Julia Melnikova har disputert

Fredag 19. januar disputerte Julia Melnikova, høgskulelektor ved Institutt for pedagogikk, for doktorgrad.

Julia Melnikova disputerer på HVO 19. januar 2024.

Tekst: Steinarr Sommerset

- Oppdatert

Del på:

Fredag 19. januar disputerte Julia Melnikova for ph.d.-graden med avhandlinga Norwegian high school encounters migrant families: A case study of parental involvement in three schools.

Julia Melnikova er høgskulelektor ved Institutt for pedagogikk på Høgskulen i Volda. Ho har følgt ph.d.-programmet Profesjonsrettede lærerutdanningsfag (PROFF) ved Høgskolen i Innlandet (HINN).

I den artikkelbaserte doktoravhandlinga si har Melnikova forska på møtet mellom migrantfamiliar og den norske vidaregåande skulen.

Melnikova har gjort studiar ved tre skular gjennom intervju med lærarar, elevar og foreldre og dessutan observasjonar og dokumentanalyse.

Kva forskinga viser

Det overordna forskingsspørsmålet i avhandlinga er korleis ein konstruerer ei legitim foreldreinvolvering i utdanninga i den norske vidaregåande skulen sitt møte med migrantfamiliar.

I eit intervju på nettstaden til HINN samanfattar Melnikova hovudfunna sine slik:

  • Lærarane i studien føretrekkjer foreldreinvolvering som skjer heime, framfor direkte innblanding i det akademiske arbeidet deira. Dette viser også i kontaktformene og temaa som blir diskuterte i møte med foreldre.
  • Lærarane verdset elevane sine synspunkt og erfaringar, men dei er ofte lite kjende med elevane sin heimesituasjon og familiane sin kunnskap.
  • Migrantforeldre får tildelt meir passive roller enn foreldre frå middelklassen som ikkje er migrantar, og sistnemnde gruppe framstår meir aktive i sine møte med skolen.
  • Skulane legg stor vekt på elevautonomi og avviser foreldra si direkte innblanding i elevane sitt val av vidare utdanning eller fag.
  • Studien indikerer at migrantforeldre har mindre moglegheiter for å fremje barna sine interesser ved å påverke skulen, og kunnskapen og erfaringane deira blir undervurderte.
  • Funna inviterer til diskusjon om korleis skulane kan dra nytte av kulturelt mangfald ved å få tilgang til familiane sin kunnskap.
Julia Melnikova etter disputasen.
Julia Melnikova etter disputasen. Foto: HVO / Sunniva Hagen.

Del på: