Studentvelferd: For ei trygg og god studietid i Volda

Rådgjeving, tilrettelegging av studiekvardagen, psykologteneste, gratis helsestasjon, gode studietips og kurstilbod knytt til mental helse er nokre av dei tilboda du får som student ved Høgskulen i Volda. Her bryr vi oss og tek vare på kvarandre - og håper å bidra til at alle får ei så trygg, god og enkel studietid som mogleg. 

Hald deg oppdatert og delta: Vi nyttar Facebook, Instagram og Snap for å informere og minne om ulike tilbod og arrangement, i tillegg kan du til ei kvar tid sjå i den offisielle kalenderen vår her på hivolda.no, og sjekke ut samleoversikta over ting som skjer i regi av Høgskulen, Studentsamskipnaden og Studentparlamentet.

Har du tips eller ønskjer til kurs eller arrangement vi burde sette opp? Tips oss: kommunikasjon@hivolda.no Håper vi kan bidra til at du og medstudentane dine får ei kjekk, trygg og god studietid i Volda. :)