Ny vidareutdanning i barnevern

Text: Per Arne Brandal , Photo: Foto: Marianne Mathiesen/HVL

- Oppdatert

Dette er ei vidareutdanning for dei tilsette i det kommunale barnevernet, som skal styrke dei tilsette sin kompetanse til å gjere faglege vurderingar av barnets beste i alle fasar og delar av ei barnevernssak. Studiet er organisert som eit emne på 30 studiepoeng og har oppstart hausten 2018.

Det har vore ei arbeidsgruppe på fem personar som har jobba med å utvikle studietilbodet: Tone Jørgensen og Hege Sundt frå det barnevernsfaglege miljøet ved campus Sogndal, Per Arne Rød og Inger Kristin Heggdalsvik frå campus Bergen og professor Kåre Heggen frå Høgskulen i Volda. Førsteamanuensis Tone Jørgensen leiar gruppa.

Då gruppa var samla på campus Bergen førre veke var det planlegging og oppstart av studiet som stod på agendaen.

Vi utviklar no eit meir detaljert opplegg for undervisninga, der me legg vekt på at den skal vere praksisnær og praksisrelevant for dei som jobbar i barnevernet, seier Kåre Heggen. Det er også ein del praktiske forhold som må på plass, som å planlegge rekrutteringsarbeidet fram mot søknadsfristen som er 15. mai.

Tillitserklæring

Å vinne denne konkurransen er ei viktig anerkjenning av det barnevernfaglege miljøet ved dei to høgskulane. Vidareutdanningstilbodet er ein del av regjeringa sin kompetansestrategi for det kommunale barnevernet. Det er ei tillitserklæring å få lov til å vere med å bidra til at dagens barnevernstenester får meir kunnskap til å hjelpe barn og familiar som treng det, seier medlemane av arbeidsgruppa. Vi gler oss til å sette i gang med undervisninga til hausten. Les meir om vidareutdanninga  «Vurdering av barnets beste».

Del på