Professor Gamlem invitert som ekspert av Europarådet

Professor Siv M. Gamlem har vorte invitert av Europarådet til å bidra som ekspert på webinaret «Digital Citizenship Education in Practice: Well-being Online and the Voice of Young People».

Webinar og HVO-professor Siv M. Gamlem.

T.v.: frå webinaret. T.h.: Siv M. Gamlem, professor ved Institutt for pedagogikk på Høgskulen i Volda (HVO). Foto: HVO / Steinarr Sommerset.

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Del på:

Webinaret blei arrangert som del av det europeiske året for digital medborgarskapsopplæring 2025. Webinaret vart gjennomført i samarbeid med European Schoolnet og DigiWell Foundation. Innlegget til professor Siv M. Gamlem hadde tittelen «Well-being online: Screentime and the use of digital devices in and outside of the school».

Gamlem nytta forskingsresultat frå Skjermbrukutvalet, i tillegg til å vise til nyare studiar. I innlegget løfta ho fram korleis velvære, læring, etikk, digital teknologi og kunstig intelligens heng saman, og understreka at desse temaa må forståast i samanheng når ein diskuterer digital praksis blant barn og unge.

Seminaret hadde tre hovudmål: (1) Å auke medvitet om kor viktig digital medborgarskapsopplæring er for å fremje demokratiske, inkluderande og robuste samfunn. (2) Å utforske strategiar for å styrkje både digitalt og analogt velvære, og å adressere utfordringar knytte til tidleg tilgang til digitale einingar og sosiale medium, og (3) Å løfte fram god praksis og samarbeid mellom lærarar, politikkutformarar og unge sjølve.

Løfta fram fire sentrale område

Gamlem peika på at forskingsresultata på feltet er sprikande, og at det er behov for meir kunnskap. Ho understreka at det ikkje berre handlar om mengda skjermtid, men om korleis, kvifor og med kven teknologien vert brukt. Det er òg viktig å vere medviten om at teknologibruk i skulen skil seg frå bruk i fritida. Skulen skal leggje til rette for at barn og unge kan utvikle dei kompetansane dei treng for å møte både notida og framtida – og digitalt medborgarskap er ein sentral del av dette. Altså, det handlar ikkje berre om tekniske ferdigheiter, men om å fremje kritisk medvit, emosjonell robustheit og etisk engasjement i møte med digital teknologi. Barn og unge veks opp i ei verd der digital teknologi formar både læring, sosialt liv og identitet. For å kunne meistre dette landskapet, treng dei meir enn tilgang og teknisk kompetanse – dei treng rettleiing.

Gamlem løfta fram fire sentrale område:

  • Forstå balansen i skjermtid: Det handlar ikkje berre om å avgrense tid, men om å lære å skilje mellom passivt forbruk og aktiv, meiningsfull bruk.
  • Utvikle sjølvregulering og emosjonell kompetanse: Å forstå korleis digitale interaksjonar påverkar humør, merksemd og relasjonar.
  • Øve på ansvarleg deltaking: Å lære om personvern, respektfull kommunikasjon og konsekvensar av digitale fotavtrykk.
  • Engasjere familiar og lokalsamfunn: Skular og styresmakter må støtte foreldre med verktøy og kunnskap for å fremje sunne digitale vanar heime.

Gamlem avslutta innlegget med å understreke at utvikling av digitalt medborgarskap krev samarbeid på tvers av sektorar – mellom skule, heim og politiske styresmakter. Det handlar ikkje berre om å lære barn og unge å bruke teknologi, men om å ruste dei til å kunne leve godt med ho. For å få til dette, må ein balansere moglegheiter med risikoredusering, og sikre at både skule og heim støttar barn og unge i utviklinga av sjølvregulering.

Del på: