Mastergrad
Helse- og sosialfag
Masterutdanninga har fokus på kva forhold som kan fremme og hindre meistring og myndiggjering - både på strukturnivå og i samhandling mellom profesjonsutøvarar, brukarar og pårørande i det helse- og sosialfaglege feltet.
Studiet skal bidra til at du vidareutviklar kunnskap, ferdigheiter, haldningar og etisk medvit, som kan styrke profesjonsutøving.
- Start:
- Haust
- Omfang:
- Deltid Samlingar Heiltid
- Studiepoeng:
- 120
- Varigheit:
- 8 semester (4 år)
- Studietype:
- Mastergrad
- Søk frå:
- 01.02.2025
Studiet har løpande opptak.
Studiet har eit særleg fokus på meistring og myndiggjering/empowerment som analytisk omgrep og praktisk tilnærming i samhandling med brukarar og pårørande, og med andre profesjonsutøvarar.
Opptakskrav
- Bachelorgrad i helsefag, sosialfag eller pedagogiske fag.
- Cand.mag.-grad med relevant fagsamansetjing.
- Annan relevant grad eller utdanningsløp av minimum tre års omfang.
For dei to siste punkta er det krav om at studiet har 80 relevante studiepoeng, derav minimum 20 studiepoeng på fordjupingsnivå.
Praksis og utveksling i utlandet
Som student ved master i Helse- og sosialfag – meistring og myndiggjering kan du etter søknad få godkjent relevante emne gjennomført ved universitet eller høgskular i utlandet.
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Masterstudiet er lagt opp som deltidsstudium over fire studieår, med undervisning konsentrert til studiesamlingar som går over fleire dagar i Volda. Ved ønske vert det tilrettelagt for at studiet kan gjennomførast som heiltidsstudium.
Det vert nytta varierte undervisnings- og læringsformer, der vi legg stor vekt på dialog og studentdeltaking.
Aktuelle yrke og vidare studium
Studiet skal bidra til at du vidareutviklar kunnskap, ferdigheiter, haldningar og etisk medvit som kan styrke profesjonsutøvinga di.
Studiet vil også gi deg grunnlag for å leie og utvikle helse- og sosialtenester.
Gjennom valfrie emne og tema for masteroppgåva, kan du profilere mastergrada di innanfor
- Rus og avhengigheitsproblematikk
- Folkehelse og helsefremmande samfunnsutvikling
- Meistring og myndiggjering
Fullført mastergrad gir grunnlag for å arbeide med forsking og utgreiingsarbeid, og kan kvalifisere for opptak til doktorgradsstudium.
Tidspunkt for oppmøte og samlingar
MEI301 Meistring og myndiggjering - samhandlingsperspektivet
Første undervisningsdag er måndag 25. august 2025. Oppmøte kl 10:00 på HS101 Selskapet (Hans Strøm-huset).
- Samling 1, veke 35: måndag 25.08.25 -torsdag 28.08.25
- Samling 2, veke 39: måndag 22.09.25 -torsdag 26.09.25
- Samling 3, veke 43: måndag 20.10.25- torsdag 23.10.25
RUS301 Rus som kulturelt og sosialt fenomen
Første undervisningsdag er tysdag 9. september 2025. Oppmøte kl 09:15 på HS220 Granskinga (Hans Strøm-huset).
- Samling 1, veke 37: tysdag 9. - fredag 12. september 2025
- Samling 2, veke 40: tysdag 30.september - fredag 3. oktober 2025
- Samling 3, veke 45: tysdag 4. - torsdag 6. november 2025
MEI303 Forskingsmetode og vitskapsteori
Undervisninga går føre seg på 3 samlingar på 4 dagar:
Fyrste undervisningsdag er tysdag 19. august 2025. Oppmøte kl 09:15 på HS220 Granskinga (Hans Strøm-huset).
- Samling 1, veke 34: tysdag 19/08 - fredag 22/08 - 2025
- Samling 2, veke 42: tysdag 14/10 - fredag 17/10 - 2025
- Samling 3, veke 47: tysdag 18/11 - fredag 21/11 - 2025
Studieplan - Deltid
Helse- og sosialfag – master
Denne mastergradutdanninga passar for deg som vil vidareutvikle den analytiske, kritiske og praktiske kompetansen du treng for å møte utfordringar i det sosial- og helsefaglege feltet. Studiet har eit særleg fokus på meistring og myndiggjering/empowerment som analytisk omgrep og praktisk tilnærming i samhandling med brukarar og pårørande, og med andre profesjonsutøvarar.
Utdanninga gir deg kunnskap om moglegheiter og utfordringar knytt til meistring og myndiggjering, både i direkte samhandling med brukarar og deira pårørande, og på strukturnivå.
Det obligatoriske emnet Meistring og myndiggjering - samhandlingsperspektivet (MEI301) rettar søkelys på den direkte samhandlinga mellom profesjonsutøvaren og menneske med ulike utfordringar og i ulike livsfasar. Kommunikasjon, brukarmedverknad, tverrprofesjonelt samarbeid og etikk er sentrale område her. I Meistring og myndiggjering - strukturperspektivet (MEI302) får du auka innsikt i korleis sosiokulturelle forhold og prosessar verkar inn på helse og sosiale problem, samt på profesjonell praksis. Strukturar handlar her om kunnskapssyn og kunnskapstradisjonar, samfunnsmessige og kulturelle endringar, samt organisatoriske og styringspolitiske føringar.
Studiet vil bidra til at du vidareutviklar kunnskap, ferdigheiter, haldningar og etisk medvit, som kan styrke di profesjonsutøving.
