Vidareutdanning (bachelornivå)

Historie, 4 x 15 stp nettstudium

Deltid, Heiltid, Nettstudium

Nettstudiet gir ei grunnleggjande innføring i norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder og fram til i dag. Det er eit mål å gi studentane kompetanse til å forstå samanhengar og utvikling over tid og skape reflekterte haldningar. Studiet kan takast på heiltid eller deltid.

Søk studieplass!

Søknadskode : 4126

Info og frister

Varigheit 4 semester (2 år)

Studiepoeng 60

Start Haust Vår

Søknadsfrist Løpande opptak

Studieinnhald

Historiestudiet er sett saman av fire emne (15 stp.), tre obligatoriske og eitt valfritt. Studentar som vel eit fordjupingsemne som siste emne i årsstudiet, skal ha fullført minst to av grunnemna før oppstart. Tidspunkt for oppstart av emne vil gå fram av studieplanen. Dei valfrie emna vert tilbodne i anten vår- eller haustsemesteret.

Obligatoriske emne, kvart på 15 studiepoeng:

  • Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 300–1536
  • Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 1536–1870
  • Norsk og internasjonal oversynshistorie ca 1870–2000

Valbare emne, kvart på 15 studiepoeng:

  • Globalhistorie. Europa, Vesten og verden (vår)
  • Lokal-, familie- og mikrohistorie (vår)
  • Kystkultur og kystsamfunn (haust)
  • Spania - identitet, nasjon, region (haust)

Opptakskrav

Generell studiekompetanse

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Undervisninga er nettbasert og all innlevering av oppgåveutkast skjer i Canvas. Det er derfor ein føresetnad at studenten er kjend med elementær internettbruk. Les om vurderingsordningar og eksamen i studie- og emneplanane.

Aktuelle yrke og vidare studium

Historie årsstudium kan saman med anna yrkesutdanning kvalifisere for arbeid innanfor ei rekkje område.Yrkesgrupper som lærarar, journalistar og kulturarbeidarar (ABM-sektoren: arkiv, bibliotek, museum) hentar viktig kompetanse gjennom studium i historie. Studiet tilsvarer første året i bachelor i Historie ved Høgskulen i Volda. Det er mogleg å søke overgang til bachelorstudiet innan 20. mars. Det kan også inngå som valfri del i andre bachelorgradar, og gir grunnlag for opptak til fordjupingsstudium i Historie.

Kontakt

For spørsmål om opptak:
Studentsørvis, tlf. 70 07 50 18
eller e-post 

For faglege spørsmål:
Grete Marry Brøste

Praktisk informasjon

HI111N, HI112N og HI113N startar i veke 33-34 på nett hausten 2018.

Undervisningsstad

All undervisning, informasjon, utdeling og innlevering av oppgåver osv. foregår i e-læringsverktyet Canvas.

Annan informasjon

Oppbygging av studiet finn du i studieplanen. Her vil du finne lenkje vidare til dei emna som kan inngå i studiet. I emneplanane kan du lese om arbeidskrava, vurderingsforma ol.

Som heiltidsstudent, skal du i 1. semester velje to av dei emna som er nemnde nedanfor. Deltidsstudenten vel eitt emne pr. semester.

Dersom du har lyst til å starte med pensumlesinga tilrår vi, at du startar med desse:
• HI111N: Bagge, Sverre: Europa tar form (2004) 2. utgåve, s. 11-320.
• HI112N: Steensgaard N. (Aschehoug verdenshistorie band 9), s. 12-85, 110-119, 148-193 og 212-235. Kan tingast som kompendium frå «Pensumtjenensten».
• HI113N: Palmer, R. R., Joel Colton og Lloyd Kramer (2014). A History of Europe in the Modern World (Eleventh Edition), s. 569-687, 714-853, 876-1072.

Du vil finne meir informasjon i Canvas etter at du har registrert deg på emne i Studentweb etter 1. august.

Studieplan

Historie 4x15 stp, nettstudium, studiestart haust

Studieprogram: 
Historie 4x15 stp nettstudium
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Studiepoeng: 
60
Studielengd: 
4 semester
Kull: 
2018
Studieplassar: 
50
Studietype: 
Vidareutdanning (bachelornivå)
Organisering: 
Heiltid
Deltid
Opptakskrav: 

Generell studiekompetanse.

