Er du nysgjerrig på korleis samfunn og organisasjonar fungerer? Denne utdanninga passar for deg som vil jobbe med administrative oppgåver, forvalting og planlegging i offentleg, privat og frivillig sektor.
Utdanningen er tverrfagleg og variert, og opnar for et breitt spekter av jobbmoglegheiter i offentleg, privat og frivillig sektor.
Dialog med privat og offentleg sektor i regionen gir gode sjansar til å knyte kontaktar med framtidige arbeidsgivarar
Tidlegare studentar har mellom anna fått stillingar som:
Planleggar ved teknisk sektor i kommune/fylke
Rådgivar/sakshandsamar i kommune, NAV, Statens Vegvesen, skuleverket og privat sektor
Rådgivar/sakshandsamar i personalforvaltning / HR
Prosjektleiar
Tenesteutviklar
Konsulent
Bli med på webinar!
Få ein introduksjon til studiet og still spørsmål til lærarane om du lurer på noko. Webinaret er heilt uforpliktande og varer inntil 30 minutt. Meld deg på ved å klikke på lenka:
Studentane ved Bachelor i planlegging, administrasjon og leiing får tett oppfølging av høgt kvalifiserte fagfolk, og vil gjennom prosjektarbeid, praksisopphald og studieturar få verdifull og arbeidslivsrelevant erfaring.
Innblikk i studiekvardagen
Ingrid Foldal fullførte Bachelor i planlegging og administrasjon (tidligere navn på Bachelor i planlegging, administrasjon og leiing). Nå jobber Ingrid som produkt- og tjenesteutvikler i Fjordkraft i Bergen.
Etter fullført Bachelor i planlegging og administrasjon (tidlegare namn på Bachelor i planlegging, administrasjon og leiing) jobba Christer Adrian Mork i Hareid kommune. I dag er han tilsett som prosjektleiar i bedrifta Ulmatec i Hareid.
Dette er bacheloren for deg som har lyst til å være med på å påvirke og lede endringer i samfunnet, enten det er i offentlig, frivillig eller privat sektor. For Frida Fagerlid Lødemel ble det veien inn til en spennende jobb i domstolen.
Bli med og utforsk ei berekraftig samfunnsutvikling, og ta ei utdanning som opnar dørene for mange jobbmoglegheiter! Iben hoppa i det, tok praksis i Italia og delar sine erfaringar.
Feltarbeid i lokalsamfunnsanalyse er en integrert del av Bachelor i planlegging, administrasjon og leiing. I løpet av et par intensive og lærerike dager jobber studentene med utfordrende problemstillinger, som konsekvensene av skolenedleggelser og hvordan infrastruktur påvirker samarbeid og konkurranse i næringslivet.
Gjennom faglige innlegg, refleksjon og praktiske workshops fikk studenter ved Avdeling for samfunnsfag og historie (ASH) utforske hvordan gruppeprosesser, roller og identitet påvirker samspillet mellom mennesker, både i studielivet og i arbeidslivet.
Du kan ta deler av utdanningen i utlandet. Det er mange studier i utlandet å velge mellom. Vi anbefaler blant annet utveksling til våre samarbeidsinstitusjoner i Danmark, Irland, Australia eller USA. Les mer om internasjonalisering på nettsidene våre.
Bachelorstudiet i Planlegging, administrasjon og leiing er eit tverrfagleg studium som gir ein allsidig bakgrunn for å jobbe med planlegging- og utviklingsoppgåver i offentleg, frivillig og privat sektor.
I studiet utviklar ein kompetanse innan sentrale tematikkar som:
Berekraftig samfunnsutvikling og planlegging på lokalt og regionalt nivå (PLA)
Governance/styring; demokratiutøving, styringssystem, økonomi og samstyring lokalt, regionalt og internasjonalt (GOV)
Prosessleiing: prosesskompetanse, omstilling og endringskompetanse, kommunikasjon og samhandling (PRO)
Arbeidslivsrelevans er mellom anna ivaretatt gjennom ulike typar prosjektarbeid, praksis og samarbeid med offentlege, frivillige og private institusjonar. Du får også tilbod om å vere med på ekskursjon til utlandet og kan ta både praksis og delar av studiet i utlandet.