Gjennom valfrie emne og tema for masteroppgåva, kan du profilere mastergraden din i ein av dei følgande tre profilane:
- Rus og avhengigheitsproblematikk
- Folkehelse og helsefremmande samfunnsutvikling
- Meistring og myndiggjering
Masterstudiet er lagt opp som deltidsstudium over fire studieår. Ved særskilt ønske vert det tilrettelagt for at studiet kan gjennomførast som heiltidsstudium.
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten skal ha
- inngåande kunnskap om kva pasientar/klientar kan meistre av oppgåver og ansvar i ulike tilstandar og ulike livsfasar, og korleis meistring kan oppnåast
- omfattande innsikt i korleis ulike kunnskapssyn har relevans for relasjonen mellom helse- og sosialarbeidar og pasient/klient og korleis desse kan legge grunnlaget for god omsorg, rettleiing og nødvendig hjelp
- inngåande kunnskap om korleis det etiske grunnlaget for relasjonen mellom helse-/sosialarbeidar og pasient/klient må utviklast
- kunnskap om korleis språk, informasjon og kommunikasjon kan påverke identitetar, posisjonar og relasjonar
- innsikt i det politiske, juridiske og forvaltningsmessige grunnlaget for medverknad i helse- og sosialsektoren
Studenten skal
- ha inngåande ferdigheiter i å finne og gjere seg nytte av kunnskap om viktige samanhengar mellom sosiokulturelle forhold, livsstil og helse-/sosialproblem i førebyggjande og kurativt arbeid
- kunne initiere FoU-arbeid som kan fremje god praksis på dei nemnde områda
- kunne utøve høg grad av analytisk kompetanse og fagleg skjønn
Studenten skal
- ha omfattande kunnskap, ferdigheiter, haldningar og etisk medvit til å fremje læring, meistring og myndiggjering i samarbeid med ulike kategoriar brukarar
- vere i stand til å initiere FOU-prosjekt med vekt på slike mål
Masterstudiet er lagt opp som deltidsstudium over fire studieår, med undervisning konsentrert til studiesamlingar som går over fleire dagar i Volda. Studiet er samtidig organisert slik at det kan gjennomførast som heiltidsstudium.
Det vert nytta varierte undervisnings- og læringsformer, der vi legg stor vekt på dialog og studentdeltaking.
Studiet er totalt på 120 studiepoeng. Av dette er 90 studiepoeng obligatoriske og 30 studiepoeng valfrie. MEI301, MEI302, MEI303 og MEI315 er obligatoriske emne.
I det avsluttande emnet MEI315 (45 stp) er det eigne studiesamlingar.
Ved målretta val av valfrie emne, kan studentane velje profil på mastergraden. Studentane kan velje blant godkjente emne ved HVO og ein kan også søke om å få innpassa relevante masteremne frå andre utdanningsinstitusjonar. Det siste kan til dømes vere masteremne med tema som helsefremmande arbeid og fysisk aktivitet. Du kan også søke om å få godkjent relevante masteremne frå universitet eller høgskular i utlandet. Alle valfrie emne som skal inngå i mastergraden skal ligge på masternivå. Ved pensumoverlapping mellom dei valfrie og dei obligatoriske emna, må studentane byte ut dei delane av pensum som er like.
Val av profil gir kompetanse med innretning mot ulike delar av det helse- og sosialfaglege feltet. Fullført mastergrad gir også grunnlag for å arbeide med forsking og utgreiingsarbeid, og kan kvalifisere for opptak til doktorgradsstudium.
Les om vurderingsordningar og eksamen i emneplanane.
Normert tid for gjennomføring av masteren er åtte semester. Studiemodellen under viser dette.
| Emne | 26 H | 27 V | 27 H | 28 V | 28 H | 29 V | 29 H | 30 V |
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
STUDIEMODELL MED DELTIDS-PROGRESJON (8 semester) | ||||||||
Obligatoriske emne | ||||||||
| 15 | ||||||||
| 15 | ||||||||
Vel eit valemne kvart semester (30 stp til saman) | 15 | 15 | ||||||
| 15 | ||||||||
| 15 | ||||||||
| 15 | 15 | |||||||
| 15 | ||||||||
| 15 | ||||||||
| 15 | ||||||||
| 15 | ||||||||
60 studiepoeng (inkludert MEI301 og MEI302 med minimum karakter C), må vere fullført og stått før ein kan starte på emna MEI303 og MEI315. | ||||||||
| 15 | ||||||||
| * | 15 | 15 | 15 | |||||
| Sum (120 total) | 15 | 15 | 15 | 15 | 15 | 15 | 15 | 15 |
Masteren kan gjennomførast med dobbel progresjon (tilsvarar heiltid). Studiemodellen under viser dette.
| Emne | 2026 H | 2027 V | 2027 H | 2028 V |
|---|---|---|---|---|
STUDIEMODELL MED HEILTIDS-PROGRESJON (4 semester) | ||||
Obligatoriske emne | ||||
| 15 | ||||
| 15 | ||||
Vel eit valemne kvart semester (30 stp til saman) | 15 | 15 | ||
| 15 | ||||
| 15 | ||||
| 15 | 15 | |||
| 15 | ||||
| 15 | ||||
| 15 | ||||
| 15 | ||||
Valemne frå andre mastergrader ved HVO kan søkjast på i periodar for undervisningsopptak. På grunn av andre krav til opptak, må det søkjast særskilt til Studentsørvis på e-post: Studentsorvis@hivolda.no. Dette gjeld emnet: | ||||
| 15 | ||||
60 studiepoeng (inkludert MEI301 og MEI302 med minimum karakter C), må vere fullført og stått før ein kan starte på emna MEI303 og MEI315. | ||||
| 15 | ||||
| 15 | 30 | |||
| Sum (120 total) | 30 | 30 | 30 | 30 |




