Får konserterfaring på scena

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

I emnet «Utøving og formidling» skal studentane ved bachelorutdanninga i musikk øve seg på å arrangere musikkaktivitetar i kulturlivet, i institusjonar og i privat næring. Eit slikt tiltak er huskonsertane i konsertsalen der musikkstudentane også får vist seg fram som vokalistar og instrumentalistar.


Etter ein periode med stillstand grunna Covid-19, kunne studentane ved Bachelor i musikk invitere til huskonsert att seinvinteren 2021.  

Unplugged

Temaet for denne huskonserten var «unplugged», det vil seie at ein i størst mogeleg grad nyttar seg av akustiske instrument.

– Huskonsertane i konsertsalen i Henrik Kaarstad-huset har lange tradisjonar og er ein arena der studentane kan utvikle seg som utøvarar på hovudinstrumentet sitt, innstudere og framføre musikk som del av eit ensemble eller kor, få trening i å leie slike arrangement, marknadsføre arrangement og så vidare, seier førsteamanuensis ved musikkseksjonen Stein Helge Solstad.

Førsteamanuensis ved musikkseksjonen Stein Helge Solstad underviser.

– I samband med konserten skal studentane skrive ein rapport om førebuingane, sjølve konserten og ei evaluering, seier Solstad.

– Flinke lærarar og godt studentmiljø

Ingrid Bjerke frå Kongsvinger kom til Volda for å ta eit årsstudium i musikk, men likte seg so godt her at ho bestemte seg for å ta den treårige bachelorutdanninga.

–  Studentmiljøet i Volda er godt og lærarane her er flinke, seier ho.

Video: Einar Mortveit. Student ved PR, kommunikasjon og media.

Del på