Vidareutdanning (masternivå)

Rus som kulturelt og sosialt fenomen

Deltid, Samlingar

Meetup(s)

Emnet Rus som kulturelt og sosialt fenomen (RUS 301), har oppstart mandag 20. august 2018.
Dei tre studiesamlingane er lagt til veke 34, 39 og 45, og varer frå mandag til fredag. Fredag er sett av til sjølvstendig arbeid. Timeplan for samlingane vert lagt ut i forkant i Canvas.

Det er krav om deltaking på 2 av 3 studiesamlingar (eller 65% av tida på samlingane). I tillegg kjem deltaking på Artikkelseminar.

Folk sin bruk av og haldningar til alkohol og andre rusmiddel er i endring. Dette inneber også nye forståingar av korleis ein kan regulere rusmiddelbruk og korleis ein bør førebygge og behandle rusmiddelproblem. Dette emnet passar for deg som ønskjer oppdatert kunnskap om kva avhengigheit er, om rusmiddelbruk i ulike grupper og om førebyggingsstrategiar.

Apply

Application code(s) : 4396

Info and deadlines

Duration 1 semester

Credits 15

Start Haust

Deadline Rolling admission

Study content

I Rus som kulturelt og sosialt fenomen studerer vi rusmiddelbruk og rusproblematikk ut i frå forskingsbasert kunnskap frå fleire fagområde, med vekt på sosiologiske og psykologiske tilnærmingar. Vi er opptekne av spørsmål som; kva er avhengigheit, kva for sosiale funksjonar har rusmiddelbruk, kva betyr rusmiddelbruk i samfunnet vårt, korleis kan ein førebyggje problematisk rusmiddelbruk og kva for konsekvensar har rusmiddelbruk for den enkelte, for pårørande, for arbeidslivet og for samfunnet som heilskap? Ein kan bygge på med emnet "Tiltak mot rusproblem" som går om våren.
Les emneplan.

 


Praktisk informasjon:

Emnet Rus som kulturelt og sosialt fenomen (RUS 301), har oppstart mandag 20. august 2018. Dei tre studiesamlingane er lagt til veke 34, 39 og 45, og varer frå mandag til fredag. Fredag er sett av til sjølvstendig arbeid. Timeplan for samlingane vert lagt ut i forkant i Canvas.

Det er krav om deltaking på 2 av 3 studiesamlingar (eller 65% av tida på samlingane). I tillegg kjem deltaking på Artikkelseminar.

 

Admission requirements

Bachelor i helse-, sosial- eller pedagogiske fag. Søkjarar med annan utdanningsbakgrunn vert vurdert særskilt. 

Teaching methods and assessment schemes

Emnet er organisert som halvtidsstudium over eitt semester. Undervisinga er konsentrert til tre vekesamlingar, med fire underviningsdagar på kvar samling. Den femte dagen er studiedag. Meir praktisk informasjon kjem når det nærmar seg studiestart.

Professional prospects and further studies

Emnet kan gå inn som valfri del av Master i helse- og sosialfag: Meistring og myndiggjering og i Master i samfunnsplanlegging og leiing. Mange av dei som tek emnet er sosialarbeidarar, vernepleiarar eller sjukepleiarar som møter rusproblematikk i jobbane sine i kommunar og helseføretak. Andre grupper er politi, lærarar og rådgjevarar, samt frivillige som treng oppdatert kunnskap om rusmiddelbruk.
 

Contacts

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post

For faglege spørsmål:
Silje Louise Dahl (emneansvarleg) og Vidar Myklebust


For administrative spørsmål:
Gunnvor Bakke