Frå forelesing til Grønlandsisen: Volda-studentane som satsar stort
– Tryggleik, turplan, lover og reglar, snø og bre, ski og utstyrsreparasjon, opplevingsdesign. Så mykje spennande! Det er jo ein grunn til at vi kallar turen vår for «ei utvida bacheloroppgåve», seier dei fire studentane ved Høgskulen i Volda som ønskjer å krysse Grønlandsisen – heilt på eiga hand.

Volda-studentane (frå venstre) Live Skattum, Mari Brønseth, Marta Flotve og Frøya Jørgensdatter jobbar på spreng for å gjere seg klar til Grønlandseventyret. Foto: HVO / Dina Rygg Eide.
Live Skattum (24), Mari Brønseth (24), Marta Flotve (22) og Frøya Jørgensdatter (21) er alle studentar på bachelorstudiet Friluftsliv og naturguide ved Høgskulen i Volda.
Til våren håper dei å gjere noko dei fleste berre drøymer om: Dei vil gjennomføre ei 600 kilometer lang kryssing av Grønlandsisen – på eiga hand, utan hjelp frå guidefirma.
– Dette blir den lengste turen nokon av oss har gjennomført, men forhåpentlegvis starten på framtida, seier Live.
I desember får dei vite om søknaden vert godkjent og dei får løyve til å gjennomføre ekspedisjonen, og reise til Grønland. Fram til den tid, ligg fokuset på trening og førebuing.
Ein ekspedisjon med røter i Volda
Turen dei planleggjer, er inspirert av både eventyrlyst og studiekvardag. Frå vest til aust, over innlandsisen, skal dei gå i Nansen sine fotspor – med pulkar på opp mot 90 kilo. Det er kaldt, det er krevjande, og det er langt unna ei vanleg studieoppgåve.
– Vi kallar det vår «utvida bacheloroppgåve», smiler Marta. – Vi testar ut i praksis alt vi har lært om planlegging, tryggleik, navigasjon og gruppedynamikk.
Jentene trekk fram både fagleg kompetanse og studiemiljøet i Volda som avgjerande for at dei faktisk tør å satse.
– Studiet her gjev oss ei enorm tryggleik i eigne ferdigheiter, og miljøet er fullt av folk som heiar på kvarandre. Lærarane støttar oss og løftar draumen vår, fortel Frøya.

Friluftsliv som livsstil – og karriere
Alle fire har planar om å jobbe som guidar, og fleire i gruppa siktar seg inn på nettopp polarguide. For å kunne leie slike turar i framtida, må dei også ha personleg erfaring. Grønlandsekspedisjonen er derfor både ein draum og eit karrieresteg.
– For oss er dette ei investering i framtida – ikkje berre ein egotripp, forklarar Mari. – Vi vil vise at unge kvinner kan ta plass i det som framleis er eit mannsdominert yrke.
Trening med dekk og draum under armen
Planlegginga er allereie godt i gang. Dagar blir brukt på sponsorbrev, logistikk, forsikringar og kaloritabellar. Kveldar og helgar går med til styrketrening og dekkdrag – det nærmaste ein kjem å trekke pulk heime i Noreg.
– Vi får mykje gratis trening berre ved å komme oss til forelesing. Nokre av oss har til og med flytta litt lenger unna – mest for å få litt ekstra motbakke, ler Live.


Studiestad som dyrkar draumar
Kva er det med Volda som gjer at fire studentar tør å tenke så stort?
– Volda er ein stad der eventyrlyst blir tatt på alvor. Her møter du folk som vil bu i telt – ikkje nødvendigvis kjøpe hus. Det er rom for å gjere ting litt annleis, seier Mari.
– Det at vi er omgitt av både fjord, fjell og fjellvidder, gjer at du alltid har tilgang på natur. Det er som ein leikeplass for friluftsfolk, legg Marta til.


Ein bodskap til andre studentar
Med ekspedisjonen håpar dei å inspirere andre til å følge eigne draumar – enten det er på isen eller i heilt andre retningar.
– Vi vil vise at du ikkje treng vente til du er “ferdig” med studia eller har fått deg fast jobb. Ver seriøs og vaksen seinare. No er tida for å satse, seier Frøya.
– Og viktigast av alt: Du kjem ikkje til å angre på at du valde eventyret, legg ho til.
Over Grønland på ski våren 2026:
Deltakarar:
Live Skattum (24)
Mari Brønseth (24)
Marta Flotve (22)
Frøya Jørgensdatter (21)
Studentar ved bachelorstudiet Friluftsliv og naturguide, Høgskulen i Volda
Mål:
Å krysse Grønlandsisen frå vest til aust – ei reise på om lag 600 kilometer
Varigheit:
Om lag 30 dagar på isen (våren 2026)
Utstyr:
Pulkar på opptil 90 kg med mat, telt, brennstoff og sikkerheitsutstyr
Førebuingar:
- Trening med dekkdrag og styrke
- Planlegging av rute, mat og logistikk
- Søknader om støtte og sponsorar
- Risikovurdering og tryggleiksplan
Motivasjon:
Å kombinere fagleg kunnskap med praktisk erfaring – og inspirere andre til å følge draumane sine.
Oppsummering ved hjelp av Copilot