Design, kunst og handverk

Årsstudium

Design, kunst og handverk er eit praktisk-teoretisk studium der du lærer om visuell kommunikasjon, arkitektur, design og kunst. På timeplanen står mellom anna idéutvikling, form, farge, komposisjon, teknikk, materiale og verktøy knytt til skapande prosessar.

Du vert ein del av eit engasjert og inspirerande fagmiljø som vil sette deg i stand til å realisere eigne idear og prosjekt, samt utøve og formidle kunst og kultur. Vi jobbar i nyoppussa og velutstyrte verkstader. 

Følg oss på Facebook!

 

  • Heiltid
  • Varigheit 2 semester (1 år)
  • 60 studiepoeng
  • Start haust
    Søknadsfrist 15.04.2021
  • Opptakskrav

    Generell studiekompetanse.

  • Studieplan

Innblikk i studiekvardagen

Som student på design, kunst og handverk er det rom til å arbeide med eigne prosjekt. Ingeborg Eikenæs likar å kalle seg sjølv for "hobbyklesdesignar" og tek gjerne opp bestillingar på kle og reparerer friluftslivutstyr.

Robert Steinnes er tilsett ved Høgskulen i Volda, Design, kunst og handverk og ynskjer å formidle skaparglede til studentane.

Figur av plastavfall

I samband med Strandryddingsveka 2020 i september var studentar ved Design, kunst og handverk på Runde miljøsenter for oppleve utstilling, foredrag og workshops med kunstnaren Pippip Ferner.

I samband med Strandryddingsveka 2020 i september var studentar ved Design, kunst og handverk på Runde miljøsenter for oppleve utstilling, foredrag og workshops med kunstnaren Pippip Ferner.

I prosjektet Plastic Revisited rettar Pippip Ferner frå Asker søkelyset mot marin plastforureining. Ferner brukar ei blanding av fakta og underfundig humor til å formidle kva plastavfall gjer med kloden, dyrelivet og havet. Ho brukar plasten ho finn i fjøra til  å lage store vevde og strikka installasjonar.

    Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

    Undervisningsformene vekslar mellom individuell oppgåveløysing med rettleiing, fellesundervisning og sjølvstudium. Arbeidsformene vil variere innanfor dei ulike emna, men i hovudsak er det individuelt skapande arbeid. Arbeidsbok vert brukt som metode i dei fleste emna for å gi eit tydelegare bilete av eiga utvikling. Metoden bygger på at studenten sjølv skriv ned sine refleksjonar og val, og formulerer nye mål innanfor det aktuelle fagfeltet.Teoriundervisninga vil i hovudsak vere fellesførelesingar.

    Les meir om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

    Aktuelle yrke og vidare studium

    Studiet gir fagleg og didaktisk kompetanse for undervisning i kunst, design og handverk i skulesektoren, eller på andre område der kunst-, kultur- og mediefagleg kompetanse står sentralt.

    Det kan inngå i og er identisk med første året i Bachelor i Design, kunst og handverk.

    Tidspunkt for oppmøte og samlingar

    Oppstart Tysdag 17. august kl 14.30-16.30 på Kaarstad 202. Sjå her for å finne Kaarstad 202.

    Felles frukost for alle på Avdeling for kulturfag onsdag 18. august kl 11.00 i Kaarstadparken.

    Fyrste undervisning på emne KOH 131 Visuell kommunikasjon er torsdag 19. august kl 9.15 i teiknesalen på Nye Kaarstad.

    Fyrste undervisning på emne KOH 133 Teikning og måling er fredag 20. august kl 9.15 i teiknesalen på Nye Kaarstad.

    Studieplan

    Design, kunst og handverk (årsstudium)

    Studieprogram: 
    Design, kunst og handverk årsstudium
    Studienivå: 
    Bachelor (grunnivå)
    Studiepoeng: 
    60
    Studielengd: 
    2 semester
    Kull: 
    2021
    Studieplassar: 
    20
    Studietype: 
    Årsstudium
    Organisering
    Heiltid
    Opptakskrav

    Generell studiekompetanse

    Om studiet

    Årsstudiet i design, kunst og handverk gjev kompetanse i skapande handling, og kunnskap om kunstneriske uttrykksformer og fagdidaktiske problemstillingar. Gjennom utdanninga får studentane høve til å øve og utvikle praktiske ferdigheiter gjennom eige skapande arbeid og refleksjon. Den praktiske kunnskapen blir utfordra gjennom møte med fag- og fagdidaktisk teori. Studiet har som mål å skape samanheng mellom studenten i ulike roller som praktisk utøvar, og lærar eller formidlar.