Studiet kvalifiserer til mastergradsstudium i Samfunnsplanlegging og leiing ved Høgskulen i Volda.
Læringsutbytte
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Kunnskapar
Studenten skal ha kunnskap om og forståing av:
Sentrale teoriar, metodar og arbeidsmåtar på tvers av og innan si sjølvvalde spesialisering i samfunnsplanlegging, samfunnsstyring/governance eller prosessleiing
Samfunnsfagleg forskingsmetode og akademisk skriving
Samspelet mellom politikk, økonomi og sentrale rettsområde i samfunnsutvikling
Plansystemet og viktige verktøy i berekraftig samfunns- og arealplanlegging
Verdien av demokratisk deltaking i planog utviklingsprosessar
Ferdigheiter
Studenten kan:
Reflektere kritisk rundt og vurdere samfunnsvitskaplege tema, utviklingstrekk og utfordringar i samfunn og organisasjonar
Planlegge, samle inn og framstille fagstoff som svarer på ei forskbar problemstilling
Planlegge, gjennomføre og formidle i prosessar og prosjekt bygd på teoretisk og metodisk forståing innan fagfeltet
Kommunisere og samhandle i tråd med arbeidslivet sine krav og etiske retningslinjer, både munnleg, skriftleg og digitalt, og både individuelt og i grupper
Bruke grunnleggjande ferdigheiter i GIS (geografiske informasjonssystemer) i berekraftig samfunns- og arealplanlegging
Generell kompetanse
Studenten skal etter endt utdanning vere:
Kvalifisert til å jobbe med planleggingsoppgåver og prosessleiing i samfunnsutvikling i offentleg, frivillig og privat sektor
Kvalifisert til vidare masterstudium
Organisering og arbeidsmåtar
Gjennom studiet vil ein møte stor variasjon i arbeidsmåtar og vurderingsformer, med fokus både på fagleg fordjuping og på arbeidslivsrelevans gjennom prosjektsamarbeid og ulike typar praksis.
Studiet har 150 studiepoeng obligatoriske og 30 studiepoeng valfrie emner, og er bygd rundt tre søyler, samfunnsplanlegging (PLA), samfunnsstyring/governance (GOV) og prosessleiing (PRO). Ein kan velje spesialisering innan ein av desse i 4. semester og i bacheloroppgåva 6. semester.
For fordjuping i samfunnsplanlegging (PLA) tilrår vi to av valemna:
PLA221 Fordjuping i arealplanlegging, kartkunnskap og GIS
IPA171 Grunnleggjande innføring i leiing
IPA203 Internship with project report
For fordjuping i samfunnsstyring/governance (GOV) tilrår vi to av valemna:
GOV115N Kommunal økonomi
IPA171 Grunnleggjande innføring i leiing
IPA203 Internship with project report
For fordjuping i prosessleiing (PRO) tilrår vi to av valemna:
KOH139 Entreprenørskap i kreative næringar
IPA171 Grunnleggjande innføring i leiing
IPA203 Internship with project report
Tidlegare fagemne/studium kan innpassast her, jf. §4-10 i Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Dei valfrie emna som instituttet gjev tilbod om, kan bli avlyst dersom det melder seg for få studentar.
Det er høve til å velje praksis som eit valemne (fjerde semester). Det vil også kunne leggast til rette for praksisopphald i utlandet same semester. Val av praksisplass skal vere godkjend av instituttet.
Internasjonalisering
Ein kan ta delar av utdanninga i utlandet, både gjennom praksisopphald og gjennom utveksling 4.semester. Høgskulen i Volda har avtalar om studentutveksling med ei rekkje universitet og høgskular rundt om i verda. Val av studieemne skal vere godkjend av instituttet.