Barnehagekonferansen 2025: Bomullsbarna – ei viktig samtale om barn, barndom og barnehage

Barnehagekonferansen 2025, som Høgskulen i Volda var med å arrangere, samla om lag 430 deltakarar frå heile landet til to innhaldsrike dagar med fagleg påfyll, refleksjon og engasjerande samtalar om barn, barndom og barnehagens rolle.

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Del på:

Torsdag 30. og fredag 31. oktober vart den årlege barnehagekonferansen arrangert, denne gongen med den tankevekkande tittelen Bomullsbarna.

Konferansen er eit samarbeid mellom Statsforvaltaren i Møre og Romsdal, Høgskulen i Volda og Utdanningsforbundet Møre og Romsdal. Målgruppa er pedagogisk personale i barnehagane, barnehageeigarar og barnehagemyndigheiter, tilsette i PPT og høgskuletilsette.

Kva er eit bomullsbarn?

Temaet Bomullsbarna peikar på ei utvikling der barn i aukande grad blir skjerma frå motstand og risiko – noko som kan svekke evna deira til å utvikle robustheit og meistringskjensle. Begrepet utfordrar oss til å tenkje over korleis både foreldre og samfunn påverkar barn si utvikling, og kva rolle barnehagen spelar i dette landskapet.

Forsking viser at risikoleik og friluftsliv – der barn får utforske grenser og utfordre seg sjølv i trygge rammer – kan vere ein nøkkel til å byggje robuste barn. Barn som får kjenne på motgang og meistring, blir betre rusta til å handtere stress og utfordringar seinare i livet. Psykisk helse og livsmeistring heng tett saman med korleis barn lærer å møte og meistre motstand tidleg.

Sjå glimt frå konferansen her.

Barnehagen som nøkkelaktør

Barnehagen har ei sentral rolle i dette arbeidet. Gode relasjonar og eit velfungerande samarbeid med foreldre er avgjerande. Barnehagelæraren kan, gjennom ein balansert praksis mellom vern og fridom, legge til rette for ei sunn utvikling – der barna får styrka si mentale helse og meistringskjensle.

Mange barnehagar i Møre og Romsdal jobbar aktivt med livsmeistring og psykisk helse, og konferansen er eit verdifullt bidrag inn i dette utviklingsarbeidet.

Faglege høgdepunkt

Konferansen baud på ei rekkje faglege innlegg som løfta blikket og gav nye perspektiv:

  • Øyvind Kvalnes frå Handelshøyskolen BI gav ei filosofisk tilnærming til spørsmålet: Kor mykje skal vi beskytte barna?
  • Emilie Kinge, barnehagelærar og spesialpedagog, snakka om korleis barnehagepersonalet kan møte barn som utfordrar oss.
  • Marianne Fehn, seniorrådgivar i Foreldreutvalet for barnehagar, tok opp temaet «krevjande foreldre» og korleis barnehagen kan styrke foreldresamarbeidet.
  • Aleksander Read, eventyrar og naturterapeut, stilte spørsmålet: Korleis kan naturen bidra til å forme robuste og trygge barn i ei verd prega av skjermtid og stillesitting?
  • Frå Høgskulen i Volda:
    • Høgskulelektor Elin Førde med innlegget Moderne foreldreskap – korleis forstå auka krav og forventningar frå barnehageforeldre i lys av samfunnsendringar?
    • Førsteamanuensis Eli-Karin S. Aasebø med innlegget Risikoleikens betydning for livsmeistring og glede.
  • Ann Mari Milo Lorentzen frå Utdanningsforbundet snakka om betydninga av nok og riktig kompetanse i barnehagen.
  • Ive Tandberg, barnehagelærar, utfordra oss til å sleppe taket i rigid vaksenkontroll og skape rom for den frie leiken.

Gjennom konferansen fekk deltakarane eit skråblikk på termen krevjande foreldre, med innspel om turmagi, risikoleik og diskursive forståingar. Vi er svært glade for det store engasjementet og håper konferansen har inspirert til vidare refleksjon og utvikling i barnehagesektoren.

Del på: