FoU-prisen 2023 til Marie Nedregotten Sørbø

Tekst: Steinarr Sommerset

- Oppdatert

Oppdatering: Les intervjuet med prisvinnaren her: Fekk FoU-prisen 2023 under opninga av Forskingsdagane

Årets tildeling av prisen for forsking og utvikling (FoU) er klar: Prisvinnaren i 2023 er professor Marie Nedregotten Sørbø ved Institutt for språk og litteratur.

Målet med den årlege FoU-prisen ved Høgskulen i Volda (HVO) er å rette merksemda mot forskings- og utviklingsarbeid gjennom å synleggjere og heidre framifrå innsats.

Stor fagleg breidde

Årets prismottakar Marie Nedregotten Sørbø (f. 1955) er professor i engelsk litteratur ved Institutt for språk og litteratur, Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning, på HVO. I 2008 tok ho doktorgrad i forfattarskapen til Jane Austen.

Ho har ei stor internasjonal forskingsverksemd og har mellom anna bidrege i EU-finansierte forskingsprosjekt. Ho har publisert i over 40 år og produsert eit betydeleg omfang av vitskaplege artiklar og bøker.

Nedregotten Sørbø er truleg også den HVO-tilsette som har vore involvert i å forfatte flest artiklar i Store norske leksikon (SNL). Ho er eine- eller medforfattar av 74 artiklar i leksikonet – tyngda av dei biografiar innan Storbritannia og Nord-Irlands litteratur på 1700- og 1800-talet.

  • Les SNL-artikkelen hennar om Jane Austen her.

Nedregotten Sørbø får dermed FoU-prisen for å bidra vitskapleg i heile spennet frå toppforsking til forskingsformidling overfor eit allment publikum.

Høgtidleg utdeling

FoU-prisen blir delt ut under Forskingsdagane 2023 ved HVO. Tildelinga av prisen til Marie Nedregotten Sørbø markerer opninga av arrangementet fredag 22. september.

Del på