Ønsker du nokon å snakke med?

Tekst: Per Straume , Foto: Tone Solhaug

- Oppdatert

Om du som student har behov for å snakke med nokon om kvardagen, studia, eller noko heilt anna, har Høgskulen i Volda eit godt tilbod til deg.

Sjølv om det per i dag og ei stund framover ikkje er fysisk oppmøte til undervisning på høgskulen, det er strengare med besøk og mange har heimekontor, er det mogleg for studentar å få fysiske, men også digitale, samtalar med tilsette i støtteapparatet til Høgskulen i Volda.

Velferdsgruppa ved høgskulen er sett saman av representantar for ulike tilbod som skal vere med på å gjere tida som student tryggare, enklare og kjekkare. I ei tid som no, med eit meir lukka samfunn, er dei ekstra ivrige etter å seie ifrå om at dei er her for studentane.

Ikkje ver redd for å ta kontakt, du kan snakke med desse personane om alt og dei har teieplikt. Ein vil vere nøye med smittevern i samband med fysiske samtalar og alle skal føle seg trygge.

Her er dei kjekke personane du kan ta kontakt med:

Studierettleiar Ingunn Teigen Blindheim: Er tilgjengeleg på e-post ingunn.elisabeth.teigen.blindheim@hivolda.no. Tilbyr både digital og fysisk samtale, hugs å gjere avtale på førehand.

Studentrådgjevar Eli Anne Løksa: Er tilgjengeleg på telefonnummer 992 37 980 og e-post eli@sivolda.no. Tilbyr både digital og fysisk samtale, hugs å gjere avtale på førehand.

Studentprest Ingrid Finsådal: Er tilgjengeleg på telefonnummer 910 08 109 og e-post ingrid@volda.kyrkja.no. Tilbyr både digital og fysisk samtale, hugs å gjere avtale på førehand.

Studenthumanist Lone Ellingvåg Knutsen: Er tilgjengeleg for SMS på telefonnummer 992 95 480 og e-post lone.knutsen@human.no.  Tilbyr både digital og fysisk samtale, hugs å gjere avtale på førehand.

Sjå desse fortelje om seg sjølve og sitt samtaletilbod på film.

Helsestasjon for ungdom og studentar i Volda, som held til i kjellaren på rådhuset, har samtaletilbod for studentar opp til 25 år. Der kan ein få møte både helsesjukepleiar og lege. Dei held ope tysdagar og torsdagar kl. 14.00–16.30. I perioden fram til 18. januar må ein bestille time på telefonnummer 700 58 820.

Psykologteneste. For dei som allereie går til samtale med psykolog, ta kontakt for å få avklart korleis samtalane skal organiserast. Psykologtenesta er koordinert av psykologspesialist Vidar Myklebust. Treng du hjelp eller informasjon, ta kontakt med han på telefon: 996 36 923 eller e-post: vm@hivolda.no 
 

Del på