– Blir ettertrakta lærarar med digital kompetanse

Tekst: Per Straume

- Oppdatert

Grunnskulelærarutdanninga i Volda har eit spesielt digitalt fokus, og i tillegg eit valfag som verkeleg gjer at studentane kan stå godt rusta til å møte framtida.

– Via ipaden kan vi programmere korleis denne kula, som er ein robot, skal oppføre seg på golvet og kor langt den går kvar retning. Vi har mange moglegheiter til å bestemme over den, seier Jonas Austnes og Simen Egge Greftegreff medan dei utforskar ein av dei tekniske duppedingsane på Læringsverkstaden ved Høgskulen i Volda.

Læringsverkstaden er eit tilbod for studentar, spesielt lærarstudentar, og tilsette ved Høgskulen i Volda, der dei kan prøve ut og få hjelp til korleis bruke digitale ressursar i undervisning. 
 

Bruke digitale verktøy rett

Austnes og Greftegreff er grunnskulelærarstudentar på andre året som har valt det nyoppstarta faget Digital kompetanse og didaktisk medieproduksjon.

– Alt av nye læreplanar i skulen seier at det skal vere ei digital satsing framover i skulen og difor er vi glad for å kunne ta dette faget, fortel Greftegreff.

Studiekompis Austnes nikkar og seier seg einig. Han har allereie lært mykje og deler gjerne av sin kunnskap:

– Vi skal bruke dei digitale verktøya og moglegheitene der det er hensiktsmessig i undervisning i skulen. Ikkje bruke verktøya berre for at dei finst, men for at det skal gi betre læring for elevane.

Les meir om:

Etterspurd av rektorar

Da vi møtte studentene var de i ferd med å undervise hverandre i programmering, før de uka etterpå skulle ut i ungdomsskolen å gjøre det samme med elevene der.

Les også: – Gir noko ekstra til lærarutdanninga i Volda

Høgskulelektor Synnøve Amdam underviser i valfaget og er leiar for Læringsverkstaden. Ho meiner det er heilt på sin plass med eit slikt valfag når ein ser på kva som står i dei nye læreplanane og korleis samfunnet vi lever i ser ut.

– Vi er ein av få lærarutdanningar i landet som har eit slikt valfag – og det ser vi på som eit fortrinn for våre studentar. Dei som kjem ut i arbeidsmarknaden med slik kompetanse er ettertrakta. Det veit vi etter å ha hatt møter med mange rektorar på skular rundt om, seier Amdam.

Synnøve Amdam
Høgskulelektor Synnøve Amdam er del av Digital kompetanse i læring-miljøet ved Høgskulen i Volda.

Digitalisering i alle fag

Læringsverkstaden spring ut ifrå DigiGLU-prosjektet, der fem av ti høgskular og universitet som søkte fekk midlar til prosjektet. Høgskulen i Volda fekk den gong i 2017 13,6 millionar kroner til prosjektet som skulle gi grunnskulelærarstudentane ved Høgskulen i Volda ei framtidsretta og praksisnær utdanning der digital kompetanse er ein naturleg del i alle fag.

Slik har det også blitt gjennom prosjektet som avsluttast sommaren 2021, men som har gjort at ein vil halde fram med satsinga ved høgskulen.

– Vi har fått digital utvikling i alle fag i grunnskulen. Til dømes har programmering kome inn som ein del av undervisninga i musikk, kunst og handverk, naturfag og matematikk. Det digitale fokuset gjer at studentane kan ha større variasjon i undervisninga si når dei sjølve skal begynne som lærarar, og dei får eit breiare metoderepertoar, forklarar Amdam.

Ho eksemplifiserer det med at ein i norskfaget har brukt dataspelet Minecraft og i KRLE kan elevane «reise» til historiske stadar dei ikkje har moglegheit til fysisk med VR-briller.

– På den måten har alle fag funnet sitt å utvikle undervisninga med, slik at ein kan få til meir tilpassa undervisning for elevane, seier Amdam, som også fortel at dei har eigne fagdagar med digital kompetanse for grunnskulelærarstudentane, der dei får lære og teste ut ulike verktøy og metodar i Læringsverkstaden.

Les også: – Viser at høgskulen satsar på digital kompetanse

Framtidsretta

Tilbake i Læringsverkstaden sit studentane Austnes og Greftegreff og programmerer ein terning. 

– I valfaget lærer vi litt om ulike former for koding som er nyttige å lære bort til elevane i skulen. I tillegg til sjølve kodinga og programmeringa kjem også det didaktiske og korleis ein skal lære det bort. Difor er det fint å ha Læringsverkstaden der vi kan øve. Her har vi tilgang til mykje utstyr – det verkar som det blir prioritert av høgskulen, synest dei to lærarstudentane. 

Simen Egge Greftegreff
Grunnskuelærarstudent Simen Egge Greftegreff styrer ein robot i Læringsverkstaden.

Austnes og Greftegreff er nøgd med å ha valt valfaget Digital kompetanse og didaktisk medieproduksjon.

– På sikt har det vore snakk om at programmering skal inn som eit eige fag i grunnskulen. Vi er i alle fall glade for å vere oppdaterte på fagfeltet den dagen vi skal ut i jobb, konstaterer dei.

Del på