Helsestasjon for ungdom og studentar i Volda

Grunna forsterka nasjonale smitteverntiltak går vi over frå drop-in til timebestilling frå 05.01.21 fram til 18.01.21.

For å bestille time med helsesjukepleiar eller lege ring helsestasjonen på telefon: 70058820. 

Vi har ope tysdagar og torsdagar frå 14.00-1630 og held til på helsestasjonen i underetasja på Volda rådhus.

Minner om at du må vere frisk og heilt symptomfri. Venner kan dessverre ikkje følgje med. 

Helsestasjon for ungdom og studentar er eit lågterskeltilbod for unge (13-20 år) og til studentar opp til 25 år. Tenesta er gratis og du treng ikkje å bestille tid. Det er berre å kome innom. 

På helsestasjonen kan du møte to helsesjukepleiarar og ein lege er tilgjengeleg kvar tysdag. Her kan du ta kontakt dersom det er noko du lurar på. Om det er noko du er bekymra for, eller treng meir informasjon om. Her kan du mellom anna få hjelp til spørsmål kring seksuell helse, prevensjon og graviditetstest. Helsepersonellet har teieplikt.

Opningstid og stad

Helsestasjon for ungdom og studentar har ope kvar tysdag og torsdag, frå 14.00-16.30.

Dei held til i underetasjen på Rådhuset i Volda.
 

Sjukepleiarar ved Helsestasjon for studentar
Helsesjukepleiarane Lisbeth Hoggen Tottland og Gunvor Bergem Lia tek varmt i mot deg på helsestasjonen.