoriske emna IPA301 og IPA303, må vere bestått før ein kan ta til på det avsluttande metode- og oppgåveemne.

 

Om studiet

Formålet med studieprogrammet er å bidra til at aktørar i samfunnet samarbeider meir på tvers av nivå, sektor og profesjon for å oppnå nye problemforståingar og problemløysingar, som på ei betre måte tilfredsstiller samfunnet sin behov for heilskapleg praksis. Planlegging og leiing blir rekna som viktige verktøy for å oppnå dette. Masteroppgåva skal vurderast etter vitskaplege kriterium og oppgåva skal dokumentere at studenten kan arbeide metodisk og sjølvstendig med relevante problemstillingar. Masterstudiet gir høg yrkesretta kompetanse i planlegging, utviklingsarbeid og leiing i samfunn og organisasjonar. Fullført studieprogram gir høve til å søke doktorgradsprogram.

Studiet tek utganspunkt i at leiarar har eit spesielt ansvar for å bidra til ei planlagt samfunnsutvikling, og at plan- og utviklingsarbeid skjer i samhandling (partnarskap) mellom offentleg, privat og frivillig sektor i kapasitetsbyggande prosessar. Høgskulen i Volda er den einaste utdanningsinstitusjonen i landet som tilbyr vi ein mastergrad der planlegging og leiing blir sett i samanheng. Planleggar og leiar er i mange tilfelle noko ein blir etter å ha vore lærar, sjukepleiar, ingeniør og anna i mange år. Difor er det mange planleggarar og leiarar som saknar formell utdanning i planlegging og leiing. Erfaringane viser at studiet passar for planleggarar, ingeniørar, sjukepleiarar, legar, sosionomar, barnevernspedagogar, lærarar, politi og andre profesjonsutdanningar som ønsker å vidareutdanne seg i planlegging og leiing med vekt på heilskaplege problemforståingar og problemløysingar. Studiet passar også for dei som ønsker å kvalifisere seg til stillingar innanfor plan- og utviklingsarbeid i offentleg, privat og frivillig sektor.

Studiet legg vekt på å knyte saman teori og praksis og på å stimulere studentane til å reflektere over det å vere planleggar og leiar. Studentane i programmet er ei blanding av folk med ferske bachelorgrader og folk med både lang utdanning og praksis. Vidare har studentane ulike utdanningar og representerer ulike profesjonar. Difor legg studiet vekt på studentaktive læringsformer med dialogbasert undervisning, omsnudd klasserom der studentane presenterer og drøftar sine erfaringar og sine arbeid, medstudentvurderingar av oppgåver som er til rettleiing m.m.. På den måten oppnår ein at dei erfarne bidreg med relevant praksis og dei med ferske bachelorgrader bidreg med innsikt i nye teoriar og modellar. I sum gir dette grunnlag for kritisk refleksjon over kunnskap, ferdigheiter, handlingar og haldningar og dermed ein meir kompetent praksis som planleggar og leiar.

Læringsutbytte

I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • avansert kunnskap om relevante perspektiv, teoriar og omgrep planlegging og leiing
  • forståing av samfunnsplanlegging som ein politisk styrt prosess med sikte på heilskapleg og berekraftig utvikling
  • sjølvstendig og kritisk forståing av metodar for leiing av plan- og utviklingsarbeid i samfunn og organisasjonar
Ferdigheiter

Studenten skal ha ferdigheiter til sjølvstendig å

  • knyte saman teori og praksis i kritiske analyser
  • drive vitskapleg forsking 
  • skrive større og mindre oppgåver
  • forstå og formidle forsking
Generell kompetanse

Studenten skal kunne 

  • sjølvstendig reflektere over rolla som planleggar og leiar og korleis eigen kunnskap, ferdigheiter og haldningar/verdiar pregar utøving av rolla
  • erkjenne at leiarar har eit spesielt ansvar for å bidra til samhandling, innovasjon og i heilskapleg samfunnsutvikling
Organisering og arbeidsmåtar

Masterstudiet er lagt opp som deltidsstudium over fire studieår, med undervisning konsentrert til studiesamlingar som går over fleire dagar i Volda. Ved ønske vert det tilrettelagt for at studiet kan gjennomførast som heiltidsstudium. 

Det vert nytta varierte undervisnings- og læringsformer, der vi legg stor vekt på dialog og studentdeltaking.

Studiet er totalt på 120 studiepoeng (stp). Av dette er 75 stp obligatoriske og 45 stp valfrie. Studiet er samansett av emne på 15, 30 og 45 stp. Emna Regional planlegging og utvikling (IPA301), 15 stp, Offentleg leiing og kommunikasjon (IPA303), 15 stp, Forskingsmetode og vitskapsteori (IPA307), 15 stp og Masteroppgåve (IPA318), 30 stp eller Masteroppgåve (IPA319), 45 stp, er obligatoriske. Om ein vel Masteroppgåve på 45 stp, vert den valfrie delen av studiet 30 studiepoeng.

I det avsluttande emnet Masteroppgåve (30/45 stp) er det to eigne studiesamlingar i vårsemesteret, der fokuset er på arbeidet med masteroppgåva og utfordringar ein kan møte i skriveprosessen. I tillegg er det seminar i emnet  Forskingsmetode og vitskapsteori, der studentane legg fram og  får tilbakemelding på eige masterprosjekt og gir respons på medstudentar sine prosjekt. 

Studentane kan velje blant godkjente emne ved HVO og ein kan også søke om å få innpassa relevante masteremne frå andre utdanningsinstitusjonar.

Les om vurderingsordningar og eksamen i emneplanane.

Samfunnsplanlegging og leiing - master (deltid)
Navn: 
Samfunnsplanlegging og leiing - master (deltid)
Emne2024 H2025 V2025 H2026 V2026 H2027 V2027 H2028 V
1. OG 2. STUDIEÅR
15
15
Valemne, sterkt tilrådde:
1515
 
1515
 
1515
 
15
Valemne frå andre mastergrader ved HVO kan søkjast på i periodar for undervisningsopptak. På grunn av andre krav til opptak, må det søkjast særskilt til Studentsørvis på e-post: Studentsorvis@hivolda.no. Dette gjeld emna:
 
1515
 
15
 
1515
 
15
 
1515
 
15
 
1515
3. OG 4. STUDIEÅR
60 stp må vere bestått (inkl. IPA301 og IPA303) før ein kan starte på emna IPA307 og IPA318/IPA319.
151515
15
Vel anten IPA318 eller IPA319. Val av IPA318 krev 45 stp. valfrie emne og val av IPA319 krev 30 stp. valfrie emne.
 
**1515
 
*151515
Internasjonalisering

Institutt for planlegging og administrasjon og samfunnsfag er akkreditert som fullt medlem av AESOP (The Association of European Schools of Planning), eit nettverk av europeiske universitet og høgskular som driv med undervisning og forsking i samfunnsplanlegging.

Anna
Alle emna med unntak av Forskingsmetode og vitskapsteori (15 stp) og Masteroppgåve (30 eller 45 stp), kan takast som frittståande vidareutdanningar. Dei som berre tek emne som vidareutdanningar, blir gitt karakterutskrifter.
Ansvarleg
Bjarte Folkestad, tlf. 70 07 50 224, e-post: bjarte.folkestad@hivolda.no