– Aukande interesse for lærarutdanning

Text: Per Arne Brandal , Photo: GLU-seminaret

- Oppdatert

– Behovet for kvalifiserte lærarar i Noreg er stort og vi må setje alle krefter inn for å hindre lærarmangel. Vi må tenke nytt og satse friskt, uttalte prodekan Anne Øie ved lærarutdanninga ved opninga av eit seminar om rekruttering til læraryrket tysdag 13. mars.

I ein kronikk i Sunnmørsposten den 2. mars peika professor Peder Haug at vi står framfor ein periode med lærarmangel. Etter 2021 kan nasjonen mangle 10 000 lærarar. Det er om lag 15 prosent av dei vel 68 000 lærarane som er i grunnskulen. Om lærarmangelen råkar elevane prosentvis i same storleik, får fram mot 100 000 elevar ikkje kvalifiserte lærarar.

Høgskulen i Volda ved Avdeling for humanistiske fag (AHL) og lærarutdanning og Kontor for samfunnskontakt inviterte difor skuleeigarar, skular, fylkesmannen og fylkeskommunen, noverande og tidlegare studentar, rådgjevarar med fleire til eit seminar om korleis ein kan auke rekrutteringa til læraryrket.

Målet med seminaret var å styrkje samarbeidet om rekruttering og informere om dei nye lærarutdanningane, spesielle kvalitetar ved lærarutdanningane i Volda, høgskulen og studiestaden Volda.

Dei nye lærarutdanningane

Frå 2017 er lærarutdanninga femårig og på mastergradsnivå. Grunnskulelærarutdanning 1-7 (GLU 1-7) kvalifiserer for undervisning på klassestega 1 til 7. GLU 5-10 kvalifiserer for undervisning på femte til tiande klassesteg.

– Eit viktig aspekt ved GLU 1-7 er at den gir undervisningskompetanse til og med 10. klassetrinn viss kompetansekravet i faga norsk, matematikk eller engelsk er innfridd, sa studieleiar Odd Helge Mjellem Tonheim ved ALH i si orientering.

Reduksjon av studielån

Om ein fullfører GLU 1-7, kan ein få sletta 106 000 kroner av studielånet. Føresetnadane er at ein fullfører utdanninga på normert tid og at ein har jobba som lærar i minst tre av dei første seks åra etter fullført utdanning.

Om ein fullfører GLU 5-10 og jobbar som lærar i minst tre år, kan ein få sletta 51 000 kroner av studielånet. Føresetnadane er at ein fullfører studia på normert tid og at ein har jobba som lærar i minst tre av de første seks åra etter fullført utdanning.

Lærarutdanninga i Volda – digital spydspiss

Synnøve Amdam er prosjektleiar for «digiGLU - digitalisering av grunnskulelærarutdanninga», eit prosjekt som nyleg fekk 13,6 millionar kroner til digitalisering av grunnskulelærarutdanninga.  Ho er også studiekoordinator for «Digital kompetanse i læring» ved Høgskulen i Volda.

Prosjektet skal vere med på å gi grunnskulelærarstudentane ved Høgskulen i Volda (HVO) ei framtidsretta og praksisnær utdanning der digital kunnskap er ein naturleg del i alle fag.

I prosjektet vil ein ha tett samarbeid med praksisfeltet, for å vere med på å digitalisere skulane i regionen. Dei næraste samarbeidspartnarane i prosjektstarten vil vere Volda og Ulstein kommune.

Synnøve Amdam

Synnøve Amdam.

Digital kompetanse lærarutdanningane

Teknologi påverkar alle aspekt ved kvardagen vår og har endra måten vi lærer, kommuniserer, finn informasjon og tileignar  oss kunnskap. Desse endringane vil i tida framover bli meir synlige på alle nivå i utdanningssystemet.

For å vere i stand til å utvikle grunnleggande ferdigheitene og fagkunnskap hos elevane må lærarane utvikle sin eigen profesjonsfaglige digitale kompetanse (PfDK) i lærarutdanning  og vidare gjennom profesjonell  læring og utvikling i løpet av sin yrkeskarriere. Lærarens si profesjonsfaglege digitale kompetanse har eit tosidig siktemål: Det eine handlar om profesjonsutvikling, det andre om sjølve profesjonsutøvinga.

– Utviklinga skaper nye utfordringar for læraren sine arbeidsmetodar i pedagogisk, didaktisk og administrativ samanheng, elevane si digitale danning og utvikling av deira fagkunnskapar og grunnleggande ferdigheiter, sa høgskulelektor Synnøve Amdam.

