Gamlem med sentral forskingsartikkel om tilbakemeldingar i skulen

HVO-professor Siv M. Gamlem og UiO-professor Christian Brandmo har screena heile 8785 artiklar i ein systematisk oversiktsstudie om elevar sine oppfatningar og resultat av tilbakemeldingar frå lærarar.

Brandmo og Gamlem.

Forskarduoen Brandmo og Gamlem under eit forskingsopphald i Melbourne i 2023. Foto: privat.

Tekst: Webmaster Volda

- Oppdatert

Del på:

Professor Siv M. Gamlem og professor Christian Brandmo (UiO) har gjennomført ein systematisk oversiktsstudie som no er publisert med open tilgang i Frontiers in Education: «Students' perceptions and outcome of teacher feedback: a systematic review».

Denne systematiske oversikta undersøkjer elevane sine oppfatningar og resultat av tilbakemeldingar frå lærarar i grunnskulen og ungdomsskulen (10–16 år).

Studien utforskar korleis ulike typar tilbakemeldingar og personlege og relasjonelle faktorar påverkar elevane sine prestasjonar og dei kognitive, emosjonelle og åtferdsmessige resultata deira.

Screena heile 8785 artiklar

I tråd med PRISMA-retningslinjene og PICO-rammeverket blei 96 empiriske studiar analyserte, med fokus på tilbakemeldingsrelaterte elevresultat og modererande faktorar. I studien blei heile 8785 artiklar screena.

Funna indikerer at tilbakemeldingar av høg kvalitet, skreddarsydde og handlingsorienterte, påverkar prestasjonane, motivasjonen og engasjementet til elevane positivt, medan negative eller vage tilbakemeldingar kan føre til demotivasjon og unngåingsåtferd.

Elevar føretrekkjer direkte og individualisert tilbakemelding, og tillit i lærar-elev-forholdet er avgjerande for effektivt tilbakemeldingsopptak.

Sosial dynamikk, kjønnsforskjellar og tolking av tilbakemeldingar påverkar elevane sine resultat, noko som understrekar behovet for adaptive tilbakemeldingsstrategiar.

Oversikta antydar at framtidig forsking bør vektleggje å finne spesialitetar og fellestrekk på tvers av ulike grupper, og dessutan å integrere kunstig intelligens (KI) med menneskelege tilbakemeldingssystem.

Del på: