Student leikar saman med barn i barnehagen.

Barnehagekunnskap-ei heilskapleg tilnærming til barnehagens læringsmiljø

Mastergrad

Masterstudiet er profesjonsretta og set søkjelys på ei heilskapleg tilnærming til barnehagens læringsmiljø, der perspektiv på både samfunn, profesjon og barn vert lagt vekt på. Sentralt står den profesjonelle barnehagelæraren som skal bidra til å utvikle innhaldet i barnehagen.

Kvart emne går over eitt semester. Som heiltidsstudent tek du to emne per semester og som deltidsstudent tek du eitt emne per semester. Samlingane er primært fysiske med oppmøtestad HVO, men også digitale læringsplattformer vert nytta.

Det er fire samlingar à to dagar per emne. For emne Utforsking i barnehage og nærmiljø, kan det også vere aktuelt med ei samling på tre dagar. Første samling i  haustsemesteret 2021 er veke 35.

  • Deltid
  • Varigheit 8 semester (4 år)
  • 120 studiepoeng
  • Start haust
  • Opptakskrav

    Fullført grunnutdanning ved universitet eller høgskule av minimum tre års omfang (180 stp.) innanfor følgjande utdanningsvegar:

    • Førskulelærarutdanning/barnehagelærarutdanning
    • Allmennlærarutdanning /grunnskulelærarutdanning
    • Faglærar med praktisk-pedagogisk utdanning med relevant fagkrets

    Søkjarar med fullført utdanning som barnevernspedagog eller anna minimum treårig relevant profesjonsutdanning, kan takast opp etter særskild vurdering.

    Søkjarar må ha snittkarakter C frå opptaksgrunnlaget for å verte opptatt på studiet.

  • Studieplan

Undervisningsmåtar og vurderingsordningar

Det vert gjennomført undervisning i plenum og eventuelt i mindre grupper. Studentaktive læringsformer og digitale læringsplattformer som Canvas, Zoom og Teams vil bli nytta. Det vert gjennomført arbeid i grupper, seminar med presentasjonar og tilbakemelding på tekst, case m.m. Knytt til arbeidet med masteroppgåva vert det gjennomført oppstartsseminar, midtvegsseminar og sluttseminar.

Alle emna er obligatoriske og må gjennomførast for å få godkjent mastergraden. Studentar tek til på masteroppgåva semesteret etter at dei har teke emnet Vitskapsteori og forskingsmetode. Masteroppgåva kan ikkje leverast før ein har fått godkjent resultat på dette emnet.

 

Aktuelle yrke og vidare studium

Graden gir relevant og etterspurd kunnskap til barnehagelærarar som ønskjer å auke kompetansen sin for arbeidet i barnehagen. Studiet kan også kvalifisere for andre jobbar innan oppvekstsektoren og i høgskulesystemet

Tidspunkt for oppmøte og samlingar

Samlingar haust 2021:

Emne 301: Barnehagelærarrolla i eit profesjonsperspektiv

Veke 35: Måndag 10-16 (felles oppstart med informasjon) og tysdag 9.15-16
Veke 39: Måndag og tysdag 
Veke 43: Måndag og tysdag 
Veke 47: Måndag og tysdag 
Eksamen emne 301: 3. til 10. desember 2021

 

Samlingar vår 2022:

Emne 303: Barnehagens læringsmiljø

Samling 1: Uke 3 (17.-18. januar), 
Samling 2: Uke 7 (14.-15. februar)
Samling 3: Uke 12 (21.-22. mars)
Samling 4: Uke 17 (25.-26. april)

Studieplan

Mastergradsstudium i barnehagekunnskap - ei heilskapleg tilnærming til barnehagens læringsmiljø, deltid

Studieprogram: 
Mastergradsstudium i barnehagekunnskap - ei heilskapleg tilnærming til barnehagens læringsmiljø, deltid
Studienivå: 
Master
Studiepoeng: 
120
Studielengd: 
8 semester
Kull: 
2021
Studieplassar: 
20
Studietype: 
Mastergradsstudium
Organisering
Deltid
Opptakskrav

Fullført grunnutdanning ved universitet eller høgskule av minimum tre års omfang (180 studiepoeng) innanfor følgjande utdanningsvegar:

• Førskulelærarutdanning / barnehagelærarutdanning
• Allmennlærarutdanning / grunnskulelærarutdanning
• Faglærar med praktisk-pedagogisk utdanning med relevant fagkrets

Søkjarar med fullført utdanning som barnevernspedagog eller anna minimum treårig relevant profesjonsutdanning, kan takast opp etter en oppgave. Søkjarane må ha snittkarakter C frå opptaksgrunnlaget for å verte opptatt på studiet.

Om studiet

Masterutdanninga er på 120 studiepoeng og går over åtte semester. Profilen til studiet er ei heilskapleg tilnærming til barnehagens læringsmiljø der perspektiv på både samfunn, profesjonell og barn vert lagt vekt på. Studiet er profesjonsretta og legg vekt på at den profesjonelle barnehagelæraren skal utvikle miljøet i barnehagen for å gi gode vilkår for barns trivsel, utvikling og læring. Denne utfordringa blir sett inn i ein historisk og notidig samanheng der, studentane skal utvikle evne til kritisk fagrefleksjon og profesjonsforståing.
 

Studiet er delt inn i fire barnehagefaglege emne, kvart på 15 studiepoeng. Til saman gir emna eit utvida og utdjupa perspektiv på arbeidet i barnehagen. I emnet BLUMG301 Barnehagelærarrolla i eit profesjonsperspektiv vert studentane kjende med overordna organisatoriske og strukturelle perspektiv på arbeidet i barnehagen. Desse vert så videre konkretiserte og operasjonaliserte til utfordringar knytte til profesjonalitet i emnet BLUMG302, Barnehagen som lærande organisasjon og til læringsmiljø i emnet BLUMG303, Barnehagens læringsmiljø. I deltidsutdanninga tek ein emnet BLUMG303  Barnehagens læringsmiljø, før emnet BLUMG302 Barnehagen som lærande organisasjon, då ein har felles førelesing med heiltidsutdanninga. Emnet BLUMG304  Utforsking i barnehage og nærmiljø handlar om utforsking, natur og miljø, og tek føre seg utforsking saman med barn gjennom ulike opplevingar i barnehagen og nærmiljøet. Emnet tek utgangspunkt i utvalde case med basis i berekraft og utforsking knytte til barn sine sanseerfaringar. Alle emna er forskingsbaserte og studentane møter lærestoff med perspektiv på både metode og vitskapsteori i emna. Dette er spesielt lagt vekt på i emnet BLUMG303 der studentane skal gjennomføre eit feltarbeid og i emnet BLUMG304 der studentane gjennomfører designbasert forsking. I tillegg er emnet BLUMG305, Vitskapsteori og metode, eit eige emne på 15 studiepoeng siste studieår. Dette gir studentane ei innføring som skal gi dei grunnlag for å gjennomføre eigne forskingsarbeid på masternivå. Emnet BLUMG306 Masteroppgåva er på 45 studiepoeng og avsluttar studiet. Innhaldet i emna blir presenterte i emneplanane.

Studentane skal planlegge og gjennomføre eit individuelt og sjølvstendig vitskapleg arbeid og dokumentere dette i ei masteroppgåve med krav om vitskapleg framstilling. Oppgåva skal ha en klar relevans til arbeidet i barnehagen. Vesentlege deler av
kunnskapsgrunnlaget skal vere henta frå barnehagen, eller ha tilknyting til innhaldet i dei faglege emna. Arbeidet med masteroppgåva stiller høge krav til metode og forskingsetikk, og studentane skal videreutvikle den metodiske spisskompetansen dei treng gjennom dette arbeidet. Emna går i hovudsak over eit semester, med 4-5 samlingar per emne i Volda. Kvar samling er på to-tre dager. BLUMG306 (masteroppgåva) har færre samlingar og går over tre semester.

Læringsutbytte

Læringsutbyttet må sjåast i samanheng med innhald og arbeidsmåtar i emna. I tråd med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studentene følgjande læringsutbytte etter fullført studieprogram.

Kunnskapar

Studenten

• har avansert kunnskap om sentrale og utvalde tema om barn og det barnehagepedagogiske fagområdet, og spesialisert innsikt i barnehagens læringsmiljø
• har inngåande kunnskap om relevant forsking, vitskapleg tenkemåte, forskingsmetodar og etikk med relevans for det barnehagefaglege området
• kan anvende kunnskap på nye område om korleis møte nye utfordringar knytte til profesjonalitet og barns oppvekstmiljø
• kan analysere faglege problemstillingar ut frå perspektiv knytt til barnehagens historie, tradisjon, eigenart og samfunnsoppdrag