Viktig med god praksis

– Når lærarstudentane evaluerer studiet sitt, så er erfaringane frå praksisperiodane svært viktige, sa praksislærar Kari Hustadnes ved Bratteberg skule i Volda. Hustadnes og rektor Norunn Velsvik orienterte om samarbeidet med lærarutdanninga i Volda og korleis dei legg opp praksisperiodane for lærarstudentane.

Bratteberg skule

Prodekan Anne Øie takkar elevar ved Bratteberg skule, rektor Norunn Velsvik og praksislærar Kari Hustadnes.

Må satse på dei tilsette

Assisterande fylkesutdanningssjef Rune S. Opstad i Møre og Romsdal fylkeskommune representerer ein stor skuleeigar med 10000 elevar arbeidsgjevaransvar for 1500 lærarar.

– Skal vi kunne rekruttere og behalde fagfolka våre, må vi som skuleeigar vise at vi satsar på lærarane, sa Solstad som viste til korleis fylkeskommune hadde blitt meir profesjonell i marknadsføringa si og ulike planver for fagleg oppfølging av dei tilsette i dei vidaregåande skulane.

– Vi ønskjer å samarbeide tett med Høgskulen i Volda om desse tinga, sa Opstad mellom anna.

Marknadsføring av lærarutdanninga og studiebygda Volda

Høgskulen i Volda har ein omfattande kommunikasjon med potensielle søkjarar over heile landet, og arbeidet med å rekruttere til lærarutdanningane er ei prioritert oppgåve.

– Vi har satsar mykje på å vere synlege i sosiale medium, og vi brukar i stor grad studentar og tidlegare HVO-studentar i kommunikasjonstiltaka våre, seier rekrutteringsansvarleg Veronica Kvalen Pilskog ved Kontor for samfunnskontakt.

Auka interesse

– På utdanningsmessene vi har vore registrerer vi ei auka interesse for lærarutdanningane, seier Pilskog som også viser til ei gledeleg stor deling av dei mange informasjonsfilmane som er laga for Facebook og Youtube, blant anne denne med «youtubar’en» Preben Fjell. Her kan du sjå fleire videoar frå HVO.

Preben Fjell.

Nokre studentar ved lærarutdanninga i Volda har oppretta nettstaden gluvolda.no. Her finn ein nyttig informasjon om utdanningane, studiekvardagen, praksis og fritidstilbod i Volda.

– Volda er ein fin plass å vere student, og det er viktig å få fram dei mange gode kvalitetane ved Volda i kommunikasjonen med potensielle søkjarar, var oppmodinga frå lærarstudentane Synnøve Olsen Tangen og Tonje Nordrum.

Lærarutdanninga som eit sjølvrealiseringsprosjekt

Rektor ved Larsnes skule, Dag Atle Lee Eksund, la vekt på at ei lærarutdanning er eit sjølvrealiseringsprosjekt der ein kan få utteljing på mange sider ved seg sjølv i eit utfordrande, spennande og kreativt yrke.

– Vi må kjempe for å behalde dei godane vi har når det gjeld arbeidsvilkår og lønn, og skuleigar må vere offensive og vise at dei vil satse på læraren, sa han.

Dag Atle Lee Eksund.

Dag Atle Lee Eksund.

Oppsummering

I ordvekslinga mot slutten av seminaret var det fleire som ga uttrykk for at dei hadde registrert ei auka interesse for lærarutdanning blant unge. Noreg treng lærarar og med ei lærarutdanning er ein sikra jobb.

Det blir viktig å kommunisere den store satsinga på digital kompetanse lærarutdanningane i Volda. Den kan vere med på å gje utdanninga eit konkurransefortrinn.

Studiestaden Volda har mange gode kvalitetar, og Volda må få fram desse. Her er ein fantastisk natur, eit godt og inkluderande studiemiljø og god kontakt mellom studentane og lærarane.

Når lærarutdanninga no er femårig, er der eit større behov for at lærarstudentane for sine eigne lokale på campus, ein stad der ein kan styrkje og utvikle eit fagleg og sosialt fellesskap.

Mange av partane på seminaret var interesserte i å samarbeide tettare om rekruttering til læraryrket.

Dei ansvarlege for GUL-sem

Sentrale personar under seminaret: leiar Kontor for samfunnskontakt Terese Balsnes, prodekan Anne Øie, studieleiar GLU Odd Helge Mjellem Tonheim, rekrutteringsansvarleg Veronica Kvalen Pilskog, høgskulelektor Synnøve Amdam og rektor Dag Atle Lee Eksund.

Del på