Relevant utdanning for arbeidsplassar i både offentleg og privat sektor

Etter fullført bachelor i planlegging og administrasjon (som var det tidlegare namnet til bachelor i samfunnsutvikling) jobba Christer Adrian Mork i Hareid kommune. I dag er han tilsett som prosjektleiar i bedrifta Ulmatec i Hareid.

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Del på:

Kva inspirerte deg til å velje bachelorprogrammet i planlegging og administrasjon?
Linja for planlegging og administrasjon var noko eg kom over litt tilfeldig. Eg hadde ingen kjennskap til denne på førehand. Eg hadde vel egentlig ikkje heilt bestemt meg for kva studium eg skulle gå. Når eg fikk lest meg opp og undersøkt litt meir om linja, verka dette som eit spennande og interessant linjeval. Der var masse fag som virka både interessante, fornuftige, og spennande for arbeidslivet. Linja hadde også eit godt rykte på seg både for godt fagleg innhald, med gode lærarar/ forelesarar.


Korleis har utdanninga påvirka din karrierevei/yrkeskarriere?
Denne utdanninga gir deg eit breidt spekter av kunnskap. Dette er ei linje som gir meir breidde, enn spisskompteanse. Det at ein har eit så breidt faginnhald gjer at ein kan vere relevant for arbeidsgivarar i ein breid arbeidsmarknad. Både offentleg og privat. Eg starta sjølv som byggesakshandsamar i det offentlege rett etter endt bachelor. Der var eg i nesten 5 år. I mellomtida tok eg også ein del fag på masternivå på denne linja (samfunnsplanlegging og leiing) . I dag jobbar eg som prosjektleder/ innkjøper ved en bedrift som heiter Ulmatec.


Kan du dele ei minneverdig oppleving og/eller ein ferdigheit du tileigna deg under studiet som har vore spesielt verdifull i ditt yrkesliv?
Har vel kanskje ikkje ein spesiell opplevelse å vise til, men: Der er særs mange flinke forelesarar som er med på å gjere faga og faginnhaldet interessant og lærerikt. Det at studiet er såpass breidt, og strekk seg innom mange ulike fagområder gjer at ein får ein brei kompetanse. Dette vil eg seie er ei god ferdigheit som man drar med seg vidare ut i arbeidslivet. Dette vide omfanget av fagområder er veldig nyttig når man ofte kjem innom mange ulike fagområder uansett kva veival ein tek. Ei ferdigheit som studiumet etter mi meining også gir, er god evne til sjølvstendigheit. Ein skal omfavne mange ulike fagområder og mykje kunnskap. Det krev at ein er i stand til å strukturere seg, og arbeide på ei god og sjølvstending måte. Dette er eit studium som absolutt kan anbefalast 😊

Del på: