Vidareutdanning (masternivå)

Offentleg leiing og kommunikasjon

Deltid, Samlingar

Vidareutdanninga på masternivå er spesielt eigna for leiarar av resultateiningar og avdelingar, i tillegg til topp- og mellomleiarar i kommunar, fylkeskommunar og stat.

Closed for application

Søknadskode : 4341

Info og frister

Varigheit 1 semester

Studiepoeng 15

Start Vår

Studieinnhald

I studieprogrammet blir moderniseringa av offentlig sektor sett i lys av fleire perspektiv og nyare forsking med sikte på å gjere studentane til reflekterte leiarar med kompetanse til tolke og analysere eigen situasjon. Dei skal mellom anna utvikle kompetanse til å analysere og forstå utviklingstrekka og utfordringane i offentleg sektor, og få kunnskap om perspektiv, teoriar og metodar som er relevante for offentleg organisering og leiing.

 

Les mer om emnet IPA303 Offentleg leiing og kommunikasjon her.

Opptakskrav

180 stp høgare utdanning

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er samlingsbasert og lagt opp med ein kombinasjon av forelesingar, dialog, gruppearbeid, presentasjon og drøfting i plenum m.m. Det er lagt vekt på praktiske øvingar med utgangspunkt i deltakarane sine eigne utfordringar. Det blir forventa at deltakarane driv sjølvstudium mellom samlingane og at dei leverer heimeoppgåver for kommentering og for framlegging i klassa. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane

Aktuelle yrke og vidare studium

Studiet kan gjennomførast som frittståande vidareutdanning eller det kan inngå som obligatorisk del av master i Samfunnsplanlegging og leiing og som valfri del i master i Helse- og sosialfag - meistring og myndiggjering ved Høgskulen i Volda.

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål:
Roar Amdam og Gunnvor Bakke