Ryslett er redaktør av bok om matkulturar i Noreg

Førstelektor Kari Ryslett er ein av tre redaktørar av den nye antologien «Matkulturer i Norge: samisk, kvensk/norskfinsk, skogfinsk, jødisk, romsk og romani/tater i fagområdet mat og helse i lærerutdanningene».

Matkulturer-bokomslag og Kari Ryslett.

Bokomslag: Fagbokforlaget. Foto av Kari Ryslett: HVO / Vilde Moltudal Igland.

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Del på:

– Vi er så fornøgde, men samtidig audmjuke for å bidra med meir innsikt og kunnskap om matkulturane til urfolket vårt og dei nasjonale minoritetane i Noreg, smiler Kari Ryslett, førstelektor ved Institutt for realfag på Høgskulen i Volda (HVO).

Saman med Grete Modell Grande (Nord universitet) og Line Husjord (Universitetet i Tromsø – Noregs arktiske universitet) har ho redigert den nye antologien om matkulturar i Noreg (Fagbokforlaget, open tilgang), som kjem i bokform i juni.

Boka på 412 sider har 14 vitskaplege og 2 populærvitskaplege bokkapittel, og totalt er 22 forfattarar frå 11 ulike utdanningsinstitusjonar og ressurssenter med. Framsida til boka er pryda med ein nærstudie av den vakre japanske kunstforma kintsugi, som betyr «å reparere med gull».

– Når keramikken blir knust, limer ein delane saman att med gull, og filosofien er at det reparerte fatet blir både sterkare og vakrare enn det opphavelege, forklarer Ryslett.

Fleire bidrag frå Høgskulen i Volda

I tillegg til å vere medredaktør for antologien er Ryslett medforfattar av tre av kapitla i boka.

Kapittelet «Samisk matkultur i gunnskolelærerutdanningen. Undervisningspraksiser i emnet mat og helse» er skrive av Ryslett og førsteamanuensis Ingfrid Veka (HVL). Forfattarane skriv at om ein skal styrkje undervisninga i grunnskulen, må ein sjå på korleis samisk matkultur blir formidla i universitets- og høgskulesektoren.

– Fleire lærestader har ikkje sjølve den kompetansen som krevst, eller det kan bli tilfeldig kven som har fagleg ansvar for lærarutdanningane. Resultata frå studien peikar på stor variasjon i bruk av samiske råvarer og matlagingsmetodar i praktisk undervisning. Variasjonen heng saman med eigen oppfatta kompetanse og geografisk tilhøyrsel, fortel Ryslett.

Kapittelet «Jødisk matkultur i hjem, barnehage og skole: ‘Det er sånn kosher-style, hvis du har hørt om det?’» har Ryslett skrive saman med førstelektor emerita Bente Afset.

– Det er lite forsking på norske jødar sine matkulturelle praksisar. I dette bokkapittelet møter vi jødiske etereglar og eteforskrifter. Vi får også høyre om jødiske høgtider. Gjennom intervju av unge norske jødar får vi eit innblikk i kva betydning og utfordringar den jødiske matkulturen har hatt for desse, heime og i møte med barnehage og skule, seier Ryslett.

Kapittelet «Samisk matkultur i norsk barnehage: ‘Vi bakte sånne gahkko-brød eller kva det heiter, også laga vi den der bidos’» har Ryslett skrive saman med førsteamanuensis Liv Ingrid Aske Håberg (NLA). Denne artikkelen undersøkjer korleis pedagogiske leiarar arbeider med formidling av samisk matkultur som del av samisk kulturformidling.

– Spørsmål som gjeld matkultur, er relevante fordi alle norske barnehagar skal gjere samisk kultur synleg, uavhengig av om barna har samiske røter eller ikkje. Artikkelen bidreg til å styrkje kunnskapsgrunnlaget for eit felt som i mindre grad er undersøkt gjennom forsking, avsluttar Ryslett.

Del på: