Kompetanse for kvalitet - ledige studieplassar

Tekst: Per Arne Brandal

- Oppdatert

Høgskulen i Volda opnar no for opptak til ledige plassar ved vidareutdanningar for lærarar i ordninga Kompetanse for kvalitet. – Tilboda har ikkje studieavgift, seier seniorrådgjevar Ole Frank Bakken ved Avdeling for humanistiske fag og lærarutdanning.

Kompetanse for kvalitet (KFK) er ein nasjonal strategi for vidareutdanning for lærarar og skuleleiarar fram mot 2025 då nye kompetansekrav for lærarar i grunnskulen vert gjeldande.

Bakken
Seniorrådgjevar Ole Frank Bakken.

Kompetansekrav

Frå 1. august 2025 må alle lærarar som skal undervise i engelsk, matematikk, norsk, norsk teiknspråk og samisk på barneskulen ha minimum 30 studiepoeng i desse faga.

Ungdomsskulelærarar må ha minst 60 studiepoeng for å undervise i dei same faga. For andre fag vert det på ungdomstrinnet kravd 30 relevante studiepoeng for å undervise.

Ikkje studieavgift

– Desse studietilboda vi lyser ut no har ikkje studieavgift, men som alle andre studentar lyt ein betale semesteravgift, seier Bakken som minner om at det er løpande opptak og prinsippet «første mann til mølla» som gjeld.

Sjå liste over studietilboda og søk opptak her.

 

Del på