Løftar arbeid med primærkjelder

Fagfolk frå både utdanning, arkiv og museum var samla i Volda nyleg. Saman delte dei erfaringar med og inngangar til primærkjelder i undervisning og formidling.

Deltakarar på arkivseminar ved HVO.

18 deltakarar var med på seminaret om bruk av primærkjelde som didaktisk metode ved Høgskulen i Volda førre veke. Innlandet fylkesarkiv, Nordmørsmusea, Viti, IKAMR, Skuleretta samfunnsfag (ved Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag (IPAS) på HVO), Historisk institutt ved HVO, og Institutt for samfunnsfag, religion og etikk ved INN var representerte. Seminaret gjekk over to dagar.

Tekst: Webmaster Volda, Foto: HVO / Steinarr Sommerset

- Oppdatert

Del på:

Ved Høgskulen i Volda (HVO) møttest aktørane i eit mangeårig samarbeidsprosjekt til diskusjon og erfaringsutveksling under eit arkivseminar førre veke.

Samfunnsfagseksjonen i lærarutdanninga (LU) ved HVO har sidan 2020 brukt arbeid med primærkjelder som arbeidsmåte i utdanninga. I 2023 blei Historisk institutt involvert og i 2024 Institutt for samfunnsfag, religion og etikk ved Universitetet Innlandet (INN).

Seminaret på HVO samla også representantar frå Innlandet fylkesarkiv, som deltok digitalt, og representantar frå musea i Møre og Romsdal og dessutan tilsette frå Interkommunalt arkiv for Møre og Romsdal (IKAMR).

Utveksla erfaringar på tvers

Tema under seminaret var erfaringsutveksling og deling av ulike typar kjeldemateriale som er brukt i undervisninga for lærarstudentar og historiestudentar.

Undervisarane viste kva slags primærkjelder som var nytta og korleis undervisninga var organisert. Medan INN nyttar arbeidsmåten gjennomgåande i alle sine emne kopla til undervisning i historie, er arbeidsmåten førebels berre nytta i 3. studieår ved LU i Volda. Historisk institutt ved HVO nyttar arbeidsmåten i enkelte emne, men arbeider med ei vidareutvikling.

Under seminaret deltok det fleire representantar frå Viti og Nordmørsmusea. Dei fekk innsikt i arbeidsmåten og formålet, og dei informerte om eigne samlingar.

– Vi undersøkte saman kva for samlingar som kunne vere hensiktsmessige å innlemme i prosjektet. På sikt ønsker vi å bruke forumet til å utvikle praksisrelaterte undervisningsopplegg, og vi undersøker også korleis vi i UH-sektoren kan bidra til at museumstilsette får høve til å jobbe meritterande, seier Trudi Henrydotter Eikrem ved Institutt for planlegging, administrasjon og skuleretta samfunnsfag (IPAS) på HVO.

Knyter tettare band for vidare samarbeid

Før møtet blei avslutta, blei det etablert ein Teams-kanal til informasjonsutveksling på tvers av institusjonane. Det skal også etablerast eit eige Canvas-rom til deling og drøfting av undervisningsopplegg.

I forumet blir det lagt vekt på å utvikle ein delingskultur som kan styrke undervisningskvaliteten ved utdanningstilboda i Volda og på Hamar, og ein fellesskap som bidreg til at alle dei involverte institusjonane får høve til å løfte kvaliteten i arbeidet.

Stort potensial for studentane

I eit studentperspektiv er det overordna formålet med prosjektet todelt.

Studentane erfarer korleis kunnskap blir til, samstundes som arbeidsmåten gir innsikt i organisering og forvaltning av informasjon i eit demokratisk samfunn.

Universitet og høgskular, arkiv, bibliotek og museumssektoren er sentrale institusjonar i arbeidet med informasjonsforvaltning og sikrar openheit og transparens. Erfaringa ved utdanninga Skuleretta samfunnsfag ved IPAS på HVO, Historiske institutt ved HVO og Institutt for samfunnsfag, religion og etikk ved INN er så langt at dette samspelet er underkommunisert.

Ei anna erfaring er dei positive opplevingane studentane deler om arbeidet med primærkjelder. Dei let seg engasjere i møte med menneske og det levde livet som finst i arkiv og på museum.

Det blir forska på arbeidsmåten, og resultat av denne forskinga vil forhåpentlegvis kunne presenterast på Samfunnsfagskonferansen 2025 i desember,  som i år blir arrangert på Hamar.

Del på: