– Dette treng næringslivet meir av
Dei nye PR, kommunikasjon og media-studentane i Volda fekk klar beskjed: Det er behov for dei! Allereie første studieveka fekk dei møte ein del av arbeidslivet som var nytt for mange.

PR, kommunikasjon og media-studentar frå Høgskulen i Volda på studietur, her ved Ulstein verft. Foto: Kennet Hoel-Fagerstrand
Skrive av student Ami Teunissen ved bachelorgradsutdanninga i PR, kommunikasjon og media ved Høgskulen i Volda.
Arbeidslivet er prega av at regionen rundt Volda ligg langs kysten. Frå fjordarmane og heilt ut i øyane ligg leverandørindustri, verft og reiarlaga på rekke og rad. Utviklinga frå fiskeri, via olje- og gass og no til oppdrett, havvind og etterkvart turisme har ei felles historisk forankring som er samlande.
– I mange samanhengar er råvara sjølve kommunikasjonen – evna til å formidle ei samlande forteljing om tilhøva i desse næringane. Kommunikasjonen viser seg mange gonger å vere ei avgjerande råvare som medie- og kommunikasjonsstudentane kan arbeide med. Og det gjer dei godt, fortel førstelektor Kristian Fuglseth som hadde meg seg 40 av studentane som skal fylje bachelorgradsprogrammet i PR, kommunikasjon og media dei tre neste åra.
– Å få sjå den moderne «fiskebua»
– Næringane våre bygg ikkje berre båtar, men vi bygg stoltheit ved å samle dei tilsette og det samfunnet dei lev i rundt felles verdiskaping og nyvinningar. Både public relations og berekraftsansvarlig Tonje Øyehaug Ruud ved Ulstein verft, og marknadsjef Tonje Alvestad Ytrebø ved Havila Kystruten understreka på kvar sin måte kor viktig det tette bandet er til medie- og kommunikasjonsutdanningane i Volda.
To av tre tilsette både i Havila Kystruten og i Ulstein verft som arbeidar med marknadsføring og kommunikasjon har bakgrunnen sin frå medieutdanningar ved Høgskulen i Volda.
– Vi treng folk som kan formidle i alle slags kanalar kva næringane leverer, og ikkje minst kva det bidreg med i samfunnet. At Volda legg leksjonane ut i «vår moderne fiskebu» på Mjølstadneset eller ute på verftsområdet og i dokka på Ulstein er ein bra start på eit arbeidslivsrelevant studium, sa dei.

Kvar vi kjem frå
– Vi håpar å inspirere og lære å tenkje utafor mediebygget sine fire veggar, fortel Fuglseth. Og så er det kjekt å verte raskt kjende med heile Sunnmøre og ikkje berre Volda.
– Å kome seg frå Volda og heilt ut i øyane, både under fjorden og over bruene og å få sjå kystleia langs vegen er ei historie om Noreg i miniatyr. Kysten er forutsetninga for mykje av det som er skapt og det vi skal gjere i framtida.
Langs aksen Volda-Ørsta-Hareid-Ulstein-Herøy-Sande har reiarlaga i mange tiår bestilt båtane, medan verfta har bygd dei. Dette er eit døme i miniatyr på den maritime klynga – eit nettverk av reiarlag, verft, oppdrettsbedrifter, leverandørar og tenesteytarar som saman skaper verdiskaping og arbeidsplassar på denne måten i heile landet, og der mange i dag strekk seg internasjonalt. Klyngemodellen finst langs heile kysten, og omfattar også marine næringar som oppdrett, som er Noregs nest største eksportnæring etter olje og gass. Så har det også etter kvart vekse fram ei turistnæring. Mange karakteriserer felles strategiar for kommunikasjon som limet i korleis desse nettverka har utvikla seg og blir oppfatta – frå forhandlingar og kontraktar, til marknadsføring, rekruttering og omdømmearbeid.

Forretningsmål gjennom kommunikasjon
Studentane fekk foredrag frå mellom anna Havila Kystruten som i denne samanhengen representerer den kanskje nyaste delen – turistsatsinga. Det var tidlegare mediestudentar frå Volda, Elise Birkhol og Marius Ertesvåg, som delte sine erfaringar. Dei nye studentane fekk eit unikt innblikk i korleis kommunikasjon er sentralt for å nå måla til det nye criusereiarlaget, og kva moglegheiter denne utdanninga har å by på.
Også i Ulsteingruppen fekk studentane møte tidlegare mediestudentar frå Volda. Dei la vekt på korleis medie- og kommunikasjonsarbeid spelar ei viktig rolle når ei norsk verksemd også må navigere i internasjonalt.

– Vi har kome på rett hylle
Denne dagsturen har vist at sjølv om medieverda er veldig uryddig til tider, er det heilt konkret stabile jobbar i desse PR- og kommunikasjonsrollene, kommenterte fleire av studentane etterpå.
– Nokre av dei vi møtte berre på ein dag her, fortalde at dei hadde arbeidd med kommunikasjon sidan dei gjekk ut frå informasjonslinja i Volda for 30 år sidan.
– Det gir meg tryggleik om at eg har valt rett, fortalde PR-student Fredrik Krogstad Gulseth frå Frogner i Oslo. Dette var veldig, veldig lærerikt og inspirerande, seier han.
– Eg har aldri verken vore her før eller sett denne type industri, så dette var ein bra start, sa Fredrik.

Arbeidslivsrelevans
– Vi har sett korleis PR, kommunikasjon og medie-utdanninga i Volda er relevant. Dette studiet kan resultere i å jobbe for bedrifter i mange ulike næringar, også i nærområdet vårt. Sjølv om dagen hadde eit søkelys på den maritime næringa, såg vi at dette berre er eitt av mange døme på kva denne utdanninga har å by på etter studietida, fortalde også student Håkon Bjåstad Hustadnes.
Det som kanskje vart ekstra interessant med denne dagen var å sjå korleis to ulike bedrifter i kystnæringane kan være så like og ulike på ei og same tid. Skilnader og ulikskapar. Havila og Ulstein er begge bedrifter som har berekraft og nyskaping som kjerneverdiar. Havila kombinerer dette med reiseliv, kulinariske opplevingar og komfort for både mannskap og passasjerar, medan Ulstein særleg vektlegg innovasjon og kvalitet i båtbygginga – også gjennom komfort for mannskapet ombord. Dei når sine mål og målgrupper gjennom kommunikasjon med dei.
– Vi håpar at slike studieturar ikkje berre resulterer i auka kunnskap, men at vi som høgskule gjev våre studentar sjansen til å byggje nettverk ut i arbeidslivet, kommenterte Fuglseth.