Samfunnsvitskap
Årsstudium
Årsstudium i samfunnsvitskap skal gi studentane eit fagleg godt og allsidig grunnlag for forståing av samfunnet og samfunnsutviklinga. Søkjelyset er særleg retta mot samfunnsutvikling og planlegging i ein lokal og regional kontekst.
Studiet har fokus på samfunnsutvikling og planlegging lokalt og regionalt. Studentane får praktisk erfaring med dette gjennom lokalsamfunnsanalyse, som er eit større tverrfagleg prosjektarbeid. Her vil du vere med på feltarbeid og datainnsamling i utvalde kommunar og lokalsamfunn.
- Heiltid
- Varigheit 2 semester (1 år)
- 60 studiepoeng
- Start haustSøknadsperiode 01.02.2023 - 15.04.2023
- Opptakskrav
Generell studiekompetanse.
- Studieplan
Undervisningsmåtar og vurderingsordningar
Undervisninga i studiet varierer mellom førelesingar og praktiske øvingar, gruppearbeid og individuelt arbeid. I tillegg vil du få praktisk kjennskap til forskjellige tema gjennom ekskursjonar og studieturar. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.
Aktuelle yrke og vidare studium
Årsstudium i samfunnsvitskap gir etterspurd kompetanse som er aktuell for mange yrke. Studiet er identisk med første året av Bachelor i planlegging og administrasjon ved Høgskulen i Volda. Du kan difor velje å studere vidare for å fullføre bachelograden.
Studieplan
Samfunnsvitskap
Årsstudium i samfunnsvitskap går over to semester og består av emna IPA 111 Samfunnskunnskap og IPA 112 Forvaltingskunnskap. Samfunnskunnskap gir ei grunnleggande innføring i sentrale samfunnsgeografiske, sosiologiske og samfunnsøkonomiske emne. Forvaltningskunnskap gir ei grunnleggande innføring i stats- og kommunalkunnskap, organisasjonsteori, planlegging og juss. Årsstudium er identisk med første året i bachelorutdanninga planlegging og administrasjon.
I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:
Studenten skal
- ha kunnskap om, og forståing av, sentrale tema og problemstillingar i fagområda samfunnsgeografi, sosiologi og samfunnsøkonomi
- organisering av og funksjonar i sentrale politiske og administrative institusjonar
- rettsreglane for offentleg forvaltning
- viktige politiske og forvaltningsmessige utviklingstrekk og utfordringar knytt til regional planlegging og samfunnsstyring
- viktige trekk ved samfunnsvitskapleg tenkemåte og tverrfagleg samfunnsforsking.
Studenten skal kunne
Ferdigheiter
Studenten skal kunne
- analysere og forstå grunnleggande utviklingstrekk i samfunnet når det gjeld å legge til rette for berekraftig samfunnsutvikling
- reflektere fagleg rundt sentrale samfunnsvitskaplege omgrep og bruke desse på ein kritisk måte
- gjere greie for sentrale element ved norsk politikk, offentleg rett og forvaltning
- nytte denne kunnskapen som grunnlag for drøfting av praktiske og teoretiske problemstillingar som gjeld berekraftig samfunnsutvikling
- reflektere fagleg rundt sentrale samfunnsvitskaplege og juridiske omgrep
- bruke ferdigheitene på ein kritisk måte
Studenten skal kunne
- formidle og bruke samfunnsvitskapleg kunnskap og terminologi for å analysere generelle samfunnsforhold
- vurdere problemstillingar ut frå ulike perspektiv og verdiar, og på bakgrunn av dette drøfte ulike løysingsalternativ
- formidle samfunnsvitskapleg kunnskap om norsk politikk og forvaltning
- utføre juridiske analysar og ta standpunkt til rettsspørsmåla basert på analysen
- vere i stand til å drøfte sentrale aspekt ved dette i ein fagleg samanheng
Undervisninga i emnet går over to semester og blir organisert i samsvar med aktuelle delemne. I tillegg til førelesingar, blir det gitt rettleiing i samband med arbeidsoppgåver som skal løysast individuelt og i grupper. Deltakarane får tilgang til eit elektronisk klasserom i Canvas, der program for undervisninga, førelesingsnotat, arbeidsoppgåver m.m. blir tilgjengeleg, og der studentane kan levere oppgåver for kommentar.
Læringsutbytte blir ivaretatt gjennom studentaktive læringsformer og vurderingsformer som legg vekt på fagleg refleksjon. I undervisningssituasjonen kan dette bli gjort gjennom at studentane aktivt deltek i gruppearbeid og drøftingar i plenum. Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, klasseundervisning, ulike studentaktive undervisningsformer, rettleiing, praksis, skriftleg arbeid og eventuelle ekskursjonar. Bruk av digitale verktøy er ein viktig del av emnet. Studentane skal bruke tilgjengeleg programvare og ressurssider på internett for løysing av oppgåver og for å tileigne seg kunnskap innanfor emnet.
Emne | 2022 Haust | 2023 Vår |
---|---|---|
15 | 15 | |
15 | 15 | |
Sum (60 total) | 30 | 30 |
- Heiltid
- Varigheit 2 semester (1 år)
- 60 studiepoeng
- Start haustSøknadsperiode 01.02.2023 - 15.04.2023
- Opptakskrav
Generell studiekompetanse.
- Studieplan
Søknadskode : 223 285