Studer Idrett og friluftsliv i Volda!

   

Studer Idrett og friluftsliv i Volda! 

Høgskulen i Volda har eit fagmiljø med høg kompetanse og lang erfaring innanfor idrett og friluftsliv. Som student ved desse faga får du delta i og lære gjennom varierte aktivitetar i eit stimulerande fagleg og sosialt miljø. Du får tilgang til gode fasilitetar som idrettshall, treningsbaner, treningsrom, testlaboratorium og sjølvsagt til den praktfulle sunnmørsnaturen!

Her er eit utval av utdanningar vi tilbyr innan idrett og friluftsliv: 

Idrett og kroppsøving (bachelor)

Idrett og kroppsøving (årsstudium)

Friluftsliv og naturguide (bachelor)

Friluftsliv (årsstudium)

Tindevegleder (vidareutdanning)

Gode grunnar til å studere Idrett og friluftsliv i Volda

Naturen: Den spektakulære sunnmørsnaturen er leikegrinda di som HVO-student. Frå kvasse tindar til flotte fjordar, skog, fjære, fjell, snø, vatn og sjø - i Volda har du tilgang på alt som gjer det deilig å vere ute. 

Gode fasiliteter: Visste du at Høgskulen i Volda har eiga øy? Vi har friluftsbase på Yksnøya, der vi mellom anna lærer om båtliv og overnattar ute. Vi har sjølvsagt tilgang på hallar og utstyret som trengs for å drive med det meste av idrettar. Vi leiger også ut klatreutstyr, kajakkar og har eit av landets billegaste studentidrettslag. 

Tverrfagleg kompetanse: Mediemiljøet vårt kan bidra til meir kunnskap om film og foto i naturen, og vi har eit godt samarbeid på tvers av campus og studieretningar, som kan utvide horisonten din ytterlegare. 

Verdas beste studiemiljø: Å vere student i Volda gir deg opplevingar og vener for livet!

Dyktige og kompetente lærarar: Har vi dei blidaste og mest energiske lærarane i landet? Det kan ikkje vere langt unna. Det er ingen tvil om at gjengen vår brenn for faget sitt og å dele dette med studentane. Sjå video av Elisabeth, så skjøner du at det er eit argument i seg sjølv for å kome til Volda.