Oppdrag

  • Thumbnail

    Nominert til innovasjonspris med HVO på laget

    Publisert

    Ulstein kommune er nominert til Kommunal- og moderniseringsdepartementets nasjonale innovasjonspris for 2019. Sentralt er samarbeidet med Høgskulen i Volda om bruk av digitale verktøy og ressursar i undervisninga.

  • Thumbnail

    Seanse feirar milliontilskot

    Publisert

    Møre og Romsdal fylkeskommune løyver 1,2 millionar kroner per år i tre år framover til Seanse, senter for kunstproduksjon ved Høgskulen i Volda. Hovudverksemda til Seanse er å støtte produksjonen av kunst for og med barn og unge. – Dette er eit stort klapp på skuldra for arbeidet vi gjer, seier senterleiar Marit Ulvund.

  • Thumbnail

    – Sterke fagmiljø blir enda sterkare saman

    Publisert

    Professor Siv M. Gamlem frå Høgskulen i Volda er leiar for forskingsprosjektet «Systematisk observasjon i pedagogisk forsking». Prosjektet er eit nettverkssamarbeid mellom fagtilsette ved Høgskulen i Volda, Universitetet i Stavanger og Høgskulen på Vestlandet. I tillegg er fagtilsette frå institusjonar i frå Finland og Danmark med.

  • Thumbnail

    500 kunstnarar på opphald hjå Seanse

    Publisert

    Seanse, senter for kunstproduksjon ved Høgskulen i Volda, har som hovudverksemd å støtte produksjonen av kunst for og med barn og unge. Nyleg kunne Seanse feire at over 500 kunstnarar har vore på kunstnaropphald i Volda sidan starten i 2004.

  • Thumbnail

    Opptak til studium med studiestart våren 2019

    Publisert

    – Høgskulen i Volda opnar no for søking til ei rekkje studietilbod med studiestart våren 2019. Dette er både heiltidsstudium, deltidsstudium og reine nettstudium innanfor ei rekkje fagområde, seier studiedirektør Gonnie Smit.

  • Thumbnail

    HVO skal vurdere støtteordningar for litteratur

    Publisert

    Ei tverrfagleg forskargruppe ved Høgskulen i Volda har fått i oppdrag frå Kulturrådet å greie ut tilskotsordningane for litteratur. Prosjektet har fått namnet «Litteraturutredningen 2019» og føremålet med utgreiinga er å bringe fram kunnskap om korleis støtteordningane for litteratur fungerer, korleis dei verkar innanfor det litterære krinsløpet og korleis dei bidreg til å nå litteraturpolitiske mål.

  • Thumbnail

    SKAL STUDERE LOKALVAL

    Publisert

    Førsteamanuensis Bjarte Folkestad ved Avdeling for samfunnsfag og historie er med i eit forskingsprosjekt om lokaldemokrati innanfor forskingsrådsprogrammet DEMOS. Det er lokalvala i 2019 og 2023 som skal undersøkast. I forskargruppa er det med forskarar frå universiteta og forskingsinstitutt i Oslo og Bergen.

  • Thumbnail

    – BEHOV FOR FLEIRE NATURGUIDAR

    Publisert

    – Det er eit stort behov for naturguidar, seier dagleg leiar i 62°NORD Knut Flakk og fagmiljøet i friluftsliv ved Høgskulen i Volda. Det ligg no an til eit samarbeid mellom 62°NORD og Høgskulen i Volda for å gjere naturguideutdanning meir kjent, auke talet på studieplassar og å utvikle reisemål i sunnmørsk natur.

  • Thumbnail

    Jobbmentor - mentorordning for flyktningar

    Publisert

    Høgskulen i Volda skal saman med Volda læringssenter og konsulentfirmaet Inclusion samarbeide om Jobbmentor, ei mentorordning for flyktningar.

  • Ny bok: Storverk om nynorsk skjønnlitteratur

    Publisert

    Professor Jan Inge Sørbø ved Høgskulen i Volda står bak Nynorsk litteraturhistorie der over 150 forfattarskapar er representerte. Sørbø skal halde foredrag om boka laurdag 26. mail på den nystarta festivalen ÅRAM PLUSS i Vanylven .