Auste av sin kunnskap frå scena

Tekst:

- Oppdatert

Teater og drama-studentane fekk eit nyttig innblikk i kva som kan møte dei i arbeidskvardagen når dei tidlegare studentane, Borghild Otelie Aasebøstøl og Ørjan Steinsvik, underviste og fortalde om sine yrkesliv.

Aasebøstøl og Stensvik har begge teke bachelorgraden Teater og drama ved Høgskulen i Volda (HVO), og gjekk ut høvesvis i 2013 og 2012. No lever dei av å sette opp førestillingar og hjelpe andre med det, på frilansbasis.

Aasebøstøl har arbeidd med teatergrupper for barn, hatt instruktørjobbar, arbeidd med museumsteater- og formidling og hatt andre småoppdrag, medan Steinsvik har spelt i kortfilmar og reklamefilmar og arbeidd med å sette opp nye teaterførestillingar. No har dei slått seg saman og danna forteljarduoen «Skrål og skrammel». For tida er dei aktuelle med førestillingar som tek utgangspunkt i gamle kvenske og samiske historier, som dei synar fram i barnehagar rundt om i landet.

Må vere offensiv

Det å arbeide som frilansar kan verte aktuelt for studentane ved HVO og difor delte duoen gjerne av sine erfaringar.

– Som frilansar må ein vere aktiv og ein kan ikkje sitje stille og vente på tilbod, ein må selje seg inn som den fagpersonen ein er. Vi har ein variert arbeidskvardag, som på ingen måte ar straumlinjeforma. Kanskje må vi ete litt mykje nudlar ein månad, men vi får i alle fall drive på med det vi elskar, seier Aasebøstøl.

Steinsvik nikkar og er einig.

– Det er utrolig artig, men ikkje noko å bli rik av slik det er for oss i dag. Vi har heldigvis vennar med hytte, og kan låne av dei, smilar han.

Dei legg til at fleire av dei som dei studerte med får brukt dramapedagogikken i faste jobbar i til dømes barnehagar og skular.

Tidleg innblikk

Seksjonsleiar ved drama og teater, Hege H. Synnes, er glad for å ha gamle studentar med relevant praksis tilbake på høgskulen for å dele av sin kunnskap. Aasebøstøl og Steinsvik underviste studentane i korleis ein kan produsere eigne førestillingar, i scenekamp og hadde førestilling for studentane ein kveld. Dei såg også på korleis ein på ein god måte kan formidle fakta og historiske tekstar, som til dømes kan vere nyttig i arbeid med museum.

– Det er viktig å fortelje studentane om korleis frilanslivet er. Det å søke om pengar, økonomi og selje inn seg sjølv er greitt at studentane får eit innblikk i ganske tidleg, seier Synnes.

Ørjan Steinsvik, Borghild Otelie Aasebøstøl og Hege H. Synnes

Ørjan Steinsvik (f.v), Borghild Otelie Aasebøstøl og Hege H. Synnes.

Utviklar utdanninga

Synnes fortel at dei har lagt om bachelorgraden i Teater og drama ein del dei siste åra og at dei stadig ser etter forbetringar.

– Det er mykje som skjer hos oss for tida. Vi vil ha ein meir praktisk retta bachelorgrad no, fordi vi veit at ein del av studentane våre skal ut og jobbe frilans når dei er ferdige her. Vi har samarbeid med både Lydbokforlaget og Nordubb, og studentane har fått tilbod om jobb som innlesarar i eit nytt novelleprosjekt. I tillegg har vi suksess med eit manus-emne, som skal forberede studentane på å skape teater sjølve. Der har vi mellom anna knytt til oss den kjende dramatikaren Jesper Halle som gjesteforelesar, seier Synnes.

Førre veke hadde teater og drama-studentane besøk av stemmepedagog på det norske teateret og Nationaltheatret, Eldbjørg Longvik. Også det eit ledd i å gjere utdanninga meir praktisk retta.

Stemmepedagog Eldbjørg Longvik underviser studentar

For studieåret 2018/19 vil ein tilby emnet «Spill for kamera» for teater og drama-studentane.

– Vi trur det vil bli eit viktig tilskot. Det gir studentane viktig erfaring og kunnskap som dei kan nytte i til dømes reklameoppdrag, youtubefilmar og spelefilmar, fortel Synnes.

Del på