Om studiet: 

Studiet gir ei grunnleggjande innføring i norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder og fram mot vår tid, i tillegg til ein elementær introduksjon i historisk metode. Studiet skal trene studentane i å forstå samanhengar og utvikling over tid, og hjelpe til med å skape ei reflektert haldning til vår eiga samtid. I ei tid med snøgge endringar er det viktig å halde ved like kunnskapane om fortida, fordi historie alltid vil vere eit viktig og nødvendig fundament i notida. Historiestudiet ved HVO skal vere ein møteplass for studentar som søkjer eit historisk perspektiv på vårt mangfaldige notidssamfunn.

Studiet er godkjent som undervisningsfag i skulen og som tilleggsutdanning for lærarar i høve til reglane om lønnsopprykk og adjunktkompetanse.

Studiet kan gå inn som årsstudium, emnegruppe og/eller del av fordjupingsfag i ei lang rad bachelorutdanningar ved Høgskulen i Volda (HVO), andre høgskular og universitet. Som del av fordjupingsfag i ei bachelorutdanning kan det nyttast som opptaksgrunnlag til fleire masterstudium, m.a. Kulturmøte ved HVO og alle masterstudium i historie ved norske universitet.

Historiestudiet høver òg godt som grunnlag for vidare studium innanfor t. d. media/informasjon, kulturadministrasjon, bibliotekteneste m. v.

Læringsutbytte: 

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram:

 

Kunnskapar: 

Studenten skal

  • ha grunnleggjande oversikt over norsk og internasjonal historie frå tidleg mellomalder i Europa (vikingtida i Noreg) og fram mot vår tid, og kunne trekke samanhengar mellom desse og samanlikne desse
  • ha innblikk i framveksten og utviklinga av utvalde ikkje-europeiske sivilisasjonar
  • gjennom valfritt grunnemne eller fordjupingsemne, ha utvida kunnskap og innsikt i eit meir avgrensa område el. tema
  • ha grunnleggjande kunnskapar om historisk metode, teori og historiografi
Ferdigheiter: 

Studenten skal kunne

  • tileigne seg, ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis for å svare på ei historisk problemstilling
  • skrive fagtekstar av eit visst omfang på eiga hand og innafor gjevne tidsrammer
  • reflektere over eige fagleg arbeid og justere dette under rettleiing
Generell kompetanse: 

Studenten skal kunne

  • sette seg inn i nye problemområde og analysere saker frå fleire sider
  • handtere informasjonsmengder av eit visst omfang, og ordne og systematisere kunnskap på logisk konsekvent vis
  • dokumentere skriftlege arbeid i samsvar med generelt vedtekne krav innafor høgare utdanning
Organisering og arbeidsmåtar: 

Studiet er sett saman av 4 emne à 15-studiepoeng. Tre av emna er obligatoriske grunnemne i oversynshistorie, og i tillegg vel ein eitt teoretiske fordjupingsemne. Studentar som vel eit fordjupingsemne som sitt siste emne, skal ha fullført minst 2 av dei obligatoriske grunnemna før oppstart. Det er opptak til studiet både haust og vår. Studiet kan gjennomførast både som heiltids- og deltidsstudium. Heiltidsstudenten vel to emne pr. semester. Deltidsstudenten gjennomfører eitt emne pr. semester. 

Studiet er nettbasert og alle innleveringar av oppgåveutkast m.m. skjer i eit digitalt læringsverktøy. Det er derfor ein føresetnad for å kunne studere historie i Volda, at studenten er fortruleg med internettbruk: navigering i nettlesar, bruk av diskusjonsforum og opp- og nedlasting av filer. Det blir lagt ut detaljerte rettleiingar i slik bruk på nettet.

Navn: 
Historie 4 x 15 stp nettstudium, studiestart haust
Emne2018 Haust2019 Vår2019 Haust2020 Vår
Heiltidsstudenten vel to emne i kvart semester, deltidsstudenten vel eitt emne i kvart semester
15151515
 
15151515
 
15151515
 
15151515
 
Etter gjennomført to av oversynsemna ovanfor, kan studenten velje blant dei valfrie fordjupingemne.
 
1515
 
1515
 
15
 
15
Anna: 
Ein bør merkje seg at studiet stiller krav om at du kan tilrettelegge di eiga arbeidstid.

Det er også viktig med gode leseferdigheiter i engelsk, da ein del av pensumlitteraturen ikkje er omsett til norsk.
Evaluering og kvalitetssikring : 

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. 

Ansvarleg: 
Dag Hundstad, Dag.Hundstad@hivolda.no