Vidareutdanning (bachelornivå)

Fordjuping i arealplanlegging, kartkunnskap og GIS

Tilbodet er eit fordjupingsemne i arealplanlegging og GIS (geografisk informasjonssystem) og bygger på innføringsemnet PLA121.

GIS
Start: 
Vår
Omfang: 
Deltid
Studiepoeng: 
15
Varigheit: 
1 semester
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Søk frå: 
01.11.2026

Studiet har løpande opptak.

Meir informasjon om studiet

Emnet skal gje ei forståing for planlegginga si rolle i samfunnsutviklinga som del av det offentleg forvaltingsapparatet. Konkrete arealplanprosessar vert lagt til grunn for undervisninga. Sentrale tema er GIS som verktøy for analyse, avgjerdstøtte og medverknad i planlegging samt plankonstruksjon. Metodikk for konsekvensutgreiing og risiko- og sårbarheitsanalyse vert diskutert. Emnet er ein god basis for dei som skal arbeide i kommunal sektor med planfaglege oppgåver, og for dei som ynskjer å gå vidare i eit planorientert studium.  

Les meir om emnet

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisinga i emnet går over eitt semester. Emnet kan gjennomførast anten som eit campusstudie eller som eit nettstudium i læringsplattforma Canvas. Undervisinga er sett saman av leksjonar, labarbeid og andre studentaktive læringsformer. Det vert det gitt rettleiing i samband med øvingar og utarbeiding av arbeidskrav

Opptakskrav

PLA121/IPA173 eller tilsvarande, og til saman minimum 30 studiepoeng