Trygg student i Volda

Tekst: Line Lauvsnes Oddekalv

- Oppdatert

Rådgjeving, tilrettelegging av studiekvardagen, psykologteneste, gratis helsestasjon og kurstilbod knytt til mental helse er nokre av dei tilboda du får som student ved Høgskulen i Volda. – Her bryr vi oss og tek vare på kvarandre, seier rådgjevar Eli Anne Løksa. 

- Det handlar faktisk veldig mykje om kjærleik! Eli Anne Løksa er studentrådgjevar ved Studentsamskipnaden i Volda. Ho er den studentane kan kome til om det skulle vere noko, cirka kva som helst. Og det er altså ikkje berre eksamensangst det vert snakka om på kontoret til den blide 33-åringen, men vel så mykje bankande hjarter – av den gode grunnen. Det er kanskje ikkje så rart Eli Anne elskar jobben sin. – Det er givande å prate og eg elskar å hjelpe. Jobben min er heilt fantastisk!

Kort veg og open dør

Studentsamskipnaden i Volda held til rett over vegen frå Høgskulen. Der er kontoret til Eli Anne, og dei andre som jobbar med studentvelferd. Der kan du få hjelp med alt frå bustader til økonomi og helse. Dei har ein hjarteleg mangel på kølapp-system, og det er ein av dei fine tinga ved å studere på ein stad som Volda, meiner studentrådgjevaren: - Det er ikkje stort her, og det skal bokstavleg tala vere kort veg til oss. Berre gå over vegen og inn døra, så får du hjelp. Det er alltid nokon som har tid til deg, og du får snakke direkte med dei ansvarlege. 

Tema kan som nevnt vere kva som helst. - Eg svarer på alle slags spørsmål, seier Eli Anne, før ho korrigerer seg sjølv: - Ok, det er ikkje sikkert EG kan svare på alt, men eg kan finne ut kven som kan hjelpe deg vidare. Du treng ingen timeavtale eller trekke ein kølapp. Kom og bank på døra mi, så finn vi ut av det saman, oppmodar ho. 

- Alle opplever vi tøffe perioder i livet

Studentsamtalar er den klart største delen av arbeidsdagen til rådgjevaren. I tillegg til dei som gledesstrålande meddeler at dei har møtt nokon dei likar ekstra godt, er det sjølvsagt også dei samtalane som handlar om tristare tema. Kjærleikssorg eller einsemd, til dømes. – Alle opplever vi tøffe perioder i livet vårt. Frå å stryke på eksamen til å krangle med ein ven. Når ein er borte heimefrå i tillegg, kan det vere godt å ha ein stad å gå, seier Eli Anne. - Er ikkje ting på plass rundt oss, er det kanskje ikkje like lett å få til skulearbeidet. Og: Studentlivet er jo meir enn studier! Vi er opptekne av heile mennesket, ikkje berre den delen som er student. 

Like mange gutar som jenter

Noko av det studentrådgjevaren opplever er ein fellesnemnar for dei som kjem innom, er at dei synes det er godt å snakke med nokon som er nøytrale. Studentsamskipnaden er uavhengig av det faglege. – I tillegg kan det vere godt å diskutere enkelte tema med nokon som ikkje er ven eller familie også, seier Eli Anne. Ho får besøk av like mange gutar som jenter på kontoret. Enkelte ser ho jamnleg, andre kjem berre innom ein gong. Nokon vel sms eller e-post for å meddele noko dei har på hjartet. Det viktigaste er at terskelen er låg for å ta kontakt, seier Eli Anne, som også lover å ta turen innom klasseromma og helse på nye studentar. – Og ser du meg i gangen, er det berre å kome bort då også! 

Trivsel og helse høgt på prioriteringslista

Høgskulen i Volda var ein av institusjonane som tok del i Studentenes helse og trivselsundersøkelse, SHOT, i fjor. Eit av tiltaka HVO og studentsamskipnaden har iverksett i etterkant av undersøkinga, er ein serie kurs og fagdagar med mental helse og trivsel på agendaen. – Vi kjem til å arrangere ei rekkje meistringskurs, og vi har inkludert tema som kom fram i undersøkinga som ekstra viktige for studentane, fortel Eli Anne. Studentane som kjem til hausten vil mellom anna få tilbod om kurs med Peder Kjøs, ein fagdag med fokus på einsemd, stress- og studiemeistringskurs og eit prisvinnande «tankevirus»-kurs. 

Tilbod for ei trygg og god studietid  

- Eg håper studentane vil oppleve at vi tek opp tema som er viktige for dei. Det nytter å seie frå i undersøkingar som SHOT, og vi får verdifull kunnskap når vi skal ta vare på og trygge studentane våre, seier Eli Anne. Ho gler seg stort til studiestart og møtet med både tidlegare og nye studentar.   – Eg håper nykomarane vil finne seg godt til rette og få ei fin studietid ved Høgskulen. Eg er både glad for og stolt av at vi har mange gode tilbod som skal hjelpe med å gjere denne tida trygg og god, seier Eli Anne.  

Velkomen til Volda! Vi lover å bry oss og ta vare på deg! 
 

Del på