Om DigiGLU-prosjektet

DigiGLU-prosjektet har som mål å vidareutvikle den profesjonsfaglege digitale kompetansen til både lærarstudentar, tilsette i lærarutdanninga og i praksisfeltet. Prosjektet er finansiert av Kunnskapsdepartementet, og Høgskulen i Volda var ein av 5 institusjonar som fekk tilslag på prosjektet nasjonalt. Prosjektet går ut 2020.

Synnøve H. Amdam er prosjektleiar for DigiGLU. Ho er tilsett ved seksjon for Digital kompetanse i Læring, AMF. Med seg i prosjektleiinga har ho også studieleiar for GLU/MAGLU, Oddvar Aalde og EVU-koordinator Ole Frank Bakken, begge ved AHL.

Ved høgskulen har vi organisert prosjektet i følgjande delprosjekt med delprosjektansvarlege (dpa):

  1. Fagutviklingsgrupper - dpa: Synnøve H. Amdam

    • Kvart fagmiljø i grunnskulelærarutdanninga (GLU) har ei eiga utviklingsgruppe med fokus på vidareutvikling av profesjonsfagleg digital kompetanse i sitt fag både gjennom undervisningsutvikling og forsking

  2. Fagdagar og PfDK-fokus i faga og i praksis og utveksling - dpa: Oddvar Aalde

    • Fokus på samanheng og kompetansebygging i PfDK gjennom studieløpet til MAGLU

  3. FOU – Følgeforsking og aksjonsforsking - dpa: Peder Haug og Rune Krumsvik, prof. II HVO

    • Fokus på kartleggings- og utprøvingsstudier knytt til prosjektutviklinga og praksisfeltet 

  4. Nye læringsareal/Læringslab/Forskingslab/Digitalt utstyr for MAGLU - dpa: Torbjørn Frantsen og Jarle Hauge Steffenssen

    • ​​​​​​​Fokus på vidareutvikling av campus som digital lærings- og forskingsarena

  5. UH-ped: Kompetanseutvikling for høgskuletilsette - dpa: Anne Øie, studieleiar høgskulepedagogikk

    • ​​​​​​​​​​​​​​Utvikling av UH-ped-kurs i PfDK

  6. Vidareutdanningar og samarbeid med praksisfeltet - dpa: Ole Frank Bakken

    • ​​​​​​​​​​​​​​Vidareutvikling av EVU-samarbeid med praksisfeltet

  7. Kunnskapsutvikling og spreiing - dpa: Synnøve Amdam og Karin Kolås

    • ​​​​​​​​​​​​​​Fokus på vidareformidling av prosjektet gjennom nettsider, konferanser og utadretta verksemd

  8. Nynorsk-appar/læringsressursar - dpa: Hjalmar Eiksund, Senter for nynorsk i opplæringa

    • ​​​​​​​​​​​​​​Fokus på utvikling av digitale læringsressursar på nynorsk