Ferdigheiter

Studenten

• kan analysere og vere kritisk til ulike informasjonskjelder som ulike program, litteratur og debattinnlegg, og anvende desse til å strukturere og formulere faglege resonnement
• kan analysere sentrale teoriar, metodar og tolkingar innan barnehagefeltet og arbeide sjølvstendig med praktisk og teoretisk problemløysing
• kan anvende relevante metodar frå forskingsarbeid og fagleg utviklingsarbeid, åleine og i samarbeid med andre, for kontinuerleg utvikling av egen og barnehagen sin kollektive praksis
• kan gjennomføre eit sjølvstendig, avgrensa forskings- og utviklingsprosjekt under rettleiing i samsvar med forskingsetiske normer

Generell kompetanse

Studenten

• kan analysere relevante fag, yrkes- og forskingsetiske problemstillingar
• kan anvende kunnskap og ferdigheiter på nye område for å gjennomføre avanserte arbeidsoppgåver og prosjekt knytte til barnehagefeltet
• kan formidle omfattande sjølvstendig arbeid og meistre barnehagefagleg terminologi
• kan kommunisere om fagleg problemstillingar, uttrykksformer og forskingsfunn innan barnehagefeltet, både til fagfolk, andre samarbeidspartnarar og andre

Organisering og arbeidsmåtar

Det organiserte læringsarbeidet vil gå føre seg på Høgskulen i Volda og gjennom digitale plattformer.

Alle emna er obligatoriske og må gjennomførast for å få godkjent studiet master i barnehagekunnskap.

Studentar tek til på masteroppgåva semesteret etter at dei har teke emnet Vitskapsteori og forskingsmetode. Masteroppgåva kan ikkje leverast før ein har fått godkjent resultat på Vitskapsteori og forskingsmetode. 

Studentane vil møte varierte arbeidsmåtar gjennom studiet. Studentaktive læringsformer og digitale læringsplattformer som Canvas, Zoom og Teams vil bli nytta. Det vert gjennomført arbeid i grupper, seminar med presentasjonar og tilbakemelding på tekst, case mm. Knytt til arbeidet med masteroppgåva vert det gjennomført oppstartsseminar, midtvegsseminar og sluttseminar. Av andre arbeidsmåtar er litteraturstudiar, rettleiing, feltarbeid og anna datainnsamling, og arbeid med kronikk og akademisk poster. 

På eit mastergradsstudium vil ein vesentleg arbeidsmåte vere knytt til individuell oppgåveskriving med rettleiing. Det krev sjølvstende og sjølvdisiplin å gjennomføre eit slikt studium, og særleg gjeld dette arbeidet med masteroppgåva.

Navn: 
Mastergradsstudium i barnehagekunnskap - ei heilskapleg tilnærming til barnehagens læringsmiljø, deltid
Informasjon

Det vert lagt til rette for eit utanlandsopphald 2 semester 2. studieår.

Emne2021 H2022 V2022 H2023 V2023 H2024 V2024 H2025 V
15
15
15
BLUMG304 Utforsking i barnehage og nærmiljø
15
BLUMG305 Vitskapsteori og metode
15
BLUMG306 Masteroppgåve
151515
Internasjonalisering

Det vert lagt til rette for eit utanlandsopphald 2 semester 2. studieår.

Evaluering og kvalitetssikring

Avsluttande vurdering blir gjort etter kvart emne. Alle emna har ekstern sensor i tillegg til en intern sensor. Vurderingsordningane varierer frå emne til emne og skal fange opp ulike arbeids- og dokumentasjonsformer. Dei konkrete ordningane går fram av omtalane for kvart einskild emne. 

Kvart emne vil verte rangert fortløpande på fleire måtar:

  • samlingsevalueringar
  • sluttevaluering
  • møte i kvalitetsutvalet for studiekvalitet
  • tilbakemelding frå sensor

Studiet  vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssystem.

Ansvarleg
Gerd Sylvi Steinnes
  • Deltid
  • Varigheit 8 semester (4 år)
  • 120 studiepoeng
  • Start haust
  • Opptakskrav

    Fullført grunnutdanning ved universitet eller høgskule av minimum tre års omfang (180 stp.) innanfor følgjande utdanningsvegar:

    • Førskulelærarutdanning/barnehagelærarutdanning
    • Allmennlærarutdanning /grunnskulelærarutdanning
    • Faglærar med praktisk-pedagogisk utdanning med relevant fagkrets

    Søkjarar med fullført utdanning som barnevernspedagog eller anna minimum treårig relevant profesjonsutdanning, kan takast opp etter særskild vurdering.

    Søkjarar må ha snittkarakter C frå opptaksgrunnlaget for å verte opptatt på studiet.

  • Studieplan
Stengt for søking

Søknadskode : 4541

Spørsmål? Kontakt oss

Studentsørvis
Kvardagar 09.00 – 15.00

70 07 50 18

Send e-post

Kontakt