    Det praktiske og skapande arbeidet skal ta utgangspunkt i fagfelt som er relevante for pedagogisk verksemd i skule, kulturskule og andre samfunnsinstitusjonar. Kjerneelementa i Kunst- og handverksfaget i grunnskulen er fokuserte: Handverksferdigheiter, kunst- og designprosessar, visuell kommunikasjon og kulturforståing.

    Årsstudiet kan byggjast på til bachelor grad (180 studiepoeng). Sjå studieprogramplan for Bachelor i design, kunst og handverk. Bachelorgraden kan nyttast som grunnlag for vidare utdanningar og masterprogram. For å få undervisningskompetanse må ein i tillegg ha fullført praktisk pedagogisk studium (PPU 60 stp).

    Læringsutbytte

    I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram: 

    Kunnskapar

    Studenten:

    • har kunnskap om faget sine kjerneområde: ideutvikling, form, farge, komposisjon, teknikk, materiale og verkty knytt til skapande prosessar i design, kunst og handverk
    • har kunnskap om fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag.
    Ferdigheiter

    Studenten:

    • kan bruke ferdigheitene i faget sine kjerneområde: ideutvikling, form, farge, komposisjon, teknikk, materiale og reiskap knytt til skapande prosessar i design, kunst og handverk
    • har ferdigheiter i å bruke fagteori og fagdidaktikk som refleksjonsgrunnlag knytt til fagleg utvikling og formidling.
    Generell kompetanse

    Studenten: 

    • har evne til å sjå faget sitt potensiale til å fremje berekraftig utvikling
    • kan bruke fagkunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte
    • har evne til å formidle og presentere faget munnleg, skriftleg og gjennom relevante uttrykksformer.
    Organisering og arbeidsmåtar

    Studieprogrammet er bygd opp av 4 obligatoriske emne à 15 studiepoeng. Arbeidsmengda skal vere omlag 1.800 arbeidstimar per 60 studiepoeng.

    Ein kan søkje om å få godskrive tilsvarande emne eller utdanningar, frå andre høgskular og universitet.

    Arbeids- og undervisningsformene i studiet er ein kombinasjon av førelesing, bruk av digitale formidlings- og læringsressursar og praktisk og teoretisk oppgåveløysing. Undervisninga blir organisert både individuelt og i grupper, og arbeidet kan vere både lærar- og studentstyrt.

    Det er obligatorisk frammøte og deltaking i alle organiserte læringsaktivitetar og undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen, om obligatorisk frammøte og deltaking §4-6 ( https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697).

    Studentane får prosessevalueringar i arbeidsøktene og i framleggingssituasjonar. Studiet har ulike vurderingsformer som er nærare omtala i dei aktuelle emneplanane.

     

    Kostnader

    Studentane må betale ei materialavgift for kvart emne, som dekker felles innkjøpte materiale. Summen for kvart emne er å finne i den aktuelle emneplanen.

    Anna
    Det vert forventa at studentane, etter obligatorisk opplæring i utstyrs- og verktybruk, kan handtere desse på eiga hand i og utanfor undervisningstid. I tillegg vert det forventa ein viss grunnkompetanse i bruk av digitale verkty.
    Ansvarleg
    Janne Heggvoll, Janne.heggvoll@hivolda.no, 700 75 262
    • Heiltid
    • Varigheit 2 semester (1 år)
    • 60 studiepoeng
    • Start haust
      Søknadsfrist 15.04.2021
    • Opptakskrav

      Generell studiekompetanse.

    • Studieplan
    Stengt for søking

    Søknadskode : 223 630

    Spørsmål? Kontakt oss

    Studentsørvis
    Kvardagar 09.00 – 15.00

    70 07 50 18

    Send e-post

    Kontakt