– Syng i høgskulekoret

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

– Vi startar sesongen med eit flott verk, nemleg Gloria av John Rutter (1974). Dette er eit sprudlande verk for kor, messing, perkusjon og orgel, og vi får med oss musikarar  både frå symfoniorkesteret og utanom. Vi har åtte veker på oss før det blir konsert 10. november i Volda kyrkje. Det blir også framført verk for messing/perkusjon av Copland og Gabrieli, seier Oltedal.

Høgskulekoret er ikkje berre for musikkstudentar – det er ope for tilsette og studentar frå andre fagmiljø også. Koret øver på tysdagar i konsertsalen i Henrik Kaarstad-huset.

Nokre oppslag om høgskulekoret ved Høgskulen i Volda.

 

 

Tags

Del på