Kva skjer i Volda?
For studentane i Volda kjem høgdepunkta på rekke og rad i 2026! Sjå alt det morosame og sosiale som ventar i studiebygda her.

Foto: Sivert Brautaset | Studenthuset Rokken
Vi har samla ei liste over arrangement, festivalar og anna kjekke ting du kan gjere i Volda i 2026. I tillegg til dei som er lista opp her, er det mange mindre arrangement og aktivitetar, gjerne i regi av dei mange studentorganisasjonane som finst i Volda. Les meir om det nedst i artikkelen.
VEKA 13.–21. februar
Veka er den legendariske studentveka i Volda – to veker stappfulle av moro, kultur og minne for livet! 40-årsjubileet i 2025 markerte ei milepæl, og Veka held fram med å samle studentar og bygdefolk til ei uforgløymeleg veke. Den ikoniske studentrevyen opnar som alltid med eit smell og garanterer latterkuler i lange banar. På Rokken blir det konsertar, energiske show og underhaldning som løftar stemninga til nye høgder. Veka er rett og slett den perfekte kombinasjonen av fellesskap og opplevingar du ikkje vil gå glipp av!
X2 Festivalen 15. –19.april
X2 Festivalen fylde 20 år i 2025 – og er framleis eit av dei mest spektakulære høgdepunkta i studiebygda Volda! Når festivalen går av stabelen i 2026, kan du vere med på adrenalinfylte opplevingar eller nyte stemninga som tilskodar. Her får du alt: ekstreme sportar i verdsklasse, inspirerande foredrag frå internasjonale gjestar og konsertar med nokre av dei beste artistane Norden har å by på. Snøbrett og ski i dei ville sunnmørstindane, luftsportar, skateboard, longboard, surfing, elvepadling, yoga – og mykje meir. Dette er festivalen som kombinerer natur, kultur og action på ein måte du aldri gløymer!
Den Norske Dokumentarfilmfestivalen (DOKFILM) 30. april–3. mai
Den Norske Dokumentarfilmfestivalen vart starta i 1997 og er med det Noregs eldste og største dokumentarfilmfestival. Den trekkjer til seg dokumentarfilmskaparar frå inn- og utland. Under festivalen samlast filmskaparar, studentar og publikum og kombinasjonen av gode filmopplevingar og feststemte medstudentar er med på å gjere festivalen til ei hending ein definitivt må få med seg.
Bygdepride 2.–10. mai
Bygdepride blei den første prideparaden i distrikts-Noreg då den vart marsjert i gang i 2018 med eit folkehav i paraden og langs gatene i Volda. Det var starten på eit eventyr som også held fram i 2026. Dei siste åra har det blitt til ei veke med feiring, konsertar og fleire andre kjekke arrangement.
Les meir om arrangementet på Facebook.
17. mai
Studentane har sin eigen plass i toget under høgskulen, eller dei kan gå under andre faner i toget. Mange studentar har det veldig og sosialt på nasjonaldagen og møtes ofte til en felles frukost og har det gøy saman.
Fyrstehjelp i eksamenstida i mai
Her følger ein opp suksessen frå tidlegare år der blant anna nyttige kurs om eksamenstress, skrivehjelp, frukost og kveldsmat i kantina, ein til ein-samtalar og gode råd til bruk av kjelder vart som har vore ein braksuksess blant studentane tidlegare.
Fadderveka i august
Studieåret opnar med Fadderveka – ei veke fullspekka av ulike arrangement og aktivitetar. Fadrane gjer alt for at nye studentar skal få ein knallstart på studielivet i Volda – bli godt kjend med kvarandre og studiebygda. Her skapast mange vennskap som vennskap som vil vare livet ut.
Forskingsdagane i september
Forskingsdagane brukar å gå føre seg i september. Dei gjev kvart år eit eineståande høve til å vise fram breidda i forskinga ved høgskulen til eit variert publikum både lokalt og regionalt. Her det stor breidde i arrangementa, så følg med når programmet blir sloppe.
Fyrstehjelp i eksamenstida i november
Her følger ein opp suksessen frå tidlegare år der blant anna nyttige kurs om eksamenstress, skrivehjelp, gratis frukost, kveldsmat i kantina, ein til ein-samtalar og gode råd til bruk av kjelder vart ein braksuksess blant studentane.
Quiz, temakveldar, lydvandring….
I tillegg til dette er det utruleg med liv og røre rundt om i Volda. Pangaia gjer mykje sosialt for alle studentar i Volda med blant anna internasjonale kvelder, på Studenthuset Rokken er det full rulle året rundt med kulturell moro. Alle studentorganisasjonane i bygda er med på å komplettere dette med sine arrangement og fine påfunn.
For dei som elskar quiz er Volda staden. På Rokken er det quiz kvar onsdag – ein populær quiz som ofte blir fullteikna. På Tredet er det temakveldar, konsertar, stand up og anna moro. Brør mat og bryggeri byr på temakveldar.
Kanskje du vil oppleve Volda på ein ny måte? - Sjekk ut lydvandring!
E-sport og toppidrett
Volda er i høgste grad også ei idrettsbygd, og her er det absolutt kampar som er verdt å få med seg for den idrettsinteresserte. KFUM Volda sitt kvinnelag spelar i 1. divisjon i volleyball, Volda handball sitt kvinnelag gjer det same, begge spelar i den flotte Volda Campus Sparebank1 Arena. Volda sitt herrelag i fotball spelar i 3. divisjon, det same gjer kvinnelaget.
Er du interessert i e-sport? Volda E-sport er ein breiddeklubb som jamt og trutt arrangerer turneringar, i tillegg til treningar. Dei har mellom anna hatt turneringar i det nye mediehuset på høgskulen, der medieproduksjonsstudentar har laga mange timars livesendingar av turneringane. No er det også starta opp eige studenttilbod, følg dei på Instagram.
Hold deg oppdatert ved å følge Høgskulen i Volda på Instagram, TikTok og Facebook.
Og, berre eit lite tips til slutt, sjekk gjerne innom orstavolda.no, der finn du ei oversikt over ulike arrangement, turtips, overnatting og meir i Volda og Ørsta.





