Programmering og algoritmisk tenking i musikk

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Utdanningsdirektoratet har laga digitale kompetansepakkar som skal støtte skuleleiarar og lærarar i arbeidet med å ta i bruk nytt læreplanverk i skulen. Kompetansepakken «Musikk 1- 10 Programmering og algoritmisk tenking» er utvikla ved Høgskulen i Volda.

 – Utdanningsdirektoratet (UDIR) utfordra i 2019 universitet og høgskular til å utvikle kompetansepakkar for programmering og algoritmisk tenking i faga matematikk, naturfag, musikk og kunst og handverk. I skarp konkurranse med andre valde UDIR kompetansepakken vår innan faget musikk, seier høgskulelektor og leiar for prosjektet Torbjørn Frantsen ved Digital kompetanse i læring.

 – Vi som er knytt til fagmiljøet digital kompetanse i læring underviser i og forskar på digital kompetanse, mediekompetanse og digital didaktikk. Vi utviklar og driv studietilbod med særleg fokus på profesjonsfagleg digital kompetanse, fagfornyinga og programmering og algoritmisk tenking i skulen, seier Frantsen.

Kompetansepakken vart utvikla i eit samarbeid med førsteamanuensis Stein Helge Solstad ved Seksjon for musikk, lektor og musikar i Hustadvika kommune Jan Erik Syversen og høgskulelektor Torbjørn Frantsen.

Team

– Vi har vore eit team som har utfylt kvarandre bra, i spenningsfeltet mellom musikk og informatikk. Det er jo fagtradisjonar som møtest når musikkfaget får nye element som kanskje er assosiert med andre fag. Kompetansemessig var det difor viktig at vi som team dekka kompetanseutvikling i skulen, musikk både som skulefag og profesjon og ikkje minst programmering og algoritmisk tenking, seier Frantsen.

Tema

Pakken om musikk har tema som Algoritmisk tenking i musikk, programmering i musikkfaget, skapande og kreative prosessar med og utan programmering. Ein kanskje unik og sentral eigenskap ved musikkfaget er utøvinga og i pakken ser ein også på korleis programmering kan spele ei rolle som instrument og eigen aktør. Her har Syversen sin bakgrunn vore nyttig i tolkinga av dei nye læreplanane og ikkje minst korleis programmering praktisk kan brukast i opplæringa.

Programmering og algoritmisk tenking er synleggjort i faga på ulikt vis i Læreplanverket for Kunnskapsløftet 2020 (LK20). Elevane får ein introduksjon til sentrale konsept i programmering i matematikkfaget, men dei skal lære og bruke kompetansen i andre fag også.

– Utvide verktøykassa

– Å undervise i programmering handlar om å gje elevane fleire verktøy, utvide verktøykassa, til å løyse oppgåver og problem. Mange lærarar er usikre på korleis dei skal undervise i programmering og algoritmisk tenking i sine fag, til dømes i musikk. Vi har laga denne kompetansepakken for å hjelpe lærarane på veg, og gitt vår tolking. Det har vore stor grad av nybrotsarbeid og det vert spanande å sjå korleis pakken vert teke imot.

Like spanande vert det å sjå kva perspektiv og ny kunnskap som oppstår når musikklærarane landet over byrjar ta programmering inn i læringsarbeidet med sine elevar, det skal vi følge med på vidare og vi vil gjerne samarbeide om nokon vil gjere utviklingsarbeid på feltet. I første omgang har vi skapt rom i emnet «Programmering i skulen» for at musikklærarar kan fordjupe seg i algoritmisk tenking og programmering i sitt fag, avsluttar Frantsen.

Del på