No kan du søke master i barnehagekunnskap

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Alt er på plass med den heilt nye masteren i barnehagekunnskap og du kan søke plass både på heiltid og deltid. 

– Vi er stolte over å ha alt på plass og no er vi veldig klare og gler oss til å ta imot studentar, smiler Bente Vatne, programansvarleg for masteren med namnet Barnehagekunnskap – ei heilskapleg tilnærming til barnehagens læringsmiljø.

Målgruppa for studiet er barnehagelærarar, men også grunnskulelærarar, faglærarar med Praktisk pedagogisk utdanning (PPU) med relevant fagkrets og barnevernspedagogar kan søkje om opptak, fortel dosent Bente Vatne.

HEILTID: LES MEIR OG SØK OM OPPTAK HER
DELTID: LES MEIR OG SØK OM OPPTAK HER

Hugs: Søknadsfrist 15. april.

Samlingar og organisering

Kvart emne går over eitt semester. Som heiltidsstudent tek du to emne per semester og som deltidsstudent tek du eitt emne per semester. Samlingane er primært fysiske med oppmøtestad HVO, men også digitale læringsplattformer vert nytta. 

Det er fire samlingar à to dagar per emne. For emne Utforsking i barnehage og nærmiljø, kan det også vere aktuelt med ei samling på tre dagar. Første samling i  haustsemesteret 2021 er veke 35.

Veke 35: Måndag felles oppstart, tysdag og onsdag for emne 302 (Barnehagen som lærande org) og torsdag og fredag for emne 301 (Barnehagelærarrolla i eit profesjonsperspektiv) NB! Fordelinga av dagar er annleis for denne veka enn dei tre neste. 
Veke 39: Måndag og tysdag emne 301, onsdag og torsdag emne 302
Veke 43: Måndag og tysdag emne 301, onsdag og torsdag emne 302
Veke 47: Måndag og tysdag emne 301, onsdag og torsdag emne 302

Varierte arbeidsmåtar

Studiet inneheld fire emne i tillegg til vitskapsteori og metode, og masteroppgåva. Emna er Barnehagelærarrolla i eit profesjonsperspektiv, Barnehagen som lærande organisasjon, Barnehagens læringsmiljø og Utforsking i barnehage og nærmiljø. Utdanninga vektlegg perspektiv både på samfunnet, profesjonen og barna, og dei samarbeidande faga er pedagogikk, realfag og norsk.

Studentane vil møte varierte arbeidsmåtar gjennom studiet. Studentaktive læringsformer og digitale læringsplattformer som Canvas, Zoom og Teams vil bli nytta. Det vert gjennomført arbeid i grupper, seminar med presentasjonar og tilbakemelding på tekst, case m.m.

Godskriving av tidlegare emne

Etter ei individuell vurdering er det mogleg å få godskrive emne frå andre høgskular/universitet som delar av studiet. Studentar med til dømes Rettleiarutdanning for praksislærarar i barnehagen (30 stp) og styrarutdanning (30 stp) etter tidlegare ordningar, eller med anna relevant utdanning kan søkje om slik godskriving.

For spørsmål om masteren Barnehagekunnskap – ei heilskapleg tilnærming til barnehagens læringsmiljø, kontakt:
Bente Vatne: bente.vatne@hivolda.no  tlf: 700 75 356
Gerd Sylvi Steinnes: gerd.sylvi.steinnes@hivolda.no  tlf: 700 75 267

